når nepa har fått nok (eller hjernen er full om du vil), men trongen til å gjera noko konstruktivt med fagstoffet framleis er til stades, er det på tide å involvera post-it’ar* i eksamenslesinga. ritualet vart første gong innført i samband med kleine deutsche geschichte, truleg tidenes minst vellukka freistnad på å komprimera tysk historie ned til ei frekk lita pocketbok. for å få eit slags oversyn klistra eg dei viktigaste historiske hendingane opp på ei omfangsrik tidsline som fulgde med litteraturhistorieboka, og slik vart grunnlaget for eksamenstradisjonen lagt. ordnung muss sein!

her er “språket som mening” på ni limlappar (den øvste står det jo berre “maagerø” på sant. eg kan telja.) det lyt nok ein ekstra lapp til for dei slitsame kohesjonsressursane i kapittel sju. nedst til høgre i systemet. at skrifta ikkje kan lesast er sjølvsagt medvite valt, for å sikra rettane til konseptet.

postitnett
*det var her eg kom på at “limlapp” var eit mykje betre omgrep, fordi det er skrive i eit ord, er norsk, og er lettare å gjera om til fleirtal enn “post it” (ja, for eg seier “post-ittar”, ikkje “post its” liksom).

kampen mot maksgrensa på 5000 ord, uttrykt med tal.

man: 4165
tys: 3824
ons: 5071
(tors: - )
fre: 5709
laur
: 5532
sun 5264
mån 5343


med to
feite tabellar (= 800 ord) i analysedelen, er eg svært nøgd med det siste talet. som det elles kjem fram av oversikta kan ein sjå at eg a) var svært produktiv mellom onsdag og fredag, også kalla torsdag. b) sov ganske dårleg natt til laurdag.

kvelden skal brukast til å leva seg inn i det forvitnelege referansesystemet chicago.

sidan eg brukar alle omgrep eg kan på semesteroppgåva, vert det ikkje så mange att til blogging. det får eventuelt verta etter eg har kutta dei 1500 orda som er over makslengd. det vert mobilbileteblogging i staden! (men eg har ikkje sunke så djupt at eg bloggar frå mobilen endå, altså)

fire dagar att til innlevering ser slik ut:

semesteroppgaveweb

her har eg nett fått skrive ut teksten etter tre mislukka freistnadar. 1) shait, dataen som er tilknytt skrivaren kan jo ikkje lesa open office! 2) fankerten, den kan ikkje opna pdf skapleg heller 3) “pål, den vil berre lagra teksten, ikkje skriva ut, kan du fiksa detta?”

korrekturlesing

laugen les korrektur og kjem med framlegg i høve nokre problematiske avsnitt.

no er faktisk oppgåva ein samanhengande tekst med byrjing og slutt. midten (analysa) er ferdig. no skal innleiinga verta tilpassa det eg faktisk har gjort (…), og avslutninga verta utstyrt med nokre slåande poeng.

i tilfelle nokon skulle lura på kva ei semesteroppgåve om nominalisering*  går ut på, er det dette.

* kan også verta omtalt som substantivering, og omtalar ein prosess der ein lagar substantiv (“ting-ord”)  av verb (“gjere/handlings-ord”) eller adjektiv (“ord som skildrar ting-orda”).

samla og samanlikna:

nominaliseringweb

forklaring: orda til venstre er nominaliseringar frå bokmålsversjonen av ei lærebok, fleire er av den typen som har utvikla seg frå eit verb/adjektiv for lenge sidan og no er eit heilt alminneleg ord, som t.d. “sparing” og “frihet”. orda til høgre er dei tilsvarande orda i nynorskversjonen av same lærebok. om det ikkje er noko ord i nynorsklista er det fordi same ord (evt med minimale endringar) vert nytta i båe språk. dei gule linene er stader der nynorsklæreboka vel å unngå nominalisering, og difor må skriva setninga annleis. spanande!

eg har kopla meg av verda og kretsar no kring i ein ujamn bane som heiter semesteroppgåve i nosp209. der handlar alt om nominalisering, som er mykje vanskelegare å skildra enn det ein skulle tru. sidan igår har eg putla med faktadelen som strengt tatt berre er referering frå boka, for eg har jo fått for meg at eg skal forstå det sjølv òg (det ein ikkje forstår sjølv greier ein ikkje å formidla til andre). den tida som ikkje går med til å forstå boka, går med på å undra seg over kvifor i sydneshaugens namn eg valde semesteroppgåve då eg kunne sluppe med eksamen. mitt univers der, altså.

det hender eg trør ned på jorda ein tur, dette skjer i samband med mat, strengt rasjonert (utan merkbar effekt) bruk av internett, eller gjennom baderadioen. baderadioen melder mangt og mykje,  og er mi mest truverdige kjelde til informasjon om det verdslege samfunnet eg har meldt meg ut av. idag kunne han melda at “innbrot ofte skjer i hus der der finst verdigjenstandar”, og ifølgje sambuar som var på badet før meg at “studentar har dårleg råd”. eg vel å sjå det slik at verda er sett på pause medan eg er vekke. godt eg ikkje går glipp av noko.

eg driv og les ein kjempevanskeleg pensumtekst. eg brukar så mykje energi på å henga med i informasjonsformidlinga (og kva elles denne teksten måtte prøva på) at eg vart svolten ein time etter middag. og det er masse svingar her, samt jamleg veksling mellom kjempehøgt fagspråk og meir lettbeinte vendingar  (tittelen til innlegget er eit autentisk ord rett frå teksten). me må heller ikkje gløyma den store mengda spørsmål det aldri kjem svar på – eg reknar med at svara har fått sitt eige avsnitt heilt på slutten.

slik kjennest det ut:

tekstenweb

og no: nokre “best of”-setningar frå den gilde lesinga. ikkje at de kjem til å få noko som helst ut av det, det gjer iallfall ikkje eg.

forstå det om du kan:

“for å gjøre tredje ordens informativitet forståelