då bror min og eg var ein stad mellom 6 og 8 år, planta me kvart vårt epletre i vindaugskarmen inne, slik ungar har ein tendens til å gjera. dei vaks valdsamt, og me flytte dei entusiastisk ut i hagen då dei ikkje kunne vera inne lenger. medan bror min sitt tre stod særs utsett til i utkanten av akebrettrenna, og grunna dette raskt knakk og døydde, heldt mitt tre fram med å overleva og veksa. no er det stort. mykje større enn eg:

epletree-(3)w

i fjor tok det jamvel til med å produsera eple. dette er jo slikt ein kan venta seg av eit epletre som har vakse ei tid, og sju-åtte-ni-årige ida hadde vore særs nøgd om ho hadde fått nyss i dette. 22-årsversjonen hadde nesten gløymt heile treet då ho brått fekk beskjed om å hausta inn fjorårsavlinga, som var omlag ein halv berepose med ganske små og sure frukt.

epletreew

treet slo til i år òg, med litt større eple, faktisk, og eg innbillar meg at dei ikkje er like sure som fjorårsepla heller (ja, eg har smakt). dei finaste var høgt oppe / langt vekke, og måtte rakast ned.

epletree-(1)w

resultat:

epletree-(2)w

dobla produksjon etter fjorårsmengda (vart det rett?). dei største kan etast, dei minste må me finna på noko anna med. mos? kake? kurs i sjonglering? tida vil syna!

(framhald)

kva høver best å eta saman med gamalost?

her er nokre framlegg frå ein føremiddagsmatsprat nede hjå besto.

Besto tykkjer det skal vera noko skikkeleg søtt saman med osten, honning eller sirup, medan Tanto tykkjer moltesylta er det aller gildaste. ho legg til at den optimale skjevo får ein om ein har med seg nista med gamalost på moltetur, og lurar nokre ferske bær – rett frå stilken – inn i blingsen når ein har pause i lyngen. Uncle A tykkjest å meina at osten er tilrekkjeleg god i seg sjølv, og svergjar til dagleg bruk. nokre meiner dette dette daglege inntaket snarare er motivert av at gamalosten inneheld penicilin, enn av den gode smaken. dei som likar smaken framhevar at her får ein i pose og sekk, og at det ikkje gjer noko at ein styrkjer immunforsvaret samstundes som ein et ei god skjeva!

Syskjenbarnet og Nettnerden er litt skeptiske til heile osten, sidan det oftast finst betre ost på bordet. særskilt Nettnerden meiner at ein i staden for å snakka om kva som høver best til osten, kunne ta opp om ein i det heile tatt treng å inkludera gamalosten på skjeva. kanskje tilbehøret er endå betre utan osten? no skal det innvendast at det er lenge sidan nettnerden åt ei gamalostskjeva. då var det heilt greitt, men utan tilbehør. så ein skal ikkje sjå vekk frå at tilbehøret faktisk kan gjera mykje for gamalosten. dette skal eg testa, og rapportera, ved eit seinare høve.

under føremiddagspraten fekk me òg vita at gamalosten ikkje er så veldig gamal eigentleg. det gjekk ifølgje Besto “ganske fort” å framstilla vara, utan at hugsar nett kor fort det var. ymse sider på veven meiner det er kring fjorten dagar. frå wikipedia kjem det fram at osten også er utruleg sunn; 1% feitt og 50% protein er jo ikkje gale! du godaste!

det er vanskeleg å finna gode råd om kva ein bør eta innåt osten på veven. men ein finn så mangt anna, til dømes at gamalosten har sin eigen festival, den har me diverre gått glipp av i år. også vert ein lur i hovudet av å eta han – kanskje ein skulle ta til å dela det ut på barneskulane, i staden for frukta dei ikkje vil ha?

ei høveleg avrunding på innlegget er Hulda Garborg sine ord om osten:

«Ingen ost kann vera so fin, og ingen so fæl som gamallosten. Han vert laga paa ymse maatar, og paa alle maatane kann han bli god, og paa alle maatane kann han bli vond. Han hev temparement som fin vin, og er lunut som ei altfor ven ungmøy; det er løyndomsfulle makter i han som i ingen annan norsk ost.» (sitatet fann eg her.)