eg har nok lite vitugt å seia for tida, når det vert så mykje bilete på bloggen. dei fylgjande er no i alle fall særs nerde-relevante, då dei tek syner oppføringa av sjølvaste pensumbokhylla, eit særs kjærkome møbel. mamma og pappa tok den med frå ikea, og eg bygde:

byggingw

hammartriksetw

arbeidsskadew

ferdigweb

bokhyllaw

orden og system, endeleg!

men når det nærmar seg enden av veka går det an. då kan ein lesa fuglane. det kan også også henda at ein lesa fuglane, og vera ferdig til onsdag, men fint er det no likevel.

fuglane2

eg har illustrert utgåve! (eg har sett filmen bileta er tekne frå òg. tykkjer det var ei særs god filmatisering.)

fuglanew

som om ikkje det er nok, er boka litt illustrert av førre eigar. ho (ut frå skrifta gissar eg på hokjønn) har mellom anna sett somme av dei vanskelegare nynorskorda om til bokmål. og teikna raude strekar i margen utanføre interessante tekststader. kjekt å vita at boka har sett litt av verda. dessutan er det ei føremon å sjå kva eg skal bita meg merke i, allereie på fyrste gjennomlesing!

det var nok om boka i fyrste omgang. no må det fagre bokmerket – del av ei teøskje – få litt spalteplass:

bokmerkew

fine ord, og ein kinesisk katt som målar og drikk te frå ei pære-tekanne, lyser opp når det er torevêr ute. til liks med resten av bokkråa:

toreverw

her flyktar eg frå kjipe kvardagar, her drikk eg te og les pensum om morgonane, her tenner eg ljos og drikk vin om kvelden, her varmar eg meg på sauefellen når eg kjem inn frå regnet, her bur eg heile hausten.

høgt og lågt i sola som var. eller eit helst ubrukeleg bilete-innlegg, om du vil.

høgt

tre2web
(teater-tre. gjorde seg ikkje så godt på bilete som i røynda. i fint vêr er slauring under desse trea er sterkt tilrådd. gjerne med bok eller godt selskap.)

eplefireweb
(oppglødd og ambisiøst epletre. planta av nettnerden då ho var omlag sju år. produserar tofarga eple som ikkje bør etast. dei kan truleg nyttast til gelé, dette er endå ikkje prøvd ut. soga held fram når den tid kjem.)

mellom

laugsolingweb
(røynd soling med solstol, bok og alternativt solfilter.)

lågt

parkweb
(den lokale parken, slik den truleg ser ut for særs små hundar)

solingweb
(heime leikar me ofte at me er i syden. slik kan det sjå ut. sidan eg har nytta faktor 20 heile tida, er eg framleis ljosare enn desse mattene. unnateke på beina, for der har eg etter kvart juksa med ein særs tvilsam krem. den fargen kjem til å gå vekk neste gong eg voksar leggane, så eg må snart ta stilling til om det er glatte bein eller farge eg skal satsa på denne sommaren. ei problemstilling eg ikkje ofrar mykje energi, for eg gjev vel fanden. eg har nemleg fått ca 8 freikner, og er godt nøgd.)

sidan eg brukar alle omgrep eg kan på semesteroppgåva, vert det ikkje så mange att til blogging. det får eventuelt verta etter eg har kutta dei 1500 orda som er over makslengd. det vert mobilbileteblogging i staden! (men eg har ikkje sunke så djupt at eg bloggar frå mobilen endå, altså)

fire dagar att til innlevering ser slik ut:

semesteroppgaveweb

her har eg nett fått skrive ut teksten etter tre mislukka freistnadar. 1) shait, dataen som er tilknytt skrivaren kan jo ikkje lesa open office! 2) fankerten, den kan ikkje opna pdf skapleg heller 3) “pål, den vil berre lagra teksten, ikkje skriva ut, kan du fiksa detta?”

korrekturlesing

laugen les korrektur og kjem med framlegg i høve nokre problematiske avsnitt.

no er faktisk oppgåva ein samanhengande tekst med byrjing og slutt. midten (analysa) er ferdig. no skal innleiinga verta tilpassa det eg faktisk har gjort (…), og avslutninga verta utstyrt med nokre slåande poeng.

sprachliebe

ei oppgåve frå mariell, sjølvsagt.

vel, skjermen min er grøn og rotete, med amélie midt på.

(vankar det handikap-poeng sidan eg faktisk har  f o t o g r a f e r t  den?)
print screen-knappen vart nytta i alle mogelege kombinasjonar, også åleine, men alt utan resultat.

skjerm1

times are hard for dreamers

ampoulin

mine favorittar frå universitetsområdet:

marianneweb

marianne, med si russiske pensumbok.
dei hadde lært bokstaven k idag, trur eg.

resirkuleringweb

mitt kjærkomne returpunkt frå dei farne tider då eg budde i allégaten.
og nokon har rydda kring det!

boktarnetweb

eg kan lika trappa i boktårnet til HF-biblioteket. det luktar veldig godt her…

boktarnweb

…og så har einkvan hengt opp livssoga til amalie skram mellom 1. og 2. etasje!
(einkvan har diverre ikkje bytt ljospære, det er difor det ser ut som biletet er teke i eit symjebasseng)

jkyrkja4web

eg kan godt lika johanneskyrkja òg. og utsikta ned til sentrum.

jklokkaweb1

eg har eit hat/elsk-forhold til denne klokka.
den var på sitt verste då eg hadde tyngre tysk grammatikk vis-à-vis.

pakking

idag har eg kjent på jolastemninga.  eg har drive med min favorittjolasyssel – gåveinnpakking! det går somregel
meir ressursar og tid med til dette enn til handlinga av gåvene  (som var unnagjort på halvannan hektisk time).

i år gledde eg dama i stam-sybutikken min med å kjøpa 11 meter silkeband (eg pleier å kjøpa typ  ein meter etter å
ha brukt eviglang tid på å bestemma meg for farge). “og du vil ha litt av dette ja…du sa elleve meter?!”

no har eg berre to pakker att å kjøpa og pakka inn, og det er eigentleg litt trasig.


takk til i for innkjøp av limstift <3

pakking1

webaudrey

damene på kontoret*.

 

cocetteweb

the coquette

 

lauv

 lauv i dårleg oppløysing

 

webte

te i flaut store mengder. skal høva til alle tider på døgeret, samt alle nivå av trong til koffein.

*rommet der skrivepulten er.

til dykk fjorten fantastiske menneske som heng her på bloggen endå eg ikkje skriv noko fordi eg har for mykje å gjera: de held blogg-grafen inne i bloggstatistikken svevande, og det set blogg-grafen og eg stor pris på. me vil gje dykk ei gåve, og det er ei biletserie eg tilfeldigvis kom over då eg var i praksis idag. det er bilete frå bergen “tatt av Helge Skodvin med et Holga 120 kamera, et billig plastkamera til rundt 300 kroner.” (ånei, det var ikkje morosamt lengre, det var noko gale med sida eg siterar frå, der står det vitterleg 3 kroner. det tykte eg var interessant, sidan det kjipaste kameraet eg nokonsinne har nytta kosta 60, og dei bileta eg produserte då var no ikkje så fine som Skodvin sine)

her er bileta, samt noko informasjon om bergen for dei interesserte: trykk