eg har merka meg at mange nyttar spalteplass på *bloggar og diskusjonsforum til å hata nynorsk. voldsomt. dei hatar det opp og i mente, og oftast på eit slags kvasi-bokmål dei har funne opp sjølve:
«når i *****e har man bruk for og snakke nynorsk!!!»
«Det er sånn steinalder språk, nesten ingen bruker.»
«vi er to vi jenter som nettop har begynt me d nynorsk, og det er DRIDT kjedelig.»
«sorry as men fikser ikke nynorsk lol
»
«Nå sitter jeg her, med nynorsk leske, og kjeder livet av meg [...] det er ikke noe poeng i å tvinge oss til å sitte og skrive noe nynorsk, og la dèt trekke ned karakteren i norsk!»
«jeg er lei nynorsk. det er et drittspråk, no offense til dere som skriver det altså, men jeg er ikke noe big fan av ivar aasen,»
«Nynorsk må være et av de mest ubrukeligste fagene på den norsken skole»
«Ny norsk er sugent! Hvorfor i H***** må vi lære det??»
«Dessuten så er nynorsk en stygg dialekt.»
«Men nynorsk er isåfall like mye uforståelig som å høre på en som snakker gaelisk (skikkelig stygt skotsk-lignende språk (ex: water utales: watrr…..stygt hva??
Og alle er enige (isåfall de som ikke snakker nynorsk)»
kjelder er ikkje oppgjevne grunna personvern.
språklege fellesnemnarar i slike innlegg er gjerne særskriving, skrøpeleg teiknsetjing og skitne brot på og/å-reglar. fellesnemnarar i meiningsinnhald går gjerne på at nynorsk er vanskeleg, keisamt, ubrukeleg, ei stygg dialekt og ei teit oppfinning. det er også gjennomgåande semje om at dei som snakkar nynorsk sjølvsagt må få lov til det. men alle som snakkar bokmål bør få sleppa, for dei får jo ikkje bruk for det likevel. fyrste innvending: me snakkar ikkje skriftspråk i noreg. me snakkar dialektar/sosiolektar. det finst ikkje ei dialekt som heiter nynorsk. det finst ikkje ei dialekt som heiter bokmål. det finst dialektar der ordval og endingar ligg meir eller mindre tett opp til det ein finn i desse to skriftspråka, men nynorskdialekta ungdommen nemner, og går til åtak på i argumentasjonen sin, finst ikkje.
fellesnemnaren «nynorsk er så vanskelig og jeg får så dårlig snitt fordi jeg må lære det, derfor burde ikke nynorsk være obligatorisk i skolen» må eg også seia nokre ord om. matte er også eit vanskeleg fag, for mange vel så vanskeleg som nynorsk, om ikkje verre. i ein kvardag der ein har kalkulator på mobilen og slikt, kan det også reknast for å vera omlag like ubrukeleg som nynorsk. ein treng jo ikkje å kunna rekna ut ting på papir eller i hovudet lenger. men, sjølv om matte er vanskeleg, så vil ein jo ikkje ha dårleg karaktersnitt fordi ein ikkje får det til. kva gjer ein? jau, anten syt og klagar og argumenterer litt vaklande for at faget burde verta tatt ut av norsk skule fordi ein står i fare for å få eit sugent vitnemål utelukkande grunna dette eine faget. eller så tek ein seg seriøst saman og arbeidar med faget. kvifor er det heilt greitt å bruka nokre ekstra leksetimar for å betra ein slakjen mattekarakter, medan det er heilt utenkjeleg å gjera det same for å betra nynorskkarakteren? når eit skulefag er vanskeleg er det berre å skjerpa innsatsen som hjelper, dette er då noko ein lærer allereie i barnehagen! («umogeleg tyder berre at det tek litt lenger tid», som naturfaglæraren på ungdomsskulen pleidde å seia.)
skjerp dykk, de har berre vondt i vilja («Nynorsk er det værste jeg vet om. jeg kan det ikke bra, og vil ikke kunne det bra.»). heldigvis er viljevondt lett å kurera; endra innstillinga dykkar, ungdom! tenk på nynorsk som eit språk som skal lærast på lik line som engelsk eller fransk. på same måte som ein lærar engelsk eller fransk. kom engelskkunnskapen sigande inn av seg sjølv, kanskje? truleg måtte de lesa mange engelske tekstar, pugga ein del grammatiske reglar, prøva å laga eigne setningar og til slutt tekstar, og til slutt bruka språket utanfor andre område enn det tradisjonelle skulearbeidet. og – hald dykk fast – dette fungerer i høve nynorsk òg. de kan starta forsiktig, gugla litt med nynorske ord til dømes. kanskje de finn noko kjekt de aldri ville funne i eit søk på korkje bokmål eller engelsk!
*fjortis-
juni 14, 2009 at 16:18
Les under “Kritisk til Unge Høgre”: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10197,10201,10202&id=1208
juni 14, 2009 at 16:34
det var fint
no gler eg meg til å bli ein av dei betre lærarane (nemnde på slutten av artikkelen) som skal verta utdanna.
juni 14, 2009 at 21:38
Sv: Ja, om ein ser på kva lesarane vil (http://poll.pollcode.com/NNn_result?v), trur eg det held fram på blogg.no.
