Etter ei utferd til sørlegare strok (Kvinnherad), nytta eg fredagskvelden saman med lokallektyre frå desse eksotiske traktene. Nærare bestemt er her tale om lokalavisene “Grenda” og “Kvinnheringen”. To krunedøme (kroneksempel) på sjangeren, skal det skjott syna seg, men fyrst nokre harde fakta om avisene, så grunnen er lagt for vidare lesnad:
Grenda
Bladstyret held til: Rosendal
Hovudsak: Mann sel protesar
Eigentleg hovudsak: Seks menn baker potetkaker
Utførleg sak om vêret som var: Ja (2 sider)
Humor og ironi: Ja, men uvisst om det siste er medvite.
Kvinnheringen
Bladstyret held til: Husnes
Hovudsak: Noko styr med helsevesenet
Eigentleg hovudsak: Grundig oversyn over kva for engelsk fotballag rosendølane held med
Utførleg sak om vêret som var: Ja (1 side)
Humor og ironi: Ja, men uvisst om det siste er medvite.
Hovudsaka
Grenda-saka om den utflytte proteseseljaren dreiar, til lokalavis å vera, overraskande fort vekk frå skildringa av korleis protesekaren fekk foten kvesta og over til langt viktigare: har han halde på dialekten, etter at han flytte til by’n?
Då Grenda kjem på besøk, sit han i telefonen med ein forretningskontakt. Eit og anna “uke” og “hær” og ”dær” snik seg inn, men elles snakkar han forbausande bra kvinnhersk. - Beklagar, eg knotar litt, men så var det i tillegg ein austlending eg prata med, unnskylder han seg.
Få minutt seinare ringer ein ny kunde. Denne gong er Jørn plettfri, og seier til og med ”veke”.
Med denne språklege sjarmoffensiven innynder avisa seg hjå nettnerden, men alas, vad sker der saa? Jau: “Foten min var nesten heilt avriven, den hang berre å dingla” og “Han behaldt lårbeinet, men mista det som var under”. Kor skal Grenda berga seg ut or dette fæslege uføret? (For uinnvidde syner “dette fæslege uføret” til forvirring om og/å og eit svært bokmålsnært og endåtil skjenda verb) Dette skal me rimelegvis sjå på etter at hovudsaka i Kvinnheringen er nemnd uforsvarleg kort og dinest oversedd: Ho handlar om at 15 årsverk skal sparast inn samstundes som fem nye sengeplassar skal koma til. Skjerpings, kommune-Noreg.
Notisar i mergen
Sidan hovudsaka i Kvinnheringen er overlag seriøs og difor lite underhaldande, dreg blikket seg heller snøgt ut til venstremergen, kor me finn overskriftene “Festbråk”, “Høge smell”, “Mykje småslåsting” og “Pissa på minibanken”. Alt dette finn stad i Husnes. (Til liks med resten av stoffet i avisa, berre unnateke saka om kva fotballag rosendølane held med.) “Høge smell” er, som det går fram av overskrifta, eit perfekt føredøme på mergnotis, sjølve bærebjelken i lokaljournalistikken:
Høge smell
HUSNES: – Den siste tida har det kome fleire klagar frå folk i Stølshaugvegen på Husnes, som på nattetid har høyrt høge smell. - Vi veit ikkje kva dette er, men vil ha tips om observasjonar på dette, slik at vi kan få slutt på tullet. Det er plagsamt om folk skal bli vekte på denne måten, seier lensmann Jan Fosse.
Dei veit ikkje kva det er, og lensmannen er sitert. Det er så vakkert.
