kategorilaust


…har eg vorte innmeld i statskyrkja att. om det ikkje heng slik saman at kyrkja berre valde å ignorera det då eg melde meg ut for nokre år sidan, då.

kyrkjevaletweb

dette er jo endå meir krenkjande enn å finna ut at ein heile livet har vore innmeld, utan å ha vorte døypt eller konfirmert eller noko. eg har tykje meg kvittering på at eg er utmeld!

kyrkjevalet2.web

eg har i alle fall høve til å stemma. stryka alle dei kjipe folka på lista og føra opp nokre særs liberale folk i staden. hadde eg endå berre hatt tid til å setja meg inn i kyrkjemiljøet samstundes som eg skal bu meg til stortingsvalet. det har eg diverre ikkje.

No skal eg ta stilling til kva eg tykkjer om at huin105 har si eiga Facebook-gruppe, om korleis universitet bør nytta Facebook, og om verksemder bør ta Facebook i bruk i sin nettstrategi. (Omlag slik, for eg er ikkje så god i engelsk i utgangspunktet, og har i tillegg nytta to timar i dag til tyskoversetjing.)

Her er mi synsing. Eg er ikkje noko fjesbokfan frå før av, endå eg har profil. Eg er det klassiske dømet på ein fjesbokbrukar som følgde straumen dit fordi all kommunikasjonen mellom vener og kjente plutseleg skulle gå føre seg der. (Kommunikasjonen har heldigvis seinare gått noko tilbake til før-fjesboklege kanalar) At det no finnast ei huin-gruppe på fjesboka er forsåvidt greit, endå det ville vore meir naturleg om dette var noko studentskapt – så vidt eg veit er det lærarane som har oppretta gruppa? Eg tykkjer ikkje universiteta treng nytta Facebook i det heile, me har allereie informasjonskanalar nok, som studentportalen og fagbloggen. Om det vert naudsynt å sjekka fjesboka også, vert det eit ekstra stressmoment. Men eg reknar med at dersom Facebook skal nyttast i universitetssamanheng vil det vera for særs uformelle meldingar og slikt.

Det med verksemder og organisjonar veit eg ikkje heilt om eg forstod heilt, kanskje de snakka om det i undervisninga førre veke? Eg tykkjer Facebook er for useriøst slik det er i dag til å kunna takast effektivt i bruk av verksemder. Dette er likevel meir grunna at Facebook verkar så useriøst, enn fordi teknikken ikkje ville innfridd verksemdene si trong. For organisasjonar fungerar det sikkert betre. (Alle organisasjonar eg er tilknytt er på Facebook iallefall)

idag: beskjeden mine vener får når wordpress slit med tenarane sine, og som isabel gjorde meg merksam på:

Goshdarnit!

Something has gone wrong with our servers. It’s probably Matt’s fault.

We’ve just been notified of the problem.

Hopefully this should be fixed ASAP, so kindly reload in a minute and things should be back to normal.”

GOSHDARNIT!

er dataspel skadeleg? den svenske versjonen av “løvebakken” har svar! 

http://www.youtube.com/watch?v=1zsFanaLSss&feature=related

det er meir der det kjem frå. orsak for å leida dykk inn i freisting, men det er ikkje sunt å lesa meir no. mykje betre med smått MOO-relatert WoW-harselering på youtube…

idag, eller igår, laurdag, hadde eg 80 treff meir enn på fredag, og dobbelt så mange treff som nokonsinne. (dette minner meg om matte-gåter. sånne med ei tante som er så og så mykje eldre enn nevøen sin alder delt på alderen til ei syster som er 8. opphøgd i absurditetar. kor gamal er per? slike oppgåver likte eg omlag like dårleg som tankekart.) men over til det opprinneleg poenget: grafen på bloggstatistikken ser direkte sjuk ut. kva SKJEDDE? det går jo ikkje an å søkje opp denne staden…. er det den semantiske veven som innhentar meg?

“Ikke siden inngangen til august 2004 har hovedindeksen på Oslo Børs ligget under 200 poeng. Onsdag ettermiddag falt den tellende indeksen på Oslo Børs 7,59 prosent til 196,65 poeng. Så langt i år har børsen rast rundt 60 prosent i det som har tegnet seg til å bli en av tidenes mest alvorlige finanskriser. Krakket startet for alvor i september og har fortsatt frem til i dag.”  (- ei av dei avisene som skriv om slikt.)

og likevel. er eg uforskamma avslappa i høve mine eigne grunkar og gryn. dei var i banken sist eg sjekka, og skulle eg kjenna på ein trong til å ta ut min femsifra (i den nedste delen av dei femsifra tala) pengesum, så trur eg ikkje det har den katastrofale innverknaden på verdsøkonomien. (om sparepengane mine no skulle syna seg å vera heilt avgjerande for verdsøkonomien kjem eg til å bli grusom, slik som kurt) ja, eg veit at dei berre er nokre siffer i ein tabell og at dei ikkje ligg i ein safe som det står namnet mitt på. men dei er trygge i tabellen òg, det har banken sagt, beste banken i landet to år på rad:

“Nyhenda er prega av uroa i verdsøkonomien, og mange stiller seg spørsmålet om korleis dette påverkar bankane i Noreg. Voss Sparebank er som før ein trygg og solid bank!” – voss sparebank<3

Det verst tenkjelege eg kan koma på i høve pengar og slikt er om voss sparebank i høve finanskrisa ser seg nøydd til å krevja tilbake den fine pennen eg fekk av han i fjor, då banken feira at han var best 2. år på rad.

til dykk fjorten fantastiske menneske som heng her på bloggen endå eg ikkje skriv noko fordi eg har for mykje å gjera: de held blogg-grafen inne i bloggstatistikken svevande, og det set blogg-grafen og eg stor pris på. me vil gje dykk ei gåve, og det er ei biletserie eg tilfeldigvis kom over då eg var i praksis idag. det er bilete frå bergen “tatt av Helge Skodvin med et Holga 120 kamera, et billig plastkamera til rundt 300 kroner.” (ånei, det var ikkje morosamt lengre, det var noko gale med sida eg siterar frå, der står det vitterleg 3 kroner. det tykte eg var interessant, sidan det kjipaste kameraet eg nokonsinne har nytta kosta 60, og dei bileta eg produserte då var no ikkje så fine som Skodvin sine)

her er bileta, samt noko informasjon om bergen for dei interesserte: trykk

bibliotek

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

bokhyller, ful ljossetting, eit tre og naturhistorisk museum

ny-bru

bt har gjeve ungdommen ei heil side i del2, der dei kan koma med meiningane sine. viss dei har ei meining då, den er ofte litt vag og vanskeleg å få tak i. og argumentasjonen er stort sett heilt fråverande. takk, bt! kjempegreier! skal tru om det finst ei støtteordning for oss som vert utsett for dette. ein kontakttelefon eller noko. evt endå ei side i avisa, der lesarar over 18 får svara på innlegga. dette er byrjinga på slutten av mitt bt-abonnement, no er det sagt! 

her er nokre smakebitar. eg anonymiserte fjortisane, så slepp dei å ha dette hengjande over seg resten av livet.

                       btbatt3        

                      legg deg.

                      btbatt2

                              populært ja. skikkeleg hipt og koolt.

       btbatt11   
       eg er mållaus.
      
        btbatt4

               det bergenske barnet som snakka bokmål.

Neste side »