eg plar så ofte som råd å trekkja fram at austnorske dialektar bryt med allmenne språknormer, fordi tonefallet deira går opp i slutten av alle ytringar (me andre gjer det i spørsmål). når eg ytrar meg om dette emnet plar eg å referera litt vagt til “ei pensumbok eg hadde på innføringsemne”. i dag fann eg ut at det var på høg tid å kontrollera fakta, for å få visse i at eg ikkje berre fer (og lenge har fare) med tyl og fantaskap. her kjem provet mitt, henta frå side 105 i kolbjørn slethei si ( – lilla og ljosturkise – ) “grunnbok i fonetikk for språkstudenter“:
(eg rekonstruerer markeringstusjinga mi med rosa farge på det eg fann for godt å utheva den gong då.)
Intonasjon
Alle språk som er beskrevet, har systematisk variasjon i grunntonefrekvensen i løpet av en ytring. Det er all grunn til å tro at det er et generelt trekk, og at en ikke vil finne noe språk som ikke har en slik systematisk variasjon. Det er trolig et enkelt fysiologisk grunnlag for denne variasjonen: I begynnelsen av en ytring har vi mer luft i lungene enn ved slutten av samme ytringen. Selv om vi bruker en del muskelarbeid på å regulere denne luftmengden slik at vi ikke får en tilsvarende stor forskjell i lufttrykk under glottis, er det trolig ulikheten i luftmengde og lufttrykk som er årsaken til at de fleste språk ha en fallende tone over ytringen etterhvert som tiden går. (Østnorske dialekter er unntak fra denne hovedregelen.)
åhå! prov for språkleg artifakta som kan og bør nyttast i alle høvelege situasjonar! (“glottis” er eit såpass ekkelt omgrep at eg ikkje orkar å forklara det nett no. det kan de gugla ved intens trong. det er noko nedi halsen din, men du vil verkeleg ikkje ha innsyn i desse greiene om du ikkje er aldeles nøydd.)
september 22, 2009 at 19:33
Sidan eg for tida er nedgravd i evolusjonslære, må eg spørje meg om ikkje austlendingane har utvikla større lungekapasitet enn oss, for å klare å heve tonefallet på slutten av ei ytring.
(Orsak, men bloggen din oppfordrar til nerding.
)
september 22, 2009 at 21:35
ja, slik må det vera! interessant teori
september 23, 2009 at 23:16
Kanskje alt det ekstra oksygenet er grunnen til at austlendingar alltid høyres så glade ut. (Syns iallfall eg.)
Og, ja, kom ut av skapet! Muse er jo fantastiske.
oktober 11, 2009 at 20:13
Takk for nydelig kommentar på bloggen min, den varmet veldig!
Haha, morsomt om østlendinger! Jeg er fra Tønsberg, hehe.
Ser du leser litt tysk? Åhh, jeg elsker tysk, det er et så arti språk!
oktober 12, 2009 at 09:16
eg syns det var så kult at folk på austlandet har greidd å laga seg eit tonefall som eigentleg skal vera fysisk umogeleg. det er jo imponerande!
har hatt tysk tre semester og satsar på mastergrad etter kvart! møter ikkje så mange som har forståing for fascinasjonen min.. (dei fleste har traumatiske minne frå ungdomsskulen.) kjekt at fleire likar tysk òg