bergens tidende har fått med seg at blogging skjer på internett:

nettbloggarar

andre har fått med seg at ordet “blogg” kjem frå engelsk “weblog” – på norsk “vevlogg” – og at det såleis ligg i namnet at aktiviteten går føre seg på veven. veven vert ofte referert til som “internett” (det er ikkje heilt synonyme omgrep, men det går greitt. sidan ingen veit skilnaden vert dei jo nytta synonymt i praksis). også dei som ikkje kjenner til namnesoga veit at blogging er eit internettfenomen. bt meiner likevel det er naudsynt å lansera dette ekstremt plasskrevjande nye substantivet, der berre siste halvdel (etter bindestreken) er strengt naudsynt. hjarteleg til lukke med det!

framlegg til alternative overskrifter:

“folk som skreiv vevlogg på veven vart fengsla”
“hadde internettside på internett – vart fengsla”
“vev-vevloggarar vart fengsla”

eller er det rett og slett slik at blogging på internett er utdatert? at det er mest i tida å blogga frå mobilen (er vel strengt tatt innom nettet då òg?), og at det at blogginga i dette tilfellet gjekk føre seg på gamlemåten, er så sjokkerande at det må trykkjast inn i overskrifta for ein kvar pris?

nettnerding gjer merksam på at teksta du nett las er internett-blogga.

no skal bergen få sin eigen opera, og den skal finansierast med bompengar. hurra for den!
eg oppmodar alle til å le høgt av kommentarfeltet til artikkelen.

april1

det skal vera nemnt at dette er den siste sida med kommentarar. det gildaste gilde er jo at ei forsvinnande mengd faktisk gidd å lesa tidlegare kommentarar før dei skriv. hadde dei gjort det hadde dei jo sleppt* å vera til lått åt andre, då alle dei fyrste kommentarane peikar på datoen i dag og ler av den teite avissaka. hadde dei vore endå lurare hadde dei delteke i debatten utan fullt namn – berre sånn i tilfelle det kan dreia seg om ein aprilspøk, liksom.
særskilt gler det meg at to-tre av desse – med fullt namn og i truverdig sinne – i same slengen vel å gjera det klart at dei stemmer frp.

  • eg får ikkje til dette verbet. det er anten sleppt eller sloppe altså. nokon som er veit? fridtun til dømes?

(eg får ikkje til å laga stjerner lenger heller. bloggen vil laga lister istaden. dårleg!)

bt:batt på sitt betre. eg er samd, med andre ord.

heltweb
eg likar òg sms-en over, samt personen som kom på å smetta inn det danske flagget!

skiltweb

dette er diverre eit elendig bilete. eg skulle forstørra det og mora dykk med at det står “ring mor mi” under “kjøpe bøker”, men biletkvaliteten held ikkje mål til slikt. det er eit nynorsk skilt, i alle fall! nynorsk i kvardagen.

vekevridd veit kva som skal til på trasige laurdagar med hagling på takvindauget. vekevridd veit kva som skal til på andre laurdagar òg. alle laurdagar, faktisk. det er vekevridd som er laurdag, alt anna vert berre dårlege etterlikningar. vekevridd er like morosamt heime på voss som i bergen. høgtlesing er obligatorisk. og eg trur det er difor eg skriv dette blogginnlegget no, eg har nemleg ingen å lesa høgt til i dag.  

vekevridd11
gjev illustrasjon: gunvor

det var løye i dag òg. det var yvonne algrøy sin tur, om det fungerar slik då, det kan verka noko vilkårleg kven som skriv eigentleg, men det gjer ikkje noko. viss eg har ein vekevridd-favoritt, so er det nok algrøy, for ho er alltid inst morosam. eg trur det har noko med språket hennar å gjere eigentleg. dei andre to (linda eide og finn tokvam) dei skriv omlag same nynorsk som eg. eg er såpass van med mitt eige språk at eg ikkje kan gle meg i so stor grad over eide og tokvam sine uttrykk, som algrøy sine (for meg) meir oppfinnsame formuleringar og kraftsalvar. for det er det alltid. algrøy er  a l l t i d  provosert over eitkvart. (jfr. biletet over, henta frå vekevridden som kritiserte folk som skreiv ubrukelege kommentarar under avisinnlegg. den har kome opp på veggjen i bok-kroken min) den beste algrøyen eg nokonsinne har lese handla forsåvidt om språk, det var den om sonen som hadde hatt barnejente/dagmamma/au pair frå austlandet og som snakka stril (trur eg) med innslag av “jeg”, “grøt” og “kirke”. den kjem eg aldri over, eg trur den er to år gamal og like morosam. (eg har ikkje sett den på to år heller, for den del. den vart aldri klypt ut og hengt på ein vegg)  

vekevridd2
gjev illustrasjon: gunvor

ein bete av dagens: Har ein først suksess på eit felt, så er det liksom ingen grenser for kva felt som skal nedleggjast. Smertefulle eksempel renn inn i hjernen. Politikarar er godt representerte. Jagland som vitsemakar med “Bongo frå Kongo”, Valgjerd som sangerinne med “La det swinge”. Men òg prinsesse Ragnhilds forsøk som edru på TV. Og meg sjølv som soss i 14 dagar på 80-talet. Ravande pinlege forsøk, alt saman. Enkelte har ei trong til å vise ei anna side av seg sjølv enn den dei pleier. Gjerne ei meir ellevill og lite sjølvhøgtideleg side. Den trongen må kuast.
                                                                                                     ~ yvonne algrøy

 

kva hadde laurdagen vore utan vendingar som “Det skal du steikje, føkke hakke meg få meg til å tru”, “Eg raudnar og skjemst i fleng”, “nokon seier pote, andre poteter, nokon seier skjethus, andre WC”, “velsigninga sat nok laust når øltønna kom på bordet, og dei sat der og belma og bad” (jfr. det andre biletet, frå vekevridden til tokvam om biskopane før i tida som “fråtsa rundt og tømte bygdene for mat og ikkje minst drikke”)? det hadde nok ikkje vore ein laurdag i det heile, det ville kjentest som ein fredag. truleg med ungdomsdebattsider i staden (ja, for det må jo vera ein grunn til at desse sidene ikkje finst i helgeavisene? “lat folk sleppa å ergra seg grøne over ungdommen i helgene i det minste!”). vekevridd4ævvah!

 

spring ut i regnet og kjøp bergens tidende!