ein har kan henda fokusert vel mykje på å koma seg til biblioteket i skapleg tid når ein drøymer om ub-kaffibaren heile natta. sentralt var trongen til billeg filterkaffi, eit tilbod ein ikkje har på hf lenger, og det heile enda med syting og grining frå mi side (det er jo tragisk! det er jo det!). ein sur lapp skreiv eg òg. eg fekk litt trøyst og vart oppmoda til å gå ned på “kommunen” berre, for det var den næraste filterkaffistaden (ser ikkje vekk frå at dette kan vera riktig). eg vakna diverre før eg fekk greie på om det var fylkeskommunen eller rådhuset det vart sikta til. eg trur det var fylkeskommunen.

eg var forresten på biblioteket i skapleg tid, litt før ni. nesten heilt tomt her då, faktisk!

ja, så har eg sykla ute i bytrafikken att, og vil gjerne koma med nokre merknadar til følgjande medtrafikantar:

hansa-lastebilen som stod parkert på fortauet ovanføre stasjonen:

hjarteleg til lukke med den beste parkeringa eg har sett i heile mitt liv! eg tenkte å ta bilete, men det vart jo for dumt å stoppa sidan eg faktisk kunne sykla forbi.. bilen var parkert slik at det var godt over ein meter breidde på fortauet innanfor, utan at parkeringa av den grunn såg ut til å vera til hinder for øvrig trafikk ute i vegen. heilt fantastisk, og litt utruleg. (kanskje den fungerar slik  som den bussen i harry potter?)

mor og dotter som gav idioti eit andlet ved busstoppet litt nedanføre:

når de båe to faktisk får blikkontakt med syklisten, skal de flytta dykk. de skal på ingen måte byrja å gå ved sida av kvarandre slik at de tek opp heile breidda. ikkje skal det vera naudsynt å bjølla på dykk tre gonger heller.

me gjev ordet til ein livstrøytt reklameskjerm på galleriet:

hugsweb

reklameskjermen meiner at “hugs å sjekka at programvara verkar som den skal”, òg er ein slager.
- teknikken kan i alle fall kontrollerast av og til, ikkje sant?, seier han, og svergjar på at dette ikkje er noko fantaskap han har funne på sjølv. – det er jo forsyne meg langt inni nepestappa ingen som finn ut kvar desse raspeballane er, når ei tom feilmelding dekkjer over restaurantnamnet, legg han lett forbitra til.

(kommentar, belle: “ja slik har det stått nokre veker dagar, du“)

sykling er det mest tidsriktige du kan finna på nett no. medan somme av heilt fri vilje syklar rundt heile frankrike for å (kanskje) få ei gul trøye, syklar andre til og frå jobb – 8 km til saman – fordi dei ikkje har råd til busskort, fordi dei ikkje har stipend i juni (sjå der fekk me med litt studentpolitisk korrekt syt òg). desse to særs aktuelle sykkeritta kan jamstillast av følgjande grunnar; I) det regnar ikkje i frankrike. iallefall ikkje slik som her. II) dei som syklar i frankrike har mange gir og generelt sjuke syklar. eg har tre gir og ein sykkel som er eldre enn meg.

sidan ’store-touren’ tek svært stor plass, særskilt i fjernsynet, vil eg no nytta godt med spalteplass for å gje min eigen tour merksemda den fortener.

1. etappe: HF  -  realfagsbygget

ein kort og helst uproblematisk del av løypa. på mat-nat kan ein venta litt under tak dersom det regnar mykje. og det gjer det jo. på veg til taket kan ein resirkulera eitkvart på returstasjonen ved lyktestolpen.

1.etappe

2. etappe: realfagsbygget – danmarksplass

veldig bratt ned – kryssa veg – nokre hundremeter særs effektivt sykkelfelt, der det ofte går fotgjengarar, sjølvsagt – kryssa veg – litt bratt opp. framme under eit nytt tak ein kan venta litt under i regnvêr. under taket kan ein skoda utover vegen ein har tilbakelagt, og sjå at det er sol i retninga ein kom frå. ein syklist med gul trøye passerte rett etter at dette biletet vart teke.

2.etappe

under danmarksplass-taket er det godt tilrettelagt for vêrventing. ein kan både parkera syklar, handla, og ta ut peng. og kjøpa tvilsame stoff, dersom ein skulle ha trong til det.
2.etappe1

3. etappe: danmarksplass – firekilometermerkjet

trass simpel stigning og strak løype, er denne delen av ferda den klart hardaste. danmarksplass veit ikkje kva han driv med, fotgjengarar og bilistar veit ikkje kva dei driv med, og det veks tre langt uti gang- og sykkelvegen. ingen lagar plass, alle er på feil side. undergangen etter firekilometersmerkjet er konstruert slik til at vinkelen er 90 gradar inn og ut, og krevjer særs redusert fart. lite effektivt!
3.etappe

inne i undergangen høver det fint å stå eit bel og svergja og te seg over vêr og elendig tunnelkonstruksjon.
3.etappe1

