musikk/dans/drama


trass mine strenge restriksjonanar i høve kommentarfeltlesing (for å førebyggja magesår og tyngre stoffmisbruk), gledde eg meg stort over denne herlege diskusjonen under ein dagbladet-artikkel igår. gjer dei det med vilje?

nettnerding syner:

“den politiske diskusjonen som grunna heftig nerding aldri fekk utvikla seg”

ei nettspråkleg farse med ikkje-eksisterande aktinndeling og nokonlunde hierakisk struktur

i rollene
: ein mann
: dei andre

- Politikere er utrolig flink til å lyve, Kristin Halvorsen er et godt eksempel…

- Hun har da “godt” selskap fra en del andre…

- Det kan mann si…

- Det kan kvinne si

- Hvorfor akkurat kvinne ?

- mann = person med utovertiss. kvinne = person med innovertiss. man = ubestemt pronomen

- Oki det holder men jeg har ikke kjønt poenget hans enda :P

- Nei, du kjønner ikke så mye..

- Du skrev: “Det kan mann si…” Han ønsket å påpeke at du egentlig burde skrive: “Det kan man si….” En fillesak selvfølgelig, men det er jo tross alt DB-diskusjon. Her er trollene mange.

- Hvorfor akkurat mann?

- Hvem har nevnet “mann” her ??

- Nevne – nevnte- har nevnt :=)

- Samma det så lenge folk kjønner hva jeg mener så bryr jeg meg ikke, jeg er ikke norsk uansett… :)

- Jeg skjønner ikke hvilket kjønn du snakker om?

teppe

sceneteppe

Kva meiner du om dette? Sei meininga di her:

eg vil gjerne dedikera denne songen til kvardagen, som driv og utset meg for visdomsjekslar, så godt som overlappande eksamensdatoar ( – på bursdagen min – ), allergi kombinert med finvêr, seriøs skrivesperre, og n. k. monsen sine meiningar, SAMSTUNDES. den vart etter kvart også dedikert til wordpress, som ikkje vil akseptera videolenkja.

eg er heldig som kjem frå ei bygd som har eigen jazzfestival. i tre-fire dagar i byrjinga av påsken er voss den heitaste staden å vera – iallefall kjennest det slik for oss som er her. heitare vert det ikkje før ekstremsportveko i sumar, då det om mogeleg vil ta endå meir av. (ekstremsportfolk har det med å vera hakket galnare enn jazzpublikum, men det er ikkje så mykje om å gjera heller. dei som har vitja park hotell sine jazzarrangement etter midnatt veit kva eg snakkar om.)

når voss vert verdas navle er det for oss innfødte om å gjera å vera mest mogeleg med på det som skjer. difor er nesten alle vossingane involvert i festivalaktiviteten på ein eller annan måte. grovfordelinga er omlag slik: dei under 35 er frivillige medarbeidarar som arbeidar for gratis festivalpass, dei over 35 – også kjent som foreldra til de fyrste gruppa – har råd til å kjøpa eigne billettar, og er såleis ansvarlege for at økonomien til festivalen går i pluss. dei under og over 35 som av ein eller annan grunn ikkje er med i nokre av dei to gruppene, står for meir eller mindre frivillig transport inn til sentrum når gruppe 35 pluss og minus skal på konsert/jobb.

sjølv er eg under 35, og medarbeidar på fleischers hotell. det var det pratagraf-arrangement på fredag og bjørn berge på laurdag.  dette var arrangement både publikum og medarbeidarar likte svært godt. i tillegg var fleischers-medarbeidarane ansvarlege for  konserten oppe på hanguren (“voss sitt svar på ulriken/matterhorn” – alt etter som). her spelte polkabjørn og kleine heine for skijazzarar og dei som torde å ta banen opp frå sentrum. denne konserten involverte gondolfrakt av scene og lydutstyr – eigentleg heilt daglegdags for ein festival som slår til med utdandørs ekstremkonsert seinare på kvelden. denne gjekk føre seg ved, i og på vangsvatnet.  med syklistar, fallskjermhopparar, dykkarar og dansarar. gruppe 35+ melder at dette var heilt fantastisk. gruppe 35- fekk med seg den fyrste halvtimen før det var tid for medarbeiding.

i dag har gruppe 35-, avdeling fleischer, heilt fri frå konsertarrangering og stolfrakt (dette siste er verre enn ein trur når stolane er i kantete og uhandterleg design frå 60-70talet.), så i dag ber det til sentrum for å jazza seg og telja kjendisar.

eg vil dela skjørtejegar, songen ane laga til studentradioen sitt jolebord. (litt relatert til førelesninga idag sidan ho faktisk har lånt/tatt britney sin melodi.) ane er modig og har drege til kairo for å studera dette halvåret, og eg saknar ho og oppdaterar portvin heilt åleine. andré slår til med eit obama-relatert ordspel. das war alles.

fine songar midt i skiva:

coldplay – viva la vida – lovers in japan/reign of love [5]
kent – tillbaka till samtiden – columbus [5]
kate bush – the kick inside – the man with the child in his eyes [5], wuthering heights [6]
queen – the game – rock it (prime jive) [6]
kent – b-sidor, cd I – noll [5], cd II – rödljus [6]
the knife – silent shout – marble house [6]
queen – queen – liar [5]
david bowie – scary monsters… – teenage wildlife [6]
david bowie – aladdin sane – time [6]
david bowie – ziggy stardust – lady stardust [6]
regina spektor – soviet kitsch – us [5]
kate bush – lionheart – oh england my lionheart [5]
queen – the works – i want to break free [6]
pink floid – the wall – cd I – mother [6], cd II – comfortably numb [6]
raymond & maria – vi ska bara leva klart – de älskar dig [5], min pappa [6]
raymond & maria – hur mycket jag än tar finns alltid lite kvar – kärlek 1 [6]

songane midt i plata er alltid appellerande. eg reknar med det er medvite gjort frå plateprodusentane si side, slik at dei ikkje mistar lyttarane mellom dei stort sett alltid like appellerande fyrste- og sistelåtane. trass dette følte eg at eg hadde gjort ei revolusjonerande oppdaging då eg fyrste gong vart merksam på dette fenomenet!

eg høyrer røyster. altar, tenorar og mezzosopranar og det som elles måtte finnast i eit kor. dei syng alle ensemblesongane i les miserables, fleirstemt og med overlappande parti. omatt og omatt. i heile dag har dei helde på, dei gjer meg galen, endå eg tykkjer det er utruleg fint. særskilt slit det på meg at eg utover “kan du høyre folket syng, det er ein song for arge menn“, ikkje hugsar noko av teksten, og såleis ikkje kan synga det som spinn inni hovudet. ( -som om eg kan det i utgangspunktet med overlappande femstemt song-) og det er det einaste botemiddelet eg veit om for slikt – å læra seg teksten utanat.

 

bidrag til mi magre songtekstsamling ynskjest varmt velkommen.
dei norske songtekstane, vel å merka.