bloggen har snart eittårsdag, og før den storslagne feiringa kan det høva å ta føre seg litt turr statistikk. min favoritt er “search engine terms”. dei presenterer seg sjølve:

søkjeord1

“hey philipp, wie war denn der urlaub?”?! ikkje dårleg! det var diverre ikkje mogeleg å finna ut kva for eit innlegg i bloggen denne guglaren fann, så det var kanskje berre framsida.  men han/ho som leita etter briller kom truleg hit, og pelle politibil er i alle fall her.

topplista så langt ser slik ut:

søkjeord
godt å vita at i alle fall 16 (12 + 4) menneske har funne ut korleis ein kan skriva behov på nynorsk. eg liker og at kurfürstendamm, trass töddelmangel (sikkert ei biletfil, dette), ligg så langt oppe i lista. og eg er framleis glad for at eg har nok kjøleskapsbokstavar til å skriva audhild gregoriusdotter rotevatn.

(eg har forresten 499 kommentarar, i tilfelle nokon kjenner seg freista til å gjera noko med det.)

eg har ikkje betre å gjera i dag enn å reklamera litt for den heite bloggen til Studentmållaget i Bergen. der eg mellom anna har blogga ei ordliste over uhandterlege bokmålsomgrep frå Ex.phil. med nynorskomsetjingar til, sjølvsagt.

-Studentmållaget-37-mm-hvit_jpg--1

nerdeevnene mine overraskar sjølv meg av og til.

bergens tidende har fått med seg at blogging skjer på internett:

nettbloggarar

andre har fått med seg at ordet “blogg” kjem frå engelsk “weblog” – på norsk “vevlogg” – og at det såleis ligg i namnet at aktiviteten går føre seg på veven. veven vert ofte referert til som “internett” (det er ikkje heilt synonyme omgrep, men det går greitt. sidan ingen veit skilnaden vert dei jo nytta synonymt i praksis). også dei som ikkje kjenner til namnesoga veit at blogging er eit internettfenomen. bt meiner likevel det er naudsynt å lansera dette ekstremt plasskrevjande nye substantivet, der berre siste halvdel (etter bindestreken) er strengt naudsynt. hjarteleg til lukke med det!

framlegg til alternative overskrifter:

“folk som skreiv vevlogg på veven vart fengsla”
“hadde internettside på internett – vart fengsla”
“vev-vevloggarar vart fengsla”

eller er det rett og slett slik at blogging på internett er utdatert? at det er mest i tida å blogga frå mobilen (er vel strengt tatt innom nettet då òg?), og at det at blogginga i dette tilfellet gjekk føre seg på gamlemåten, er så sjokkerande at det må trykkjast inn i overskrifta for ein kvar pris?

nettnerding gjer merksam på at teksta du nett las er internett-blogga.

slik finn folk bloggen min:
idabelle

slikt lyser opp statistikksida! endå det er mogeleg me veit ganske godt kven som står bak dei to siste visningane i dag. .

fine og fantastiske isabel skreiv forresten eit innlegg om fenomenet allereie i går, der ho mellom anna gjer greie for kva “isabel seier” eigentleg går ut på.

i tillegg til at eg har hatt uforklarleg masse vitjingar på bloggen i forgårs (eg skreiv då verkeleg ikkje noko då?), synte ei lenkje frå gårsdagen at bloggen min har blitt omsett til tysk gjennom google translate. dette er jo sjukt! sjukare vert det av at det er dette innlegget personen har hatt så intenst lyst til å lesa på sitt eige språk, nemleg det uhøgtidlege referatet frå den interaktive tysktimen me hadde i huin102!

tyskblogg

sidan kolonna er så smal kan eg diverre ikkje ha større bilete, så  her kjem nokre av høgdepunkta:

tysktime

nokre av overskriftene:

Me er i gang.Eller ikkje. Merk at på dette tidspunktet i undervisninga retter folk opp handa når dei lurar på noko :

Wir sind in gang.Eller nicht. Beachten Sie, dass zu diesem Zeitpunkt in der Lehre Menschen die richtige Seite, wenn sie auf etwas lurar:

Kaoset er eit faktum. Elevane vil ha friminutt. Gullungane vil ha ro til å konsentrera seg. Øystein prøver å oppmuntra til læring, men gjev opp og sender elevane på den nyoppretta gangen i staden. Me tek pausen som ikkje var lov fordi den braut med rollespelkonseptet.

Das Chaos ist eine Tatsache. Die Schüler haben die Pause. Gull Kinder noch zu konzentrieren. Øystein Lernen zu fördern, sondern die Aufgabe und das Senden der Schüler in die neu geschaffene Zeit statt. Me, die den Bruch, der nicht zulässig, weil die Rolle blustering mit Konzept.

Attende frå pause og mykje rot og subjektiv trong til fôr, drikke, toalettbesøk…og bestikk. Tysklærar får retta nynorsken sin.


Zurück aus Pause und viel rot und subjektiven trong zu füttern, trinken, toalettbesøk … und Besteck.
Deutsch lehren wird festgelegt nynorsken sin.

