kvifor er du her?

eg får så veldig mange besøk frå huin105-bloggen. eg lurar på kvifor. så sei det. har nerdebloggen blitt blogganalyseprosjekt etter at eg måtte droppa emnet eller noko slikt? og bør eg i så tilfelle skjerpa meg for at bloggen skal innfri som analyseobjekt?

for all del. eg likar masse besøk. eg likar dei som kjem utan grunn òg. hald fram med det.

(viss ingen svarar må eg skriva dette på engelsk av omsyn til dei framandspråklege besøka, og slik språkskjending vil de ikkje oppleva, tru meg.)

Å laga ei samleside

Vibeke, Marchus og eg lagde denne sida. Me fekk mykje hjelp av Regine, som lagde ei eiga side etter same arkitekturprinsipp. At dei norske bokstavane ikkje verkar kjem ikkje av feilkoding, der var det ein tenar som sleit.

Fredag såg sida slik ut:

samlesideweb
(sjå, no kan eg print screen!)

Sida sin arkitektur er valt ut frå våre evner til koding, og av omsyn til brukaren. Me valde å samla lenkjene i enkle undergrupper som ville verka meiningsfulle også for personar som ikkje kjenner til området frå før. “Mat” og “bygningar” forstår dei fleste, medan “Sydneshaugen” og “Ulrikke Pihl” utan annan informasjon ikkje er like sjølvforklarande.

Det vart skrive fleire individuelle sider om nokre av bygningane/stadene i guiden. Me har valt å lenkja til eit utval av desse, men tenkjer oss at ei seinare organisering av sidene kunne hatt fleire nivå – slik at om ein trykkjer seg vidare til HF-biblioteket, kjem ein til ei samleside for alle sidene som er laga om biblioteket.

Hadde tid og evner strekt til ville me truleg nytta bilete for lenkjene på samlesida òg. Det hadde jo til dømes vore fint for vitjarar som kjenner til bygningen sin utsjånad men ikkje namnet. (No skal ein ikkje sjå aldeles vekk frå at dette enno kan skje. Helga er enno ung.*)

Referansar til pensumlitteraturen var det litt verre med, kjenner eg. (Kan det vera noko i den boka biblioteket ikkje har fått tak i enno, skal tru?) Men me har iallefall ikkje kategorisert slik.

Sida er enno under arbeid og vil venteleg sjå noko betre ut på måndag. Den noverande utsjånaden (og den noko ustabile kjeldekoden bak) tek underteikna alt ansvar for.

(*det lagde seg masse turre vitsar ut frå denne setninga. orsak!)

eg lurte på kva i alle dagar han dreiv med,

denne mannen som ser ut til å eiga alt eg har av pensumlitteratur i vår. i tre relativt sjølvstendige fag. hadde eg visst betre kring 15. januar hadde eg investert i ei bok som utelukkande tok føre seg Halliday sine teoriar, og spart intenst mykje peng på å sluppe å kjøpa resten av pensum. Halliday sitt pensummonopol har gitt meg mykje gratis samtlege tre fag, så eg skal jo ikkje klaga heller.

 

det var ein avstikkar, for eg skulle jo finna ut kva han dreiv med. nettet kunne melda at han var ein lingvist, frå england og australia, som hadde studert kinesisk i lange tider.  han utvikla den systemisk funksjonelle lingvistikken. det er stort sett denne lingvistikken hans som tar aldeles av oppe på HF om dagen, og infiltrerar dei andre språkteoriane me har brukt aldri så lang tid på å læra inn. orda er ikkje setningsledd lenger, no er dei funksjonar, eller vent no litt, ein kan framleis bruka setningsleddnamna på dei, berre ein er medviten på at dei samstundes har funksjonar, og forresten heiter det ikkje setning heller, men prosess, eventuelt kallar me berre verbet prosess og resten noko anna, for det kan vera masse prosessar i ein setning, delsetningar heitte det før, men det må de ikkje skriva på eksamen, då vert funksjonane lei seg. dette må de ikkje ta for god fisk, for den mest Hallidayske pensumboka driv og blandar inn ein del andre – også dei aldeles nye – teoriar i Halliday si tenking. det går stort sett i andre namn (termar!) på ting me kjenner frå før. men altså, i denne pensumboka, to nye termar for kvar gamle term.

denne lettbeinte tilnærminga til teorien hans var eigentleg ein grov avstikkar frå poenget. poenget er eigentleg:
han var lingvist altså? kva gjev du meg? eg må innrømma at eg venta meg noko litt sjukare enn det. iallefall ei lengre utgreiing om korleis han kom fram til teorien sin (som visstnok skal høva best for ikkje-indoeuropeiske språk). kanskje noko om den halvkriminelle framgangsmåten han truleg nytta for å få teorien sin til å verta einerådande i pensumlitteraturen. men Halliday var berre snill og grei, han. det sjukaste eg kunne finna var at han studerte i kina i nokre år. tekstane er omlag slik: “Halliday studerte kinesisk. så studerte han lingvistikk. så fekk han jobb. så fann han på den systemisk funksjonelle lingvistikk-teorien. så jobba han litt meir.”

