svensk


sidorna 96 till 128 är ju borta! jag har även köpt boken på studia, så detta kommer troligen råka hela klassen. hur härligt som hälst.

mbw

mb1w

ps: det är värkligen enklare – mycket enklare – att läsa svensk, än att forsöka  formulera sig skriftlig på det här språket..

Fyrst: dette er noko eg har fjasa i hop på nokre føremiddagstimar, og er ikkje ei faktisk skuleoppgåve eller noko slikt. Så om det verkar litt useriøst og lite teoretisk er det difor. (Sånn sett er eg nesten skremd over det omfangsrike resultatet. Tenkja seg til, dette driv eg med på fritida.)

Villeple meinte i ein bloggpost at svensk «har annen setningsoppbygging enn oss» og at det difor var litt vanskeleg å lesa, iallefall i høve norsk, dansk og engelsk. Sidan eg sjølv tykkjer det går heilt greit å lesa svensk, samt er ulækjeleg språknerd, tenkte eg å finna svar på dette:

I) er det ein skilnad i setningsoppbyggjing i norsk og svensk, eigentleg?
II) kan det vera at svensk har ein nynorsknær setningsoppbygging, sidan eg tykkjer det er lett, medan ein bokmålsbrukar tykkjer det er vanskeleg?

Framgangsmåte: eg fann den svenske boka «ett ufo gör entré» av Jonas Gardell, som eg også har i norsk (bokmål) omsetjing. Eg omsette eit utdrag frå den svenske boka til nynorsk utan å sjå i den norske før etterpå. Så samanlikna eg nokre setningsdøme.

Merknad: eg nyttar litt forskjellige ord om kvarandre: med «setningsoppbyggjing», «setningsstruktur» og «ordstilling» meiner eg i alle tilfelle rekkjefølgja på dei forskjellige orda i ei setning.

Tekst:

Svensk:

I stan finns heliga tempel där man kan få sina liv förvandlade.
De viktigaste är affärerna på Gamla Brogatan, Klippoteket på Riddargatan och Gul & Blå i Birger Jarlspassagen.
Där kan man förklä sig för att likna alla andra. Men man kan också förkle sig för att likna sig själv. För att komma sig själv på spåren.
Man kan klippa sig och sminka sig och klä sig för att sudda ut sig själv. Men man kan också göra det för att påstå något om sig själv och vem man är som de andra faktisk inte vet.
Det är knappt att man själv vet.
Gul & Blå i Birger Jarlspassagen, hur kan man nog lovsjunga ditt namn! Ett enda ber jag Herren om, detta begär jag: att få vara i Herrens hus varje dag i mitt liv för att se Herrens ljuvlighet och söka svar i hans Tempel. Jag vill offra i hans tält, offra med segersjubel. Jag vill sjunga och spela till Herrens ära!
När man kommit innanför dörren på Gul & Blå finner man sig stå vid foten av en majestätisk svängd vit trappa som leder opp till själva affären. Överväldigt stannar man upp ett ögonblick i begrundan. Tyst och med skälvande hjärta går man sedan uppför trappan, medveten om sin egen persons litenhet.
Trappan är ett stigande uppåt i andelighet.

Nynorskomsetjing:

I byen finst det heilage tempel der ein kan omskapa livet sitt.
Dei viktigaste er butikkane i Gamla Brogatan, Klippoteket i Riddergatan og Gul & Blå i Birger Jarlspassagen.
Der kan ein forkle seg for å likna på alle andre. Men ein kan også forkle seg for å likna på seg sjølv. For å komma på sporet av seg sjølv.
Ein kan klippa og sminka seg og kle seg for å viska ut seg sjølv. Men ein kan også gjera det for å påstå noko om seg sjølv og om kven ein er som dei andre faktisk ikkje veit.
Det er så vidt ein veit det sjølv.
Gul & Blå i Birger Jarlspassagen, korleis kan ein lovsynga ditt namn tilrekkjeleg! Berre eitt ber eg Herren om, dette ynskjer eg: å få vera i Herren sitt hus kva dag av mitt liv for å sjå Herren sin herlegdom og søkja svar i hans tempel. Eg vil ofra i hans telt, ofra med sigersjubel. Eg vil syngja og spela til Herren si æra!
Når ein har kome innanføre døra på Gul & Blå finn ein seg sjølv ståande ved foten av ei majestetisk kvit trapp som leier opp til sjølve butikken. Overvelda stoppar ein eit augeblikk opp i tankar. Stille og med skjelvande hjarta går ein så opp trappa, medviten om kva for ein ubetydeleg person ein er.
Trappa er ei stigning opp i åndelegheit.