4. etappe: firekilometersmerkjet – heim

her er det ein fordel å unngå å verta påkøyrd på veg ut frå undergangen og over parkeringsplassen til rimi. her kviler det meste av ansvaret på bilistane, og det har gått bra til no. ein må venta to gonger på grønt ljos ved meieriet. dette kan det vera at dei meieritilsette innandørs tykkjer er særs morosamt, uvisst kvifor. er det eigentleg verre å vera gjennomvåt enn å lukta sur mjølk? svært stygg stigning med mykje motgåande trafikk følgjer, her må ein gå. grunna plassmangel kan ein vera nøydd til å gå heile siste halvdel av 4. etappa. av og til kan den siste bakkjen syklast. og ei sjeldan gong, når sola står opp i vest og grisane flyg til syden, samarbeider bilistane.

med von om at det skal verta allmennkunnskap att:

å/og:

“å” er infinitivsmerkje. det betyr at “å” kan stå framføre eit verb i infinitiv. å nytta “å” i oppramsingar og samanbinding er berre tyl. meir utførlege forklaringar her her og her.  potensielt heftig diskusjon om emnet her.

samansette ord:

dersom ordet vert sagt som eitt ord, skal ordet truleg skrivast som eitt ord. sjølv om ordet er laga av fleire ord. prøv høgt eller lågt eller inne i hovudet i tvilstilfelle.  lengre og truleg betre forklart her,  og sånn på midten her. klassisk dagbladet-diskusjon (“dagbladetdiskusjon”? innspel her?) om emnet etter denne artikkelen.

dersom nokon kjenner til bindestreks- vs. samanskrivingsreglane, ville det vore stor stas for nettnerden å få tak i desse. jfr. parantes i førre avsnitt.

skikk og bruk på gang- og sykkelvegen:

(alltid like aktuelt i bergen)

gå på den sida som hjartet ditt er på. for dei aller fleste er dette venstre. det mindretalet som har hjartet på høgre side må innretta seg etter fleirtalet og gå til venstre dei òg.

kvar ein eigentleg skal sykla på gang- og sykkelvegen er litt uvisst. men dersom alle gjekk til venste ville det vore plass for syklistane i midten. kring danmarksplass er det måla opp vegar for syklistane, eg oppmodar alle som er usikre til å sykla eller gå seg ein tur dit. dersom rettesnorene på danmarksplass er riktige (det er jo bergen. det er jo ingen som kan trafikkreglar her. det må takast med ei klype salt.) skal ein sykla til høgre. altså til høgre i midten med dei gåande som kjem i motsett retning ytst på høgre sida. illustrasjon:

trafikkweb

dersom alle oppførte seg slik ville verda blitt ein betre stad. iallefall ferda til og frå jobb. og dersom folk i tillegg slutta å gå fem i breidda og ignorera sykkelbjølla* kunne det jo henda at messias vurderar å ta turen nedom igjen.

*i går var eg ute for fem tyskarar som gjorde nett dette. dvs., det var berre ein som køyrde aktiv bjølleignorering, dei andre var truleg tunghøyrde. men denne eine; tre gonger snudde han seg, men han laga ikkje plass, og han bad ikkje dei andre om å gjera det heller. så eg måtte gå av sykkelen, og snika meg forbi på sida av tyskarane. då heldt eg på å seia noko stygt på deira eige språk, sidan eg faktisk er i stand til det. angrar framleis litt på at eg ikkje gjorde det.

eg er ute, for det er fint vêr.

no skal bergen få sin eigen opera, og den skal finansierast med bompengar. hurra for den!
eg oppmodar alle til å le høgt av kommentarfeltet til artikkelen.

april1

det skal vera nemnt at dette er den siste sida med kommentarar. det gildaste gilde er jo at ei forsvinnande mengd faktisk gidd å lesa tidlegare kommentarar før dei skriv. hadde dei gjort det hadde dei jo sleppt* å vera til lått åt andre, då alle dei fyrste kommentarane peikar på datoen i dag og ler av den teite avissaka. hadde dei vore endå lurare hadde dei delteke i debatten utan fullt namn – berre sånn i tilfelle det kan dreia seg om ein aprilspøk, liksom.
særskilt gler det meg at to-tre av desse – med fullt namn og i truverdig sinne – i same slengen vel å gjera det klart at dei stemmer frp.

  • eg får ikkje til dette verbet. det er anten sleppt eller sloppe altså. nokon som er veit? fridtun til dømes?

(eg får ikkje til å laga stjerner lenger heller. bloggen vil laga lister istaden. dårleg!)

då denne dagen var svært ny skulle eg ta bussen heim (omlag 00:17), og i christies gate ( - kvifor køyrer me her? sikkert bybane) grip sjåføren mikrofonen og ytrar seg omlag slik:

- vi har fått ein ny kjørebane og må køyra ein an veg til bystasjonen. håpe da går greit.

