med von om at det skal verta allmennkunnskap att:
å/og:
“å” er infinitivsmerkje. det betyr at “å” kan stå framføre eit verb i infinitiv. å nytta “å” i oppramsingar og samanbinding er berre tyl. meir utførlege forklaringar her, her og her. potensielt heftig diskusjon om emnet her.
samansette ord:
dersom ordet vert sagt som eitt ord, skal ordet truleg skrivast som eitt ord. sjølv om ordet er laga av fleire ord. prøv høgt eller lågt eller inne i hovudet i tvilstilfelle. lengre og truleg betre forklart her, og sånn på midten her. klassisk dagbladet-diskusjon (“dagbladetdiskusjon”? innspel her?) om emnet etter denne artikkelen.
dersom nokon kjenner til bindestreks- vs. samanskrivingsreglane, ville det vore stor stas for nettnerden å få tak i desse. jfr. parantes i førre avsnitt.
skikk og bruk på gang- og sykkelvegen:
(alltid like aktuelt i bergen)
gå på den sida som hjartet ditt er på. for dei aller fleste er dette venstre. det mindretalet som har hjartet på høgre side må innretta seg etter fleirtalet og gå til venstre dei òg.
kvar ein eigentleg skal sykla på gang- og sykkelvegen er litt uvisst. men dersom alle gjekk til venste ville det vore plass for syklistane i midten. kring danmarksplass er det måla opp vegar for syklistane, eg oppmodar alle som er usikre til å sykla eller gå seg ein tur dit. dersom rettesnorene på danmarksplass er riktige (det er jo bergen. det er jo ingen som kan trafikkreglar her. det må takast med ei klype salt.) skal ein sykla til høgre. altså til høgre i midten med dei gåande som kjem i motsett retning ytst på høgre sida. illustrasjon:

dersom alle oppførte seg slik ville verda blitt ein betre stad. iallefall ferda til og frå jobb. og dersom folk i tillegg slutta å gå fem i breidda og ignorera sykkelbjølla* kunne det jo henda at messias vurderar å ta turen nedom igjen.
*i går var eg ute for fem tyskarar som gjorde nett dette. dvs., det var berre ein som køyrde aktiv bjølleignorering, dei andre var truleg tunghøyrde. men denne eine; tre gonger snudde han seg, men han laga ikkje plass, og han bad ikkje dei andre om å gjera det heller. så eg måtte gå av sykkelen, og snika meg forbi på sida av tyskarane. då heldt eg på å seia noko stygt på deira eige språk, sidan eg faktisk er i stand til det. angrar framleis litt på at eg ikkje gjorde det.
juni 25, 2009 at 20:14
eg trur at du og ho andre kan utgi ei bok eller to. samlaget er sikkert villeg til å utgje ho!
juni 25, 2009 at 20:28
ja du seier noko…no når me har betalt vel mykje i straum eit heilt år og alt. ei bok kunne jo spedd på litt, kan henda. men då må me laga ein bestseljar, og eg veit ikkje om skikk og bruk er så veldig i vinden om dagen. det verkar ikkje slik.