Bokmålsomsetjing:

I byen finnes det hellige tempel der man kan få sine liv forvandlet.
De viktigste er butikkene i Gamla Brogatan, Klippoteket i Riddargatan og Gul & Blå i Birger Jarlspassagen.
Der kan man forkle seg for å ligne alle andre. Men man kan også forkle seg for å ligne seg selv. For å komme på sporet av seg selv.
Man kan klippe seg og sminke seg og kle seg for å utviske seg selv. Men man kan også gjøre det for å påstå noe om seg selv og kvem man er som de andre faktisk ikke vet.
Det er så vidt man vet det selv.
Gul & Blå i Birger Jarlspassagen, hvordan lovsynge ditt navn tilstrekkelig! En eneste ting ber jeg Herren om, dette er mitt ønske: å få være i Herrens hus hver eneste dag av mitt liv for å se Herrens herlighet og søke svar i hans tempel. Jeg vil ofre i hans telt, ofre med seiersjubel! Jeg vil synge og spille til Herrens ære.

Når man har skrittet innenfor døra til Gul & Blå, befinner man seg ved foten av en majestetisk buet hvit trapp som fører opp til selve butikken. Overveldet stanser man et øyeblikk i ettertanke. Taus og med bevende hjerte stiger man så opp trappen, bevisst sin egen persons ubetydelighet.
Trappen innebærer en stigning i åndeligheten.

Setningsdøme 1

S: I stan finns heliga tempel där man kan få sina liv förvandlade.
N: I byen finst det heilage tempel der ein kan omskapa livet sitt.
B: I byen finnes det hellige tempel der man kan få sine liv forvandlet.

Ordstilling: I høve ordstilling er det nynorsken som skil seg ut her. Ordstillinga på svensk og bokmål er aldeles lik.

Elles: Fenomenet «man» frå svensk, som også er heilt greitt på bokmål må omsetjast til «ein» på nynorsk. Difor valde omsetjaren her å nytta eintal i siste del av setninga, for å unngå ein rar logisk brist som: «der ein kan omskapa liva sine». Eg vel å sjå vekk frå dei mange utsvevande liva folk lever om dagen og Om ein tenkjer for mykje på dette, blir det ganske teit å nytta «man» saman med fleirtal òg, så det må ein ikkje gjera. Tenkja på det, altså. Eg vil tru det går aldeles greit å nytta «ein» i fleirtalstyding òg. Ville de gjort det på bokmål? «der en kan forandre livene sine»?

Setningsdøme 2

S: Men man kan också förkle sig för att likna sig själv.
N: Men ein kan også forkle seg for å likna på seg sjølv.
B: Men man kan også forkle seg for å ligne seg selv.

Ordstilling: Ingen skilnad mellom setningane.

Elles: Einaste skilnad utover den språklege skilnaden på einskildorda, er det ekstra ordet «på» i den nynorske setninga. Det går truleg fint utan òg, men det verkar kanskje som småkreativt, høgt språk? Omsetjaren sjølv tykkjer det er aldeles heitt utan: «ein kan også forkle seg for å likna seg sjølv», men gjekk inn for å skriva mest mogeleg standardnynorsk i denne omsetjinga. Så spørst det om tanken bak er at det faktisk skal vera litt småkreativt og høgt språk i denne setninga; det ville vore vel så naturleg å nytta «på» også i vanleg bokmål.

Setningsdøme 3

S: För att komma sig själv på spåren.
N: For å komma på sporet av seg sjølv.

B: For å komme på sporet av seg selv.

Ordstilling: Ja, sjå der du! Her skil svensken seg dramatisk ut i ordstillinga, medan dei norske setningane gjer nett det same. Ei liknande ordstilling på norsk ville vorte utruleg gammaldags, endå det går fint an. Trur eg: «for å komma seg sjølv på sporet» Kanskje det ikkje går fint an, men eg hadde ikkje reagert. Men så er jo òg tyngda av det eg les skrive før 1900, må vita.

Elles: Ikkje noko.

Setningsdøme 4

S: Det är knappt att man själv vet.
N: Det er så vidt ein veit det sjølv.
B: Det er så vidt man vet det selv.

Ordstilling: Dette er den raraste ordstillinga eg fann i det svenske tekstutdraget. Noko liknande er vel knapt mogeleg på norsk: «det er så vidt at ein sjølv veit / det er så vidt at man selv vet». Iallefall utan «det», som båe norske setningar har lagt til. Det kjem seg faktisk veldig med «det»: «det er så vidt at ein sjølv veit det / det er så vidt at man selv vet det»

Elles: Ikkje noko.

Setningsdøme 5

S: Ett enda ber jag Herren om, detta begär jag:
N: Berre eitt ber eg Herren om, dette ynskjer eg:
B: En eneste ting ber jeg Herren om, dette er mitt ønske:

Ordstilling: Sjølv om ein råkar ut for endå ei rar svensk ordstilling, er den ganske lik den bokmålske. Den nynorske slit veldig, mest fordi omsetjaren ikkje forstod så mykje nett her, korkje om stilnivå eller ei evt. referanse til bibelen. «Ein einaste ting ber eg Herren om» er iallefall mykje betre norsk enn det som no ligg føre.