det er jo gildt å vita at ein kan vera snill og grei samstundes som ein finn på sjukt heftige lingvistiske teoriar.

eg laga dei obligatoriske lenkjene mine heilt åleine

det er omstenda kring dette som er vanskelege altså. å koma seg inn på datarommet (kortet verka). å gå attende i tankane og freista å hugsa korleis ein logga seg inn på hoguslg og secure shell. å finna ut kva som er gale når lenkjene ikkje verkar på fyrste, andre, tredje, fjerde og femte freistnad. (då las eg meg fram til korleis det skulle gjerast i kjeldekoden til dei andre studentsidene. effektiv sniking. men eg meiner at eg gjorde det riktig fyrste gong då, ikkje godt å seia kva som hende der.) det var forresten direkte utruleg at datarommet var ledig. nett so da sko’ vå telaga.

i førelesinga idag fekk vi høyra at fargen gult representerer sjukdom og daude. der fall det nokre brikker på plass! til dømes forklarar dette rimeleg greit kvifor eg er ei katastrofe i blodbanken. det er sjølvsagt veggjene i blodgjevarrommet si skuld. meir dyster gulfarge skal du leita lenge etter, den er omlag slik:

gulweb

bør dette kombinerast med blod? nei. bør det inngå i fargekartet på eit sjukehus i det heile? truleg ikkje.
men eg døydde ikkje, eg sit jo her og skriv. (no har eg mist markøren, det var ilt irriterande) ikkje mista eg synet heller, ikkje ein gong fargesynet (diverre, det hadde eg jo kanskje vore tent med, m.o.t. veggjene), slik eg plar i liknande situasjonar.

…men eg oppmodar til å gje blod då! (opp alle jordas fargeblinde) også oppmodar eg blodbanken til å måla om, samt å setja inn vindauge. og nokre skiljeveggjer.

takk til: paint, for utlån av umotiverande farge.

I seminartimen igår diskuterte me Jacob Nielsen sin tekst.

Poenget i teksten er at lesarar av nettsider ikkje les teksten ord for ord, men scannar den etter interessant informasjon. Dette må ein ha i bakhovudet når ein skriv tekstar for nettet,  og tilpassa tilpassa teksten scanninga ved å disponera den slik at den er lett å scanne. Jacob Nielsen sine tips er å nytta:

  • highlighted keywords (hypertext links serve as one form of highlighting; typeface variations and color are others)
  • meaningful sub-headings (not “clever” ones)
  • bulleted lists
  • one idea per paragraph (users will skip over any additional ideas if they are not caught by the first few words in the paragraph)
  • the inverted pyramid style, starting with the conclusion
  • half the word count (or less) than conventional writing

Eg meiner: Eg veit ikkje om eg tykkjer han kjem med revolusjonerande nyhende her – men så er jo teksten frå 1997 og, då. Dei same tipsa lærte me for skriving av avistekster òg..

Ein kan òg spørja seg om han sjølv tok omsyn til funna i si eiga undersøkjing då han valde å smetta inn den utruleg keisame tabellen nedst i teksten. Som attpå ikkje er særskilt forståeleg (korleis kjem ein fram til 124%?). (Truleg var det eit medvite val då, ut frå den snudde pyramide-stilen – han hadde allereie presentert poenget, og det var ikkje så farleg om lesarane ikkje ville lesa tabellen òg.)

mine favorittar frå universitetsområdet:

marianneweb

marianne, med si russiske pensumbok.
dei hadde lært bokstaven k idag, trur eg.

resirkuleringweb

mitt kjærkomne returpunkt frå dei farne tider då eg budde i allégaten.
og nokon har rydda kring det!

boktarnetweb

eg kan lika trappa i boktårnet til HF-biblioteket. det luktar veldig godt her…

boktarnweb

…og så har einkvan hengt opp livssoga til amalie skram mellom 1. og 2. etasje!
(einkvan har diverre ikkje bytt ljospære, det er difor det ser ut som biletet er teke i eit symjebasseng)

jkyrkja4web

eg kan godt lika johanneskyrkja òg. og utsikta ned til sentrum.

jklokkaweb1

eg har eit hat/elsk-forhold til denne klokka.
den var på sitt verste då eg hadde tyngre tysk grammatikk vis-à-vis.

kvifor eg valde å ta huin105. her kan eg lett gå på ein smell av typen “få sparken frå jobben grunna noko eg skreiv på bloggen” (“verta kasta ut frå uni”-versjonen). nuvel. greia er at eg går på bachelorprogram i språk og informasjon, med spesialisering i tysk. sidan dette er eit program er dei fleste faga bestemt frå byrjinga av, og eitt av desse faga synte seg å vera huin102, som (- no kjem det bitre -) ikkje har noko særskilt relevans for språk og informasjonsstudentane. knapt eit touch av relevans i det heile, faktisk. unnateke tekstkoding, som nokre av oss kom borti i praktisk informasjonsarbeid. (- no sluttar det bitre – ) det er då det syner seg at nokre av mine medstudentar tok huin105 som valemne våren 08 (- me andre valte i same tidsrom å fokusera på spesialiseringsspråket sidan det strengt nok framleis fanst hol å tetta – ) og oppfatta dette som meir relevant for språk og informasjon sidan det var mykje meir praktisk enn huin102. så – då vil jo eg òg, endå eg ikkje har tid eller noko (bachelorprogrammet stiller sterkt med to obligatoriske emne i vår). men eg prøver.

