kvifor er du her?
eg får så veldig mange besøk frå huin105-bloggen. eg lurar på kvifor. så sei det. har nerdebloggen blitt blogganalyseprosjekt etter at eg måtte droppa emnet eller noko slikt? og bør eg i så tilfelle skjerpa meg for at bloggen skal innfri som analyseobjekt?
for all del. eg likar masse besøk. eg likar dei som kjem utan grunn òg. hald fram med det.
(viss ingen svarar må eg skriva dette på engelsk av omsyn til dei framandspråklege besøka, og slik språkskjending vil de ikkje oppleva, tru meg.)
mars 5, 2009 at 12:20
De har nok bare oppdaget hvor gjild og morrosam bloggen din er! Men det er litt kjedelig at ingen legger igjen kommentarer. Det gjør de ikke hos meg heller. Men så er de ikke spesielt snakkesalige i klassen/på forelesningene heller. Noen ganger er det så stille at du kan høre en knappenål falle. Og etter en stund har alle glemt spørsmålet….
mars 5, 2009 at 12:38
i eit paranoid augneblikk tidlegare i veka var eg garantert viss på at bloggen min var utsett for analyse eller noko – men det gjekk fort over. dei kommenterar sikkert ikkje fordi det er dritskummelt i byrjinga. det tok tid å koma over den kneika, altså. men etter eg innsåg effekten det har på min eigen besøksstatistikk, vart det ganske motiverande!