mine favorittar frå universitetsområdet:

marianneweb

marianne, med si russiske pensumbok.
dei hadde lært bokstaven k idag, trur eg.

resirkuleringweb

mitt kjærkomne returpunkt frå dei farne tider då eg budde i allégaten.
og nokon har rydda kring det!

boktarnetweb

eg kan lika trappa i boktårnet til HF-biblioteket. det luktar veldig godt her…

boktarnweb

…og så har einkvan hengt opp livssoga til amalie skram mellom 1. og 2. etasje!
(einkvan har diverre ikkje bytt ljospære, det er difor det ser ut som biletet er teke i eit symjebasseng)

jkyrkja4web

eg kan godt lika johanneskyrkja òg. og utsikta ned til sentrum.

jklokkaweb1

eg har eit hat/elsk-forhold til denne klokka.
den var på sitt verste då eg hadde tyngre tysk grammatikk vis-à-vis.

i to dagar gjekk det seriøst og greit føre seg. så kom me til stikkorda innanføre semantic web, og det var då me mista bakkekontakten. heldigvis kunne me utagera på tavla i grupperommet.

kollokvi2web

I_SemanticWeb P_knows I_Ontologi (SemanticWeb og Ontologi er her to instansar av klassen ontologiar.)

kollokvi1web

kva skriv marianne? vil me nokonsinne få vita det? 

kollokvi3web

nei. for det var ikkje OWL ho skreiv. her har ontologiane knytt seg saman til ein kjempeontologi (som straks skal oppleva brutale inngrep. ontologiar er ikkje gode til å representera informasjon i endring, så dette kan verta kritisk!) som det kjem fram av biletet: den semantiske web’en regjerar, medan den gamle web’en – 1.0. – berre vert ei pingle i forhold.

eg skal freista å oppsummera dagens time kort og treffande:

rollespel igjen. me er på ei øy. me er voktarar og fangar. me forstår ikkje poenget. voktarane kneblar og fengslar fangane. me forstår ikkje poenget. me får vrakgods. me forstår ikkje poenget med vrakgodset. voktarane kneblar og fengslar fangane.

pause.

lærarane ler av oss fordi me ikkje forstår poenget. dei hintar, men me forstår ikkje. dei hintar meir, ler. me forstår det ikkje. forstår ikkje! nokre ord var ikkje lov i samtalen, kva for ord var det? me skreiv dei ikkje, så me veit ikkje. lærarane hintar og ler. me forstår ikkje. noko med biletet i vrakgodset. noko med gutar og jenter. kjønn. me forstår ikkje. noko med roller. kven var voktarar? kven var fangar? nesten ingen var voktarar. dei var jenter. øystein var ingenting. kva var øystein? lærarane vil snakka om voktarane. dei var jenter, men me forstår ikkje. kan rollene endrast? lærarane er nesten lei av å le av at me ikkje forstår. korleis kan fangane bli voktarar? me veit ikkje. noko med kjønn. berre jenter er voktarar. berre dei som har registrert seg som jente i moo-en var voktarar. slik var spelet programmert. dei fleste var nøytrale i høve kjønn, og dei nøytrale og gutane vart automatisk fangar i spelet. berre om ein endra kjønn til jente i innstillinga til moo-en, kunne ein verta fri frå fangenskapet. me forstår dette. var det poenget? ja, for det syner at ein ikkje alltid har kontroll over eigne handlingar på nettet.

det vart visst ikkje særskilt kort, men ganske treffande.
enno meir treffande: her.
for å mjuka opp vil eg nett slengja inn nokre linjer om at huin102 sikkert er eit greitt fag i sin eigen kontekst. (dømesvis informatikkfilosofi, pedagogikk, ikt-fag) me likar jo kontekstar på humanistisk fakultet. (likar å skulda på dei når det skjer seg) i språk og informasjon-konteksten har ikkje huin102 funne seg heilt til rettes – og kan ikkje gjera det heller.
 

igår las eg forresten om noveller på seks ord. interessant:
http://www.dagbladet.no/kultur/2008/10/25/551540.html

om de les artikkelen kjem det sikkert ikkje som noko overrasking at setninga

“semantic web har flere lag. minst.”kan fungera som ei seks-ords-novelle. og ei riktig god ei, attpå! til lukke, marianne, du er forfattar!