kvifor eg valde å ta huin105. her kan eg lett gå på ein smell av typen “få sparken frå jobben grunna noko eg skreiv på bloggen” (“verta kasta ut frå uni”-versjonen). nuvel. greia er at eg går på bachelorprogram i språk og informasjon, med spesialisering i tysk. sidan dette er eit program er dei fleste faga bestemt frå byrjinga av, og eitt av desse faga synte seg å vera huin102, som (- no kjem det bitre -) ikkje har noko særskilt relevans for språk og informasjonsstudentane. knapt eit touch av relevans i det heile, faktisk. unnateke tekstkoding, som nokre av oss kom borti i praktisk informasjonsarbeid. (- no sluttar det bitre – ) det er då det syner seg at nokre av mine medstudentar tok huin105 som valemne våren 08 (- me andre valte i same tidsrom å fokusera på spesialiseringsspråket sidan det strengt nok framleis fanst hol å tetta – ) og oppfatta dette som meir relevant for språk og informasjon sidan det var mykje meir praktisk enn huin102. så – då vil jo eg òg, endå eg ikkje har tid eller noko (bachelorprogrammet stiller sterkt med to obligatoriske emne i vår). men eg prøver.
og – her er grunnen til at eg ikkje deltok i undervisninga førre veke. ein noko impulsiv (studie-)tur til berlin:

helene bommar skikkeleg i sin freistnad på å lyfta brandenburger tor

odin og janne drikk verdas beste grøne chai latte på caféen med verdas suraste service

under alexanderplatz

framleis under alexanderplatz og nokre truleg utilsikta rykningar
januar 22, 2009 at 14:26
men det finst jo ikkje lidl meir.
eg kan kanskje finne det i innvandrarputikkar i oslo. eg kjem aldri til å slutta å leita.
januar 22, 2009 at 19:57
Å, U-Bahn <3
mai 25, 2009 at 07:07
[...] ned. So eg tenkte eg kunne leggja ut eit par bilete med tekst for å fortelja litt kort um turen. Andre hev jo allereide gjort [...]
mai 29, 2009 at 09:28
Hah, eg berre ELSKE at du har teke humanistisk-informatikk. Det gjer deg so attraktiv:)
desember 2, 2009 at 23:16
[...] So eg tenkte eg kunne leggja ut eit par bilete med tekst for å fortelja litt kort um turen. Andre hev jo allereide gjort [...]