eg kom heim til denne traumatiske hendinga:

burberryw

(ja, det er eit heildekkjande burberrysjal/pledd du ser!) som ei følgje av dette vart eg litt skadd i hovudet eit bel, og særs motlaus i høve til skulearbeidet. då er det gildt at det finst ei som hentar solbærte – på eit prikkefat – til meg!

tew

og kindersjokolade!

kinderw

(fjas på fjesboka er også ein del av terapien. det var dessutan gjevande, slik ein kan sjå i førre innlegg)

etter teen og sjokoladen gjekk det betre. i staden for å liggja i ein traumatisert krøll på golvet, har eg både skrive innleiing og fått heile genussystemavsnittet på stell. so no er det faktisk berre korrektur og korting att til eg kan levera (og då er det berre til å setja seg med neste oppgåve, men det er ei anna soge).

med jevne mellomrom kommer diskusjonen opp i heimen (men oftest på – og fremprovosert av – sms); kan en egentlig skrive “likar” på nynorsk? hver bidige gang må ordlista fram, og den melder følgende:

likeweb

både “likar” og “liker” er heilt okei, men en har å kjøre korrekt bøying til alternativet man velger, da.

28.08.09:

finnastw

ida bur seg til eksamen og freistar å skriva kvart andre innlegg på bokmål framover hausten. dette er eitt av dei.

“oi. der datt den i golvet”
“ka då?”
“Dag Solstad. Den som eg er så glad i”

Ida er ikkje så glad i Dag Solstad om dagane. Det går for seint, og ho ser meir glede i å rekne ut kor mange prosent ho har lese enn å faktisk bli ferdig med boka. Det går treigare med lesinga enn rekninga. For alle som veit kor glad Ida er i matte, seier det litt om motivasjonen.

-i

slik finn folk bloggen min:
idabelle

slikt lyser opp statistikksida! endå det er mogeleg me veit ganske godt kven som står bak dei to siste visningane i dag. .

fine og fantastiske isabel skreiv forresten eit innlegg om fenomenet allereie i går, der ho mellom anna gjer greie for kva “isabel seier” eigentleg går ut på.

sprachliebe

det er mogeleg me har lært å ikkje nytta fotnotar når me omset, fordi teksten då ‘avslører’ at den er ei omsetjing. i tillegg peikar gjerne fotnoten på noko som omsetjaren ikkje har fått til, grunna skilnadar mellom språka. det er jo kan henda litt pinsamt. det er mogeleg at eg veit alt dette, og likevel  e l s k a r  alle fotnotar eg finn i dei litt eldre bøkene mine. (då det ikkje vart tatt for gitt at folk kunne engelsk og fransk. nokre av oss treng rett nok framleis fotnotar i høve fransk.)
me vil ha fotnotane attende! sjå på dette praktdømet:

jekyllhydeweb

og – for å visa at eg er klar over at det er påske:
appelsinweb

(dette, emilio, gjer eg berre for å gleda/roa deg. det gledde ikkje meg så mykje, nemleg. jfr. nedanføre.)

: all den fine posten, i sensurert utgåve.

og alle som trur det er lett som ein plett å berre byta ut bileta i ein post i wordpress, vil møta det same <span>-helvetet eg nett har vore gjennom. eit aldeles vilkårleg fenomen, som grip inn i delar av tekststrukturen du ikkje visste at fanst ei gong.

….men posten er fin då, bevares:

postweb2

det biletet i midten har tapt seg noko, men hufsa er like gild som alltid!

post2web2

eg er glad i dykk!

fjernsynstårnet mimer ei helg. åleine heime? ja.
fernsehturm

sjå, eg syr skjørt til deg!

skjc3b8rt1web1 omsaumweb

 

 

p5web

 

                                                                                            

      

                                                                                                    (og takk for jolegåva, live.)

Neste side »