- den gildaste delen av stadnamnsarbeidet. i merknadsfeltet står det noko utfyllande om stadnamnet. dette er ofte til hjelp når namnet skal plasserast og det ikkje kjem fram av sjølve namnet om det er namn på elva, haugen eller bakken bortom (slikt kan jo liggja nært på eit kart). ofte fortel merknadane opphavet til namnet. dette er god underhaldning. ofte er merknadane berre heilt på syre. dette er også god underhaldning. eg har sjølvsagt samla dei eg likar best:
(eg har ikkje lese korrektur på merknadane)
fæle:
“Opphenjarholte” – dei gamle seier at ein sau hengde seg der
“Dreparmyra” – mange dyr gjekk uti her og drap seg
“Grimliæ” – dei vaksne skremde borna med at der budde GRIMMEN, en fantasifigur
hyggjelege:
samlingsstad for karane for ein sundag føremiddagsprat
danseplass for kalvar når dei kom h[eim] (gissar på slutten då dette ikkje kom med på utskrifta)
på syre:
steinut og ofte vassjuk ås
kane kan bety snutt, noko framståande
“Fadderstein” – dei døypte ein unge her og brukte steinen som fadder
“Kjerring” – Kjerring er eit skjær som ligger dumt til
fint formulert:
etterturk av høy på Løbakken dersom veret laga seg
her var lagleg å sitja å kvila
greitt å vita:
stor fin fura vaks her (har ikkje noko med namnet å gjera)
overraskande:
her holdt sjørøverene til og seilte til Lurefjorden og røva skip (shit, på RADØY?!)
til ingrid:
“Rabbhaugen” – der var bustad til dei fleste på Mjøs i gamle dagar
juni 23, 2009 at 19:59
kan sau og andre dyr verkeleg vere suicidale? og kan kalvar danse?
eg vil elles bemerke at dersom ein må bruke ein stein som fadder har ein så store sosiale problem at ein lyt vurdere å vente med å døype ungen. ser for meg steinen halde tale i konfirmasjonen…
du har ein artig jobb!
juni 25, 2009 at 16:53
eg trur dei vart vêrfaste på veg til kyrkjes og laut døypa ungen i all hast før dei måtte heim att og få inn høyet. grunna det idle vêret. dei hadde jo ikkje så mykje fritid i gamledagar. det stod sikkert i kommentarfeltet det òg.
eg trur ein kan referera til dei toskute sprella som kalvar gjer når dei har funne ut at det er kjekt å vera ute, som dans. men at ein treng ein spesiell plass for slikt, var nytt for meg!
juni 26, 2009 at 10:14
Haha, jeg liker det. Eller, eg likar det. Ting er ikke alltid like lett.
juni 26, 2009 at 15:29
ja, det er herleg! særleg når det vert så lokalt og internt som med den fine fura…
“Sunnebukta” – “Her spelte dei kort ( = synd)”