det er mogeleg me har lært å ikkje nytta fotnotar når me omset, fordi teksten då ‘avslører’ at den er ei omsetjing. i tillegg peikar gjerne fotnoten på noko som omsetjaren ikkje har fått til, grunna skilnadar mellom språka. det er jo kan henda litt pinsamt. det er mogeleg at eg veit alt dette, og likevel e l s k a r alle fotnotar eg finn i dei litt eldre bøkene mine. (då det ikkje vart tatt for gitt at folk kunne engelsk og fransk. nokre av oss treng rett nok framleis fotnotar i høve fransk.)
me vil ha fotnotane attende! sjå på dette praktdømet:

og – for å visa at eg er klar over at det er påske:

april 8, 2009 at 14:30
eg kan ikkje la vere å fortelle om 16-åringen si eitalsform av “fotnoter”, nemleg fotNØTTER. for meir om dette; les i bloggen min.
april 8, 2009 at 17:53
Gild bok, Ida! Særs gild bok!!