……………………………………………………………………………………………………….
Elles tykkjer eg om hybridspråket som oppstod fordi gugel ikkje kan nynorsk, særskilt den nye teksten øvst på sida:

ida Nerds im Netz – freistnad für die Reflexion rund um die Uni-Themen, sowie eine ständig wachsende Zahl von ausserhalb im Zusammenhang fjas

særskilt bra er “ausserhalb im Zusammenhang fjas”. (“utanfor i samanhengen fjas”).

eg er litt engsteleg for korleis det går med personen som gjennomførte denne omsetjinga, etter å ha truffe på det innlegget på bloggen som utan tvil er lengst ute av alt som er skrive her. tysktime på MOO, liksom! og som om ikkje det er nok, er læraren ein tysk romanfigur, og alt går føre seg i ein konsentrasjonsleir (det ordet greidde heldigvis ikkje gugel å omsetja). korleis personen fann bloggen? jau, dette kjem òg fram av statistikken. det syner seg at ein finn den interaktive huin-tysktimen om ein søkjer på “nackt im klassenzimmer”!

i november ei gong var eg nøgd fordi wordpress gav meg nokre spreidde nynorskord i bakomfunksjonane* til bloggen min.

eg har etterkvart skjøna at det er eit omsetjingsopplegg på gang, som eg er så heldig å få ta del i som overlukkeleg observatør på sidelina. hadde eg vore meir teknisk hadde eg sjølvsagt drive med den konkrete omsetjinga sjølv. så har det jo sin sjarm, dette å sjå på at andre arbeider også. særskilt når dei som utfører arbeidet brått fann ut at det var deira tur til å laga middag, og laut skunda seg heim midt i omsetjinga av ei frase, som her (midt på):

dontgloym2

dontgloym3

no kjem eg faktisk aldri til å gløyma “http://”!

merk elles den rådande forvirringa kring omgrepet “kategori” i margen til venstre. det er mykje slikt om dagen. det er kjekt. er bokmålsversjonen slik også? for eg tykkjer jo at det er litt rart – men kjekt – at nynorskomsetjinga tek utgangspunkt i den engelske versjonen, og ikkje ein allereie eksisterande norsk versjon. så dette skulle jo tyda på at ein slik allereie eksisterande norsk versjon ikkje finst – eventuelt at denne ikkje er fullstendig enno. hm?

ja, eg meiner det, eg er oppriktig interessert i slikt.

*alt som ikkje er på framsida, altså. alt som de vitjarar ikkje kan sjå.

bloglovin sa eg skulle gjera slik. eg er spent på kva som skjer no. eller om noko skjer i det heile. men eg gjer alt om eg vert spurd på svensk.

Följ min blogg med bloglovin

ei oppgåve frå mariell, sjølvsagt.

vel, skjermen min er grøn og rotete, med amélie midt på.

(vankar det handikap-poeng sidan eg faktisk har  f o t o g r a f e r t  den?)
print screen-knappen vart nytta i alle mogelege kombinasjonar, også åleine, men alt utan resultat.

skjerm1

times are hard for dreamers

ampoulin

“Have you ever blogged before? Do you read blogs? Link to some blogs or other websites you enjoy. Do you like the idea of blogging?”

Eg har blogga tidlegare, og i skrivande stund har eg høve til å bidra til tre bloggar. Min første blogg er ein felles veneblogg som “gjengen” heimefrå oppretta for å kunne halda kontakten då me flytte til ulike kantar av landet etter vidaregåande. Denne bloggen, kaaten, er framleis oppegåande, men sjølvsagt ekstremt intern. Like intern er portvinsbloggen, konsept og blogg utvikla saman med Ane. (Portvin- og kaaten-bloggane kan de finna i vevlogg-oversikta til høgre.) Denne bloggen, nerdebloggen, er den einaste bloggen som berre er min. (I den grad ein kan krevja eigarskap til noko på nettet, då.) Nerdebloggen vart oppretta i samband med faget huin102, som eg tok i fjor haust. Eg likte så godt å blogga at eg byrja å blogga utanomfagleg, og heldt fram med blogginga etter eg var ferdig med faget.

Eg likar å lesa andre bloggar. Eg les mest bloggar til folk eg kjenner, då eg tok huin102 følgde eg òg med på bloggane til medstudentar for å vera mest mogeleg oppdatert, og å få andre sine innfallsvinklar på faget. Diverre var me ikkje så mange som følgde opp blogginga,  så så veldig mange vinklar vart det ikkje.

Her er to sider som er ei vitjing verd:  Mariell sin vakre fotoblogg. Ho har eit prosjekt gåande som de gjerne kan vera med på om de vil! (ho gjer PostSecret på norsk, for dei som kjenner til dette.) Eg likar òg tjuvlyssnat, ein blogg der folk skriv inn overhøyrde samtalar. Denne bloggen er svensk, det finnast ein norsk versjon òg, men den tok aldri heilt av. Eg reknar med det finst mykje slikt på engelsk òg.

Eg likar blogging, truleg særskilt fordi bloggar er dynamiske. I motsetnad til personlege nettsider gjev dei høve til meir aktivitet og innspel frå andre enn sida sin eigar. Dei er meir levande.

idag: beskjeden mine vener får når wordpress slit med tenarane sine, og som isabel gjorde meg merksam på:

Goshdarnit!

Something has gone wrong with our servers. It’s probably Matt’s fault.

We’ve just been notified of the problem.

Hopefully this should be fixed ASAP, so kindly reload in a minute and things should be back to normal.”

GOSHDARNIT!

Neste side »