du saknar fjernsynsseriar og filmar teksta på nynorsk, seier du? sjekk ut den sjarmerande føremiddagsserien “kamp i kulissene” (“the game”) på tv2 zebra! høver fint om du har ferie i skitvêr, skulkar skulen eller av andre grunnar ikkje har betre ting å gjera klokka 13:30. serien provar at nynorsk tekst høver vel så bra saman med farga amerikanarar, som med bleike skotske etterforskarar:





eg har ikkje fulgt med, så eg anar ikkje kva den handlar om, men den er no i alle fall ikkje dårlegare enn liknande seriar. det skal nemnast at tekstinga rett etter bilete tre gjekk på ein klassisk “me sjåast”-smell, men det gjer me jo alle. (det heiter “me sest”)
august 4, 2009 at 13:08
eit anna heitt tips er NRK3. dei tekstar det meste på nynorsk, og viser i tillegg kvalitetsfilmar og -seriar:)
august 4, 2009 at 21:05
wow! takk for tipset! endå eg aldri har tvila på nrk, dei er særs gode på slikt. og det var nrk3 som synte det som vart min favorittfilm über alles (“die fetten jahre sind vorbei”). eg meiner at den hadde nynorsk tekst òg, endå det eigentleg er særs lite prat i den filmen. men ååå kor fin!
faktisk trudde eg serien i innlegget gjekk på nrk3… ei særs positiv overrasking frå tv2 der!
august 5, 2009 at 06:30
Heiter det verkeleg ikkje “me sjåast”? Då har eg lært noko nytt i dag òg.
Sv: Vengeklipping høyres ganske så brutalt ut, men det er ikkje det. Ein berre klipper av dei lange “flygefjæra” på vingene. Så ikkje noko blod nei, det er vel omtrent som når vi klipper håret. Berre at fjæra er vanskelegare å klippe i – tru meg, eg holdt saksa.
august 5, 2009 at 10:46
eg lærte ikkje “sest” før eg vart målungdom og fekk det retta. det er fordi ordet vert danna av presensforma og ikkje infinitivforma, eigentleg heilt naturleg: me ser – sest. jfr: “me sjå”?
august 7, 2009 at 20:52
Eg høyrer deg, vesle jente!
Eg høyrer deg!
Kven kallar du hurpe, krølltopp?
Fnis.
august 7, 2009 at 23:34
“Du veit han er i ulage”
Det er aldeles fantastisk. Eg likar særleg godt at det er “me”-nynorsk. Det ser ein ikkje så ofte.
august 10, 2009 at 12:35
eg høyrer deg, vesle jente vs jeg hører deg, lille jente. nynorsk – bokmål 1-0.
august 10, 2009 at 13:56