Elles: ordet «ting» som brått vert introdusert i bokmålssetninga. På norsk kan me visst ikkje be om «en eneste» utan å definera kva det er det einaste av, jfr: «En eneste ber jeg Herren om».

Setningsdøme 6

S: Jag vill offra i hans tält, offra med segersjubel. Jag vill sjunga och spela till Herrens ära!
N: Eg vil ofra i hans telt, ofra med sigersjubel. Eg vil syngja og spela til Herren si æra!
B: Jeg vil ofre i hans telt, ofre med seiersjubel! Jeg vil synge og spille til Herrens ære.

Ordstilling: Her er det mykje det same i båe setningar på alle språk.

Elles: I nynorskdømet ville ordfølgja «hans telt» truleg vore bytt om til «teltet hans», dersom det ikkje var om å gjera å koma så nær den opphavlege teksten som råd.

Setningsdøme 7

S: Överväldigt stannar man upp ett ögonblick i begrundan
N: Overvelda stansar ein eit augeblikk opp i tankar.
B: Overveldet stanser man et øyeblikk i ettertanke.

Ordstilling: Dei forskjellige setningselementa er på same stad i alle setningane, unntagen «opp» som er flytt i den vaklande nynorske freistnaden på å få med alle orda frå den opphavlege teksten. Dette skit bokmålsomsetjinga i, med eit litt betre resultat enn den nynorske. Eller? «Opp» kan vel stå slik som i den svenske setninga på norsk òg: «Overvelda stansar ein opp eit augeblikk i tankar./Overveldet stanser man opp et øyeblikk i ettertanke.» Det er nett som om det vert for mange ord i dei norske setningane om ein tek «opp» med.

Elles: Nei.

Setningsdøme 8

S: Trappan är ett stigande uppåt i andelighet.
N: Trappa er ei stigning opp i åndelegheit.
B: Trappen innebærer en stigning i åndeligheten.

Ordstilling: Samsvarande i alle setningar.

Elles: Ei frekk og fin innføring av ordet «innebærer» i staden for «er» i bokmålssetninga. Dette var lurt. Eg trur innhaldet i den svenske setninga er riktigare attgjeve i bokmålsomsetjinga enn i nynorskomsetjinga, og det er mykje takka vere det ordbytet.

Refleksjon kring funn, eller mangel på desse

I: Kvifor fann eg ikkje så mange skilnadar på setningsstruktur i svensk og norsk?

a) det kan vera at det ikkje er store skilnadar mellom svensk og norsk setningsstruktur i utgangspunktet. Det veit eg ikkje.

b) denne einskilde teksten er opphavleg skrive på utypisk svensk, med ein setningsstruktur som er likare den norske enn det som er vanleg å nytta på svensk. Kanskje.

c) omsetjarane gjekk inn for å gjera dei norske tekstane mest mogeleg like den svenske opphavsteksten, og nytta difor opphaveleg ordstilling så langt som råd. Dette er svært truleg, ei omsetjing bør jo vera så lik den opphavelege teksten som mogeleg.

Merk at dersom alternativ c) ligg føre, noko eg held for særskilt sannsynleg, ville ein reagert på setningane om ikkje alternativ a) også låg føre, altså:

c) + a) omsetjarane nytta opphaveleg ordstilling så langt som råd, og dette gav eit greitt resultat fordi det ikkje er så store skilnadar mellom svensk og norsk setningsstruktur i utgangspunktet.

Dersom me hadde reagert på at ordstillinga i dei omsette setningane såg «svensk» ut, ville dette tese a) vore feil. Sjølv reagerte eg ikkje i det heile på resultatsetningane, og held difor tesa for truverdig.

Om tese b) vil eg sjølv meina at teksten ikkje er utypisk svensk, men det skal seiast at den er svært enkel. Setningane er korte og språket er daglegdags og ukomplisert. Det finst nok langt verre svenske bøker der ute.

II: Har svensk ei nynorsknær setningsoppbyggjing?

Nei! Ut ifrå denne vesle stikkprøva syner det seg faktisk at i den grad svensk kjem nærare ei spesifikk norsk setningsoppbyggjing, er det den bokmålske. I det store fleirtalet av setningane er det likevel ikkje noko skilnad mellom norsk og svensk setningsoppbyggjing i det heile. Sjå berre:

døme1: svensk mest lik bokmål
døme2: ingen skilnad mellom språka

døme3: norsk-svensk skilnad, dei to norske setningane er like

døme4: norsk-svensk skilnad, dei to norske setningane er like

døme5: svensk mest lik bokmål (nynorsksetningen kan mest ikkje vurderast her)

døme6: ingen skilnad mellom språka

døme7: ingen skilnad mellom språka

døme8: ingen skilnad mellom språka


Forresten: eg har vore på Gul & Blå!

