nynorsk


i høve denne artikkelen om stoda for dei norske ordbøkene, hyller eg her mine yndlingsordbøker på veven:

1. nynorskordboka | bokmålsordboka

seinaste funn: det er lov å skriva “li” på norsk, i tydinga “tole, fordra”. men berre på nynorsk, verkar som. forstå det den som kan.

døme frå boki: eg kan ikkje li det mennesket

2. duden.de

gå på synonymoppdagingsferd og finn adjektiv som er “berlinisch veraltend” (schnafte = feitt, kult) eller liknande. altså ord du neppe får brukt, men som er kjekke å sjå på. like kjekt er det å førestilla seg personen som bruker ordet, og samanhengen det vert nytta i.

seinaste funn: dornenreich – tornerik; som er kjenneteikna av liding og mykje vanskar. faktisk brukt to femdelar ofte, og ikkje så sjeldsynt som dei orda eg helst oppsøkjer/ramlar over.

3. svenska akademiens ordlista

streng genommen/an und für sich/eigentlich har eg ingen tredje favoritt, men dette er kjendisordboka frå Martina Lowden si bok “allt”. eg bruker ordlista i ny og ne, og tykkjer løysinga med å berre scanna inn sidene er frekt påkome.

etter å ha [fenge] skammelege 65/84 poeng på språkrådet sin kartleggjingstest i nynorsk, truleg grunna litt for arkaisk språk, [slær] eg hardt i bordet med noko eg kan. endå dei vranglærde venene mine ler seg skakke. for visst har det støtt vore lov å blanda bøyingsmønstra for bli og verta! og det er det framleis. her kjem heile utgreiinga frå den nye norma:

3.4.3 Bøying av verba bli og verta

Status i dag
Verba bli og verta har vore rekna som to alternative verb, der ein har måtta halda seg til eitt av tre bøyingsmønster:

verta – vert – vart – vorte
bli – blir – blei – blitt
bli – blir – vart – vorte

I 1998 gjorde fagnemnda i Norsk språkråd dette vedtaket: «Bli og verte blir sett på som to forskjellige verb, og det kan veksles fritt mellom dem.» Regelen er ikkje omtala i årsmeldinga, men i 2002-innstillinga er han nemnd (s. 86–87). Fordi regelen ikkje har vore kjend, har dei fleste språkrettarar følgt mønsteret ovanfor.

Framlegg til ny rettskriving
Bli og verta skal reknast som to sjølvstendige verb som ein kan veksla mellom i ein og
same tekst.

Verbet verta skal førast opp med eitt bøyingsmønster i ordbøkene:

verta – vert – vart – vorte

Verbet bli skal førast opp med tre bøyingsmønster:

bli – blir – blei – blitt
bli – blir – vart – vorte
bli – blir – vart – blitt

Normhistorikk 
Aasen: verda – verd – vardt – vordet
1917: verta – vert – vart – vorte
1938: verta – vert – vart – vorti
1959: verta – vert – vart – vorte/vorti

Aasen: bli – blir – blei – blitt, alt. bli –blir – vardt – vorte
1917: bli – blir – blei – blitt, alt. bli – blir – vart vorte
1938: bli – blir – blei – blitt, (el. bli – blir – vart – vorti)
1959: bli – blir – blei – blitt, (el. bli – blir – vart –vorte/vorti)

Skriftspråkleg tradisjon og praksis
I dei tidlege landsmålstekstane var nok verda/verta mykje brukt, men varianten bli – blir – vart – vorte var ein del av midlandsnormalen og vart teken i bruk av mellom andre Garborg, som skreiv alle bøkene sine om til midlandsnormalen.

Varianten bli – blir – blei – blitt er teken i bruk dei siste tiåra i større grad enn før, men bli – blir – vart – vorte og verta – vert – vart – vorte er like vanlege. Ein del vestlandsforfattarar blandar formene på ein måte som tradisjonelt ikkje har vore rekna som korrekt: blir – blir – vart – blitt.

I offisielt skriftmål har det vore vanleg å retta til eitt av dei tre mønstera som er nemnde ovanfor. I unormerte tekstar er det ikkje uvanleg å sjå bli og verta om kvarandre. Fagnemnda i Norsk språkråd uttala seg om det i 1998 og sa at det måtte godtakast. Sjølv om dette vedtaket er lite kjent, har lærarar truleg ikkje stilt særleg strenge konsekvenskrav til bruken av bli og verta når dei har retta elevtekstar

Talemålsgrunnlag
Verta har tradisjonelt stor utbreiing på Vestlandet, men bli er i ferd med å trengja unna verta i mange dialektar. Til dels er det mønsteret bli – blir – blei – blitt som kjem inn, men like vanleg er det å seia (og skriva) bli – blir – vart – blitt.

