sidan eg har skrive oppgåve i heile dag har eg sjølvsagt vore ein del på nettet. pausar, sant. mellom anna har eg vore innom nokre kommentarfelt. diverre kom eg til å verta litt engasjert i ein diskusjon som gjekk føre seg i eitt av desse kommentarfelta. (i ein særs svak augneblink, sjølvsagt. eg driv jo ikkje med usaklege kommentarfeltdiskusjonar.)
det dreier seg her om eit noko pubertalt og ureflektert blogginnlegg som set fram nokre grove feiloppfatningar om homofili og nynorsk. som vaksen og noko meir reflektert – samt framtidig norsklærar – såg eg meg nøydd til å iallefall nett forklara korleis tilhøva eigentleg ser ut. det var det fleire andre som såg seg nøydde til òg. diskusjonen utvikla seg til å verta så sakleg som ein kan venta av ungdommen (~ 15-18 år), men sjølvsagt. dei finst her òg. kommentarfeltskjendarane:
det som tar kaka er at våre utgreiande kommentarar var ganske lange, trur eg. resten av kommentaren talar for seg. eg veit ikkje heilt om dette også var eit smårips – det var ein anonym kommentar – men eg håpar verkeleg det ikkje er eit vakse menneske som står bak. eg gidd ikkje gå inn på argumentasjonen (unntatt nett dette: eit menneske som kjem frå “ingensteds i norge” er jo truleg utanlending, og utlendingar er det jo ganske mange som slit litt med å forstå, sidan dei ikkje snakkar norsk.), men språket har eg eitt og anna å seia om. kommentaren syner nemleg tydelege teikn på det fenomenet som for tida spreier seg raskt på nettet: dette at bokmålet er i ferd med å faile seg i hel. sei meg, er det ingen bokmålsklassar som lærer rettskriving lengre? skal ein først til å slengja skit om nynorsk, får ein for fanden sjå til å ha sitt eige språk på stell først. det tar seg ikkje ut å kalla nynorsk for eit skabbe-språk når ein skabbar til sitt eige språk med skjendig feilbruk av og/å-regelen i same kommentar! for kommentarskrivaren sin del vonar eg han/ho (eg gissar han, diverre. fordomsfull som eg er no i kveldinga) har nokre år att i skulen.
april 2, 2009 at 14:28
sv: “sånn” betyr at eg var absolutt heilt fjern, meir høglydt enn vanlig og ganske gestikulerane. blæ.
april 17, 2009 at 15:51
Eigentleg burde vi analysert denne teksten. Setningsoppbyggjinga, her til dømes “jaja, tar jo rimelig kaka det her. men homofili er jo en måte og faile livet på da !”, syg jo heilt grusomt.
homofili er ein måte.
faile livet på da.
april 17, 2009 at 16:21
jepps. som eg påpeikar nedst; med så mange fjortisar på nett vil bokmålet faile seg i grava innan kort tid.
er den på stell no?
:“(STOR FØREBOKSTAV?)jaja, tar jo rimelig kaka detTE her KOMMA men homofili er jo en måte Å faile livet på da(FOR LANGT MELLOMROM) !”
april 17, 2009 at 16:23
når du set det opp slik som ovanfor her, ser det ut som dei maskinomsetjingane eg skal arbeida med no. (der programmet til dømes berre tek med hjelpeverba, samt omset “nok” til “NOK” – norske kroner.)