tilværet i 30 gradar pluss (innandørs i skuggen) kjem seg voldsomt om det vert kombinert med skotsk krim teksta på nynorsk. (og ja; med eit snøgt innslag av sekkjepipe og kilt.) den skotske dialekta er sjølvsagt det heitaste, men lèt seg ikkje transkribera så lett. heldigvis gjer nynorsktekstinga ein sterk innsats*:
“eg skal halde utkik, klokka eitt”
“kanskje eg er synsk, guten min”
“levande blomar har krav på respekt”
“eg ville ikkje støyte på dykk”
“vi er for unge til å døy”
“han var heilt frå seg av otte”
“her kjem guten”
“dette er berre tull”
“to drap tel meir enn ryet ditt”
“ho skulle møte einkvan”
“eg gjev meg ikkje før eg veit korleis du bar deg åt”
“det er mi skuld at ho har drepe på nytt”
*for skotsk er jo sogning på engelsk, sant?
juli 3, 2009 at 22:24
Ja, det har eg faktisk ikkje tenkt på før… men ja, skotsk og sogning har ein del fellestrekk.
juli 4, 2009 at 17:56
særleg den heite rulle-r-en. og kanskje litt diftongar? (ein kombinasjon som ofte vert referert til som “grautmål” i nedsettjande ordelag)
juli 5, 2009 at 18:49
jeg elsker postkortene! de var helt nyydelige
takk igjen!
fine sigaretter er vel strengt tatt lettest å finne i syden-land. Selv har jeg ikke kommet over noen her til lands. Men har spart en del fra Croatia-tur. Blant annet noen med leopardmønstret filter og noen veldig fine rosa, med blomster på
august 4, 2009 at 13:04
[...] august 4, 2009 meir nynorsk i fjernsynet! Posted by ida under fint, fjas og ymse, nynorsk | Merkelappar: lukke, nynorsk | Leave a Comment du saknar fjernsynsseriar og filmar teksta på nynorsk, seier du? sjekk ut den sjarmerande føremiddagsserien “kamp i kulissene” (”the game”) på tv2 zebra! høver fint om du har ferie i skitvêr, skulkar skulen eller av andre grunnar ikkje har betre ting å gjera klokka 13:30. serien provar at nynorsk tekst høver vel så bra saman med farga amerikanarar, som med bleike skotske etterforskarar: [...]