Vêret
Grenda har ikkje mergnotisar, diverre for dei (og meg), Grenda har ikkje ein gong nokon merg. Til gjengjeld har denne avisa ein dramatisk to siders biletserie om vegar og ymist anna som regnet har øydelagt. Alle bilete i fargar, og med nokonlunde objektive biletkommentarar til: “Vassmengda som hopa seg opp ved avkøyringa til Seimshagen var i grenseland til uanstendig. Og vanskeleg å køyra rundt”. I Kvinnheringen er vatnet noko tammare, her renn det berre “lysteleg over hovudvegen på tre stader” og har laga “eit stort dike på bakkane og ei stor pøyse i vegbanen”. Korleis ei stor pøyse i vegbanen ikkje kvalifiserte til si eiga heilside åleine, er for meg ei gåte. Kvar er dramatikken? Jau, i saka om det som kunne ha skjedd, men ikkje hende. Her: vegen som kunne ha rast ut. Illustrert med kona til han det gjaldt, som peikar på staden ulukka kunne vore ute.
Kvinnheringen har ikkje spandert fargar på uvêret som var, men uvêret som kjem har fått kart i gilde fargar (utan vêrsymbol på…) og vert skildra i følgjande ordelag:
VÊRET
Det nydelege vinterferievêret held fram. Det er meldt om regn i store dosar både onsdag og torsdag. Temperaturen blir på fine seks grader.
Snakkar me syrleg & sarkastisk vêrmelding heilt på ekte?! Fri og bevare meg vel.
I framhaldet: Nærare om dei eigentlege hovudsakene.
mars 3, 2012 at 10:59
Tenk at jeg har hatt disse gullskattene i min umiddelbare nærhet et helt halvår uten å vite det! (Litt som å aldri smake blomkål fordi man tenker at det ikke er noe, og så i godt voksen alder angre på all blomkålen man har gått glipp av fordi at shit, liksom. Det var jo noe.) Til samvirkelaget!
mars 3, 2012 at 17:08
blomkål (og kålrabistappe) gjer ein best i å få med seg så tidleg som råd. mergnotisane gjekk meg hus forbi i mange år før eg fann ut at det er der alle båtar på rek og fulle bergensarar (geografisk opphav er alltid med) på toget held til.
och vilken snygg fågel!
mars 4, 2012 at 18:35
[...] Framhald av nærlesing av lokalaviser frå Kvinnherad. [...]
mars 5, 2012 at 09:47
Eg gler meg til masteroppgåva om lokallaviser! Eg berre seier det.
mars 5, 2012 at 16:09
Kva i alle dager gjorde du i Kvinnherad? Eg kan jo tipsa om ei veldig lokal avis: http://www.uskedalen.no. Trur det er berre ein mann, Ola Matti, som skriv alle sakene!
“E-post til oss” er jo ei gullgruve.
“Til dei som går på tur med hundar
Ver so gjild og ta med etterlatenskapen til hundane, det er liten vits å ta det opp i posar og la det stå igjen i vegkanten, det forsvinn ikkje! Det er mange barn som leikar i Halsane og det er ikkje so kjekt at dei kjem heim og luktar hundeskit.
Glad i hundar”
mars 5, 2012 at 18:14
eg var på besøk hjå Ronja, vel. ho som har kommentert øvst.
tykkjer fleire menn bør laga si eiga avis. me har ein god kandidat heime òg, som tek føre seg på lesarbrevsidene (til opplysning: ein fallskjermhoppar har sneia kyrkjespiret, slik at det er skeivt):
“Kyrkja
Eg vart uroa over meldinga om at nokon har kollidert med kyrkjespiret på Vangskyrkja, bygda sin kronjuvel. Eg ber ansvarlege myndigheiter å setja opp ljoskastarar og overvakningskamera som går heile døgnet. Neste gong kan det vere pøbel og kyrkjebrennarar som angrip kyrkja.
Nå er vossingane «fed up» av flydur heile døgnet. Lat oss no få stillheit. Å gjere slike fantestrekar er å misbruka bygdas sin gjestefridom. Ein slik mobilkran som er tenkt og rekk 40 meter, kan kosta over 40.000 kroner/timen.
Lat pøbelen betale rekninga og erklære dei «persona non grata» i bygda. Bortvist!”