Eg lovar de alle eit artig design og mykje artig innhald, med langt lågare homo-faktor!
juni 19, 2009 at 07:06
Gratulerer med flotte resultater Ida! Imponert!
Hva venter nå?
juni 19, 2009 at 11:26
no vert det eit år med nordisk dersom alt går etter planen! gler meg til det! så har eg ein plan om å koma inn på pedagogikk…og så kanskje master etter det. mange år att på HF
juni 23, 2009 at 18:50
Wow, ignoransen nådde verkeleg lavmål i den kommentaren om gaelisk… Som eg for øvrig tykkjer er eit vakkert språk.
Du argumenterar veldig bra, og har gode poeng (spesielt angåande “dialekta nynorsk”). Personleg meinar eg at sidemål burde vere valfritt, av den enkle grunn at nynorskopplæringa på austlandet er veldig dårleg. Ikkje alle elevar er i stand til å lære seg målforma sjølv, og blir offer for mangelfull undervisning. Eg håpar framtidas lærarar blir bedre på dette, slik at eg kan revurdere meininga mi.
PS: Vel overstått eksamensperiode! Gjekk det bra?
juni 25, 2009 at 18:42
eksamen gjekk over all forventning, særleg den i nordisk. så no gler eg meg til eit år med det (heilt nede på 100-nivå att. dette vert herleg)!
valfritt sidemål er i utgangspunktet ein god idé, for det verkar jo som om det berre er dei som faktisk vil læra nynorsk som lærar det godt nok. (difor dette “vondt i vilja”-argumentet) og det er jo tragisk at resten hatar det. det ville kanskje vore greiast om dei som faktisk ville læra det fekk høve til det, og resten slapp, slik sett.
MEN eg er redd austlands-undervisninga kan verta endå verre om sidemål vert valfritt. (for nynorskområda skal det alltids gå bra, sidan bokmålet dominerar overalt likevel) at det kanskje ikkje vert noko tilbod i det heile. kanskje nynorsk vert valfritt på høgre nivå òg, som til dømes i lærarutdanninga ved høgskular og universitet. og då vert det kanskje slik som stoda no er for framandspråk enkelte stader; at skulen ikkje kan gje undervisning faget fordi ingen utdannar seg til lærarar i faget lengre, eller fordi skulen ikkje har ressursar til å tilsetja lærar i faget.
heldigvis skal eg redda både nynorsk- og tyskundervisninga! …diverre vil eg vera på vestlandet der ingen treng meg, iallefall ikkje i høve nynorsken…fanden. eg trur eg lyt tvinga meg sjølv til litt pedagogisk utveksling på austlandet!
juli 10, 2009 at 11:20
tjohei fröken I!
du må ikkje skrive “argumenterar” eller “lærar” når det er verb i presens! kvifor? fordi verb som ender på -te eller -de i preteritum skal ha endinga -er i notidsforma. berre verb som får endinga -a i preteritum, får -ar i presens!
ein skriv ikkje “i går argumentera og læra og presentera og fakturera og multiplisera eg særs masse” – det skal vere argumenterte, lærte, presenterte, fakturerte, multipliserte – og difor skal alle ha endinga -er i presens.
når det gjeld verba “å klaga” og “å lika”, til dømes, samt ein del andre verb, kan ein skrive både “klager”/”liker” og “klagar”/”likar”, for det går an med både “i går klaga og lika eg” og “i går klagde og likte eg”.
så har eg sagt det. det er det einaste eg kan sjå at du bommar på iblant. det er IMEDELS særs mange nynorskbrukarar som bommar på akkurat det der.
her er ein kjekk tabell: http://www.nynorsksenteret.no/kurs/42.shtml
eg kosar meg slik med bloggen din! og saknar deg inst. driv og samlar saman ting som truleg kjem til deg i posten om halvstutt tid. har dig kär! vonar sumaren din er akkurat passe ljos og varm <3
juli 10, 2009 at 12:32
takk ane!!
eg skal retta opp i dette innlegget, og skjerpa meg framover. det har seg slik at eg slit intenst med å konsekvent nytta anten -a eller -e i infinitiv (det er uventa høg tolerans for blanda infinitivendingar i humaniora, skal eg seia deg. aldri blitt retta på slikt.). det er nok overfokusering på å laga skaplege a-endingar som er skuld i desse feila du peikar på. greitt å få litt reglar på det, lenge sidan eg lærte slikt veit du, og no skal eg jo snart ta nordisk…då bør det vera på stell!
eg har heile livet også enda verb med -ast, utan hjelpeverb. det er styggedom. men dette trur eg eg fann døme på i stilane frå vidaregåande, UTAN retting. det skal ikkje vera for lett heller.
du, det finst sikkert folk som seier “i går argumentera eg særs mykje”. til dømes på voss. jaggu. det er kanskje dialekta som har skulda! så mykje for “skriv slik du snakkar”-oppmodingar! det er òg styggedom.
nei, eg skal skjerpa meg.
kjekt at du kosar deg med bloggen! eg saknar deg òg. det er rart med ein sumar utan turistanekdotar frå flesland og portvining..
KRAM