- kvifor i alle dagar spør han om lov til å køyra litt annleis gjennom sentrum? spør eg meg sjølv, men tenkjer at det sikkert har noko med at bussen tener som nattbuss for mange, og at desse, påverka i større eller mindre grad, kunne hengja seg opp i denne detaljen – ein uventa sving i sentrumskjernen – og verta plagsame.

på veg oppover mot haukeland innser eg at køyremønsteret i bergen sentrum er såpass hemma av byggjing og bane at ein an veg til bystasjonen er ganske lang. så lang faktisk, at på vegen får fydlafolket tid til å gløyma at jaudå, sjåføren sa at me skulle til bystasjonen, det går bra, me vert ikkje kidnappa. dei får panikk og går fram og masar, og nokre går av på heilt feil stad og trur dei har gjort noko lurt.

på bystasjonen fekk me ei framsyning av heile kjenslespekteret – frå trong til å myrda til pur lukke – omlag ein halvtime etter ruta. no er det jo forsåvidt få som reagerar på ei slik forseinking i utgangspunktet då. kjenslespekteret er stort sett alltid til stades når bussen kjem. til dømes kom denne bussen som ei overrasking på alle oss som gjekk på på galleriet òg.

omkc3b8yring

mykje kan tyda på at det er denne brannen i nygårdsgaten som er skuld i det heile, endå eg eigentleg sit med ei von om at denne sjuke bussruta vert reell. iallefall ei lita stund.

ei oppdatering før eg byrjar på sytet: eg har vore her den siste veka:

alpeweb
på ski og spa i austerriske (austerrikske? austerrikiske?) alpar. her står bursdags-mamma og brør under den øvste heisen i skianlegget kring bad gastein, den eine dagen me hadde sol. merk god førebileteleg hjelmføring, samt at me er over skodda/skyene. (omkring 2000 m.o.h) me stod på ski – eg stod på brett då – og lauga oss i radioaktivt vulkanoppvarma vatn. i austerrike vert slikt vatn rekna for å vera ærs helsebringane, medan ein i noreg er svært negative til det. då det er lenge sidan eg har hatt dårlegare hud enn denne vulkanbadveka, hellar eg mot det norske standpunktet.

igår klokka fem var eg attende i bergen, og velkomsten var helst brutal. berre i har vore fin og snill. den fyrste som sveik var studentportalen til uib. og her snakkar ein skikkelege quisling-tendensar. eg har nemleg frist til idag med å velja eksamensform i nosp209. kring dette valet herskar mykje uvisse, til dømes var det då eg drog frå landet enno ikkje klart om ein i det heile tatt hadde høve til å velja eksamensform i 209-versjonen av faget (det finst tre andre kodar for same emne, alt etter om ein er lektorstudent eller ikkje og slikt. det tar av.) det skal seiast at då eg drog frå landet var eg ikkje 100% viss på om det var 209-versjonen eg var meldt opp i, sidan studentweben var daud førre helg.

studportalweb

eg stressa ikkje så mykje med dette då eg drog fordi a) eg hadde jo 1,5 dag å gjera det på då eg kom heim, noko som skulle vera tilrekkjeleg med tid til å kneppa seg inn på både studentweb og student-e-post. b) det er ikkje sikkert noko må gjerast i det heile, i tidlegare tilfelle av liknande val har det vore nok å varskua førelesar, og dette har eg gjort. c) eg har i skrivande og tenkjande stund ingen sterke kjensler korkje for eller mot nokon av alternativa (skuleeksamen vs semesteroppgåve). (dei tankane eg har kring dette er omlag slik: semesteroppgåve er kjekkare i skrivedelen, men syg intenst i muntlegdelen etterpå. skuleeksamen plar gå greit, men er ikkje like engasjerande som det å skrive si eiga oppgåve.)

studportal2web

eit prov på at eg prøvde begge nettlesarane mine. alle andre sider verkar, men ingen av studentportalen sine. gildt og fint. eg bør vel takka studentportalen for at eg slepp å slita ut hovudet på å velja eksamensform midt i ei helg, samt for den ekstra spaninga det vert å i morgon finna ut kva eg enda opp med!

inte alls overraskande var tide busselskap like sviktande ein kald sundag. i og eg var på busstoppet då 15:17-bussen skulle ha vore der, litt seine, javel, men det plar jo bussen òg å vera, så det skulle helst gå bra, meinte me. 15:17 såg me likevel ingenting til, og me rekna med at den hadde drege før tida, for det har den lov til viss ingen er på stoppet 15:16. ja, faktisk. omlag 15:30 kom det ein buss me ikkje hadde rekna med, men som me kom fram til at måtte vera 14:45 frå lagunen. den skulle vore hjå oss kring 15:00, så det var godt me ikkje satsa på den i utgangspunktet, meinte i. vel framme i sentrum kring 15:40 vart me nonchalant forbikøyrde av 15:17-bussen. så då hadde den ikkje køyrt før tida, akkurat.

tideweb

eg fekk forresten køyra gratis heim att. kortmaskina verka nemleg ikkje, så eg fekk ikkje fylt på busskortet mitt slik eg planlagde.

tide er slikt eit herleg sjølvironisk busselskap

shitweb1

Neste side »