
eg er jo alt for seint ute med innlegget, men eg gjorde ein innsast for å fotografera skoa mine den dagen. dei er gamle, og ikkje særleg fotogene lengre. det er utruleg vanskeleg å ta bilete av sko når ein har dei på.
desember 10, 2008

eg er jo alt for seint ute med innlegget, men eg gjorde ein innsast for å fotografera skoa mine den dagen. dei er gamle, og ikkje særleg fotogene lengre. det er utruleg vanskeleg å ta bilete av sko når ein har dei på.
desember 5, 2008
det vert lite nerding og mykje vas framover. no er siste oppgåva levert, og det er jolaferie!
eg har pynta med kalenderen mamma laga til meg då eg gjekk på folkehøgskule.

nokre av lappane hadde overlevd flytting og lagring.

fin!

(det var ein sjokoladefigur)

regnbogehesten på baksida.
desember 4, 2008
eg har skrive ferdig prosjektoppgåva. siste korrektur vert i åttetida imorgon tidleg. følgd av det vanlege printa-stifta-og-levera-stresset. men klokka 13. er det ferie, og ein heil månad som eg kan disponera som eg vil. eg både vil og ikkje vil verta ringt frå jobben. eg vert jo løyen av å ha så mykje fritid. og pengar lyt ein jo ha. samstundes hadde det vore utruleg herleg å berre vera a l d e l e s fri.
i hovudet har det ikkje vore rom for anna enn harvard og “korleis i fanden finna sidetalfunksjonen i open office?!” i kveld. då både internet explorer og eld-reven nekta å samarbeida i halv ni tida opplevde eg eit mindre samanbrot – kva med innleveringa? heldigvis har isabel tekniske fingrar (ho kan seriøst heala BÅDE nettoppkoplingar OG smittande hyperlenkjer i tekstdokument. med småknepping utan å endra skjermbilete. eg var innom alle innstillingar utan reaksjon.)
mariell-kalenderen vil at me skal fotografera kjøleskapet.
det var jo overkommeleg, om enn litt pinsamt og…intimt.
utanpå: gamle beskjedar i oppløysing
inni: me samlar på ymse væske. og eg skal rydda i helga.
i døra: endå meir væske, eg er flink å ta tran, og isabel plar å
ha sjokolade øvst, sjølv om sjokolade er best i romtemperatur.*
*som prova på hjelpekorpset i kveld. nokre av oss har alltid
visst det.
desember 4, 2008
mine bilete til mariell si herlege jolakalender-tevling.
(…og endå ei ny erfaring for bloggen.)
same bilete to gonger sidan det trass alt var ein del lappar på den tavla.
med like fine ord.