Mønsteret bli – blir – vart – vorte har bakgrunn i talemåla på Austlandet, der den vekslinga er den tradisjonelle. Aasen skriv i Norsk Ordbog: «Paa nogle Steder ombyttes Ordet gjerne med ’bli’ (s. bliva); i det Søndenfjeldske bruges tildeels kun ’bli’ i Præsens, men dog ’vardt’ i Imperfektum.»

Vurdering
I dag er det vanleg å blanda bli og verta i vestnorske dialektar, og dermed oppfattar mange språkbrukarar det som at bli og verta er to sjølvstendige verb som kan brukast om kvarandre også i skrift. Norsk språkråd opna som nemnt for at det skal vera mogleg.

Rettskrivingsnemnda vil støtta det framlegget, fordi me meiner det er grunnlag for å sjå bli og verta som to sjølvstendige verb som kan gi stilistisk variasjon i ein tekst. Det inneber at dersom ein tekst inneheld både bli og verta, så kan ein ikkje stilla noko
krav om konsekvens i bruken av bøyingsformer, fordi alle kombinasjonar av dei fire tradisjonelle mønstera er moglege.

Rettskrivingsnemnda meiner at ordbokoppføringar av verbet bli må ha med bøyingsmønsteret bli – blir – vart – blitt i tillegg til dei to tradisjonelle bøyingane av verbet bli.

Frå: Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet, s. 177-179

eg tek på meg det strenge e-målet når eg kommenterer dei siste, avgjerande stilane. får meir tyngde slik. e-målet ser ut som ei ung og likevel røynd kontorfrøken frå kanskje 50-talet, ei slik med drakt og strenge briller. ho er forlova med ein som har bil. ho kan skrive kor kjenslelaust ho vil, bruke mest plass på det som trekkjer ned, ikkje anse grining og syt. e-målet kjenner si framtoning, er ein mur utan sprekker til å lure klagar inn i, det svartbratte berget isjøklane ikkje greier å hengje seg på vinterstid.

eg – for ei gong skuld utan “eg <3 nynorsk” eller “takk, Ivar Aasen”-merke på jakka – hentar ut allergimedisin på apoteket og møter meg sjølv:

eg: eg skal henta ut ein resept på allergimedisin.
farmasøyt: (granskar e-resepten med rynke i panna) hm.
eg: (inni meg) resepten er heilt sikkert ikkje sendt enno, fader!
farmasøyt: (ironisk) det var no ei flott blanding av nynorsk og bokmål, men viss det er slik han vil skrive, så… (sukkar)
eg: eg skal ringja og be han skjerpa seg!
farmasøyt: ja, han må ikkje drive og tulle med nynorsken!

fint debattinnlegg frå Arne Jørgen Løvland i Utdanning 4, 2012:

Dette gjelder ikke bare en kamp for å redde nynorsken, men like mye å redde et levende språk.

Det språklige forlegger- og medietyranniet som fins i Oslo har i årevis undertrykt det levende og mangfoldige norske språket.

Gjennom et bakstreversk og talibanaktig regime har de ført bokmålet tilbake til tida før 1917-reformen. Resultatet er et dødskjedelig, platt og kjønnsløst språk der alt er sauset sammen i felleskjønnets fold. Språkrådet er ikke stort bedre.

Den siste nynorskreformen viser at rådet i sin nåværende form, er et hønsehus av uforenlige meninger. Noen hjelp til å bevare mangfoldet, får vi ikke derfra. Det eneste som nytter, er at vi lærere får elevene til å bruke språket, skrive levende i alle kjønn og slik påvirke osloadelen nedenfra. I så måte er altså nynorsken et svært viktig våpen.

Jeg oppfordrer alle norsklærere til å påvirke elevene slik at flest mulig førsteklasser fra høsten av velger nynorsk som hovedmål!

truleg skrive som ein kommentar til dette, som ikkje er verdt spalteplassen sin korkje på nett eller i blad.

Sportsbutikken der han, i den overbevisning at en skjerm som viser Eurosport er en overvåkningsmonitor, et øyeblikk tror han er to kvinner som spiller tennis.