og – her er grunnen til at eg ikkje deltok i undervisninga førre veke. ein noko impulsiv (studie-)tur til berlin:

berlinbrtor

helene bommar skikkeleg i sin freistnad på å lyfta brandenburger tor

berlinchai

odin og janne drikk verdas beste grøne chai latte på caféen med verdas suraste service

berlinerubahn

under alexanderplatz

ubahnjogh1

framleis under alexanderplatz og nokre truleg utilsikta rykningar

No skal eg ta stilling til kva eg tykkjer om at huin105 har si eiga Facebook-gruppe, om korleis universitet bør nytta Facebook, og om verksemder bør ta Facebook i bruk i sin nettstrategi. (Omlag slik, for eg er ikkje så god i engelsk i utgangspunktet, og har i tillegg nytta to timar i dag til tyskoversetjing.)

Her er mi synsing. Eg er ikkje noko fjesbokfan frå før av, endå eg har profil. Eg er det klassiske dømet på ein fjesbokbrukar som følgde straumen dit fordi all kommunikasjonen mellom vener og kjente plutseleg skulle gå føre seg der. (Kommunikasjonen har heldigvis seinare gått noko tilbake til før-fjesboklege kanalar) At det no finnast ei huin-gruppe på fjesboka er forsåvidt greit, endå det ville vore meir naturleg om dette var noko studentskapt – så vidt eg veit er det lærarane som har oppretta gruppa? Eg tykkjer ikkje universiteta treng nytta Facebook i det heile, me har allereie informasjonskanalar nok, som studentportalen og fagbloggen. Om det vert naudsynt å sjekka fjesboka også, vert det eit ekstra stressmoment. Men eg reknar med at dersom Facebook skal nyttast i universitetssamanheng vil det vera for særs uformelle meldingar og slikt.

Det med verksemder og organisjonar veit eg ikkje heilt om eg forstod heilt, kanskje de snakka om det i undervisninga førre veke? Eg tykkjer Facebook er for useriøst slik det er i dag til å kunna takast effektivt i bruk av verksemder. Dette er likevel meir grunna at Facebook verkar så useriøst, enn fordi teknikken ikkje ville innfridd verksemdene si trong. For organisasjonar fungerar det sikkert betre. (Alle organisasjonar eg er tilknytt er på Facebook iallefall)

“Have you ever blogged before? Do you read blogs? Link to some blogs or other websites you enjoy. Do you like the idea of blogging?”

Eg har blogga tidlegare, og i skrivande stund har eg høve til å bidra til tre bloggar. Min første blogg er ein felles veneblogg som “gjengen” heimefrå oppretta for å kunne halda kontakten då me flytte til ulike kantar av landet etter vidaregåande. Denne bloggen, kaaten, er framleis oppegåande, men sjølvsagt ekstremt intern. Like intern er portvinsbloggen, konsept og blogg utvikla saman med Ane. (Portvin- og kaaten-bloggane kan de finna i vevlogg-oversikta til høgre.) Denne bloggen, nerdebloggen, er den einaste bloggen som berre er min. (I den grad ein kan krevja eigarskap til noko på nettet, då.) Nerdebloggen vart oppretta i samband med faget huin102, som eg tok i fjor haust. Eg likte så godt å blogga at eg byrja å blogga utanomfagleg, og heldt fram med blogginga etter eg var ferdig med faget.

Eg likar å lesa andre bloggar. Eg les mest bloggar til folk eg kjenner, då eg tok huin102 følgde eg òg med på bloggane til medstudentar for å vera mest mogeleg oppdatert, og å få andre sine innfallsvinklar på faget. Diverre var me ikkje så mange som følgde opp blogginga,  så så veldig mange vinklar vart det ikkje.

Her er to sider som er ei vitjing verd:  Mariell sin vakre fotoblogg. Ho har eit prosjekt gåande som de gjerne kan vera med på om de vil! (ho gjer PostSecret på norsk, for dei som kjenner til dette.) Eg likar òg tjuvlyssnat, ein blogg der folk skriv inn overhøyrde samtalar. Denne bloggen er svensk, det finnast ein norsk versjon òg, men den tok aldri heilt av. Eg reknar med det finst mykje slikt på engelsk òg.

Eg likar blogging, truleg særskilt fordi bloggar er dynamiske. I motsetnad til personlege nettsider gjev dei høve til meir aktivitet og innspel frå andre enn sida sin eigar. Dei er meir levande.

Neste side »