- Satan är en fallen ängel.
Så brukar Juhas farmor säga.
Med det menar hon att man inte kan se på en människa om hon är god eller ond. Därför är det bäst att inte lita på någon. [...] När Juha ska föreställa sig en fallen ängel ser han alltid sin farmor framför sig. [...]

Juhas och Mariannes farmor talar alltid i negationer. Det allra mest generösa någon någonsin hört henne säga om någon annan människa är: Den gör sig aldrig märkvärdig!

En gång per år kommer hon och bor hos dem. [...] När de kommit innanför dörren rusar Juha och Marianne fram och kramar farmor.
- Hej famor! säger Juha och kysser henne artigt på kinden, när åker du igen?
- Titta farmor, ropar Marianne glad, jag har en ny blus!
- Hon har fått välja den själv, förklarar Ritva som står med en grytlapp i handen och lutar sig mot dörröppningen till köket.
- Tja, skrockar framor, blänger på Mariannes blus och suger lite på sin lösgum innan hon svarar, den var jo inte så ryslig som det fanns anledning att befara.
Juha ger farmo den teckning som han gjort till henne i välkomstpresent och som han har haft gömd bakom ryggen. Farmor tar teckningen och klappar Juha på huvudet.
- Tack lille vän, fulare har man ju sett! Jaha, så var man här igen då…vad står ni båda och glor på?
- De är så glada att set sin farmor, skyndar sig Ritva att säga.
- Jaha, ni vill ha godis, ropar farmor och ler surt, öppnar sin stora handväska.
- Varsitt paket russin har jag köpt åt er, varsågod.
Barnen tar besvikna emot russinen och går därifrån. [...]

Det är alltid meningen att farmor ska stanna en vecka, men ho far alltid efter tre, fyra dagar.
På kvällen när hon farit dricker sig alltid Ritva full.

jonas gardell – en komikers uppväxt

Konsum, Gamlestaden

På Konsum har man sedan en tid infört en “biståndsknapp” på pantburksautomaterna, så folk kan välja om de vill skänka panten till välgörenhet istället för att hämta ut den. En äldre man står i kassan och räcker över ett pantkvitto till kassörskan.
Kassörskan: Jaha. Men dom här pengarna är ju skänkta, dom kan du inte hämta ut!
Gubben: Va?
Kassörskan: Ja, du har skänkt pengarna till välgörenhet. Nu går dom till behövande istället, till fattiga svältande barn!
Gubben: FAAN!
Kassörskan: Men det är väl ingen fara, det var ju bara 50 öre.
Gubben (mycket argt): Nej det var mycket mer! Det var faktiskt 6:50!
Kassörskan: Jaha, men det var väl bra att dom gick till välgörenhet ändå? Nu får ju dom svältande barnen pengarna?
Gubben blänger surt till svar.

 

På spårvagn, Göteborg

Ett gäng killar ~15 sitter och försöker trycka ner varandra, och en av killarna säger saker som “men du e’ en sån jävla fitta, du pallar fan inget”. Efter några sådana uttryck reagerar en kvinna ~30.
Kvinnan: Vadå, gillar ni inte tjejer eller?!
Kille 1: Ööh…
Kvinna: Ja, tycker ni fitta är något dåligt kanske?
Killen: Ööh… nee?
Kvinna: Nähä, så varför kallar ni varandra fitta som något dåligt då?
Killen: Ööh…
Kvinna: Det är ju som om jag skulle sitta här och kalla er för jävla… jävla mandeltårta!

Skolbibliotek, Linköping
Två killar ~14 går in i biblioteket och försöker få en ledig dator.
De går fram till en och loggar in. Snart blir de förvånade.
Kille 1: Shit asså, det finns inget Internet på den här datorn!
Kille 2: Fan, vi måste ladda ner Internet för att det ska funka då.

Hamngrillen, Kungshamn

Två tjejer, ~28 och ~23, sitter och fikar med den äldre tjejens son ~3.
Sonen kladdar mer än nödvändigt med sin glass.
Tjej 1: Hjärtat, grisa inte så. Sonen kladdar ännu mer med sin glass.
Tjej 1: Lägg av! Annars vet du vad som händer…
Sonen (skräckslaget): Inte Runar!
Tjej 2: Jo, då kommer Runar och tar dig. Och var hamnar du då?
Sonen (uppgivet): Livets Ord… Det finns inga leksaker där…

att se höstblommorna piskas sönder av regnet och förvandlas i smuts