Olav R. Øyehaug

fyrste praksisdag byrja friskt med sidemålsdebatt, vel å merka på lærarrommet, og motdebattant var ein medstudent frå mat.nat. det var eg lite budd på, men det gjorde ikkje noko, for etter kvart vart me meir opptekne av kvifor me tenkte så ulikt om saka, enn sjølve saka (ein skal ikkje sjå vekk frå at eg gjekk grundig inn for å styra samtalen i den leida. med hell). eit inderleg ynskje om standardisering, frå ein kultur kor klåre og avgjorde svar er røyndom, møtte ein vel så inderleg toleranse for mangfald, frå humanistisk fakultet kor to strek under svaret er stryk. kanskje.

timar seinare, på bussen heim, tenkte eg på Afrika då dei delte inn kartet med rette liner. kjende at min ståstad var den til landa, landskapet og folka som er under desse linene og ikkje vil passa inn. kjende at det er noko eg er godt nøgd med. eg liker det som ikkje kan reknast.

samstundes kunne eg umogeleg koma dragande med ein metafor til svar. det gjer mi humanistiske tilhøyrsle altfor tydeleg. likeins er det å skriva det ut i ein liten bloggpost. ekstremt HF-identitetsstadfestande.

på nynorskbaren i går lærde me om nynorsk triviallitteratur, i vekst (før) og fall (no). dette fallet lyt me gjera noko med; ein stor marknad der ute svelt etter bøker som ligg kiosklitteraturen nær, medan forlaga ikkje vil gje ut slikt. nettnerdinga tek difor grep, og gjev alle skrivelystne oppskrifta på ein triviell bestseljar. med dei gamle kriteria for god triviallitteratur i botnen, og aktualiserande drag attåt.

stad: bygda (gamalt kriterium)
personar: jente og gut. utan moralsk brest (gamalt kriterium). jenta er lesbisk (aktualiserande). eit par vampyrar (aktualiserande) utan moralsk brest (gamalt kriterium). bygdefolk elles.
handling: krinsar om det nynorskbrukarar kan best, altså ting knytt til bygd og tradisjonsrik kultur (gamalt kriterium). det heile går såleis føre seg i slåtten, på ein passeleg stor gard. jenta har odel (aktualiserande). vampyrane rek i kring og gjer vampyrting (også aktualiserande). litt komplikasjonar og forviklingar, knytt til attrå og kjærleik. hopping i høy, gjerne med vampyr (men pass på at moralen held!). folkesnakk bak ei hes, og på lokalbutikken. traktorkøyring i varme netter. det skal helst enda godt (gamalt kriterium).

skriv det lettlese, på nynorsk sjølvagt, og sprei det helst over tjue bind. send inn til forlaga! (og send for all del inn til nettnerdinga viss forlaga syner seg vera skeptiske!)

les om studentmållaget som syner kva me er gode for på studenttorga til universitetet og høgskulen i Bergen! (lenkja bør opnast i ein fri nettlesar, t.d. mozilla firefox. då er sida finast)

kjenslene i brytinga mellom keisamt å laga mat når ein ikkje skal dela han med nokon og herregud enn om eg øydelegg middagen for over tretti menneske? må opplevast. attendemeldingane tyder på at det helst gjekk greitt.

når det kveldast og middagen er ete og rydda vekk, er det godt å ha ein velutstyrd skuleplass kor ein kan fara gape åt.

mållagsleiaren, sundagsmorgon etter jubileumsfest, har fenge seg ein kopp kaffi, og er oppglødd over festmenyen kvelden før: “å få sjå den nye leiaren i språkrådet slurpa i seg gelé med sugerøyr, det…det var…det var berre…!”
(etter minnet)

prenta utan løyve:

Bror og syster, fram med brystet
stolte skal vi stige fram
Heile landet: med på ferda!
Synet skarpt og knappen blank.
Vest for Glomma, aust for Fjordane
Nordkapp, Agder, stig no fram!
Noreg, Noreg, über alles -
heile landet stig no fram.

før me sløkker ljoset: setja lånekortet på spel ved å [klamma fram] ein ny(norsk) tekst inni ei bok(mål) eg har lese ferdig. (brukte berre blyant.) det tek seg betre ut i kontekst, men han er levert inn att, må vita.

litt hadde du
eg tar kveld og smyg meg inn
inn or Atlanteren
som er taus og ror fast på land
Du står og skal – men er lite innstilt på å – bera andre også
no legg eg for min del anker
ryk alt av tau på riktig
det er ei med meg.
og eg vil helst forsiktig tilbake
fort
de gjeng tilbake til tauet.

delt tredjeplass i musikkappleiken, folane tre med “innkjøpslista”. her er fyrste vers av til saman ti, og dei som ikkje var til stades under kappleiken, kan få gjetta melodien:

gullauk og raudlauk og kvite lauk
purre, det er også lauk
poteter og røter av ymse slag
god salat
og uhorveleg med tomat

ettermiddagen me laga intervallmiddag medan me spelte fotballturnering samstundes. ein effektiv kombinasjon, ser ut til. dei tre laga med kvar sin kjøkenhjelpar gjorde det då særs godt, ikkje?

og alle klemmane eg får når eg dreg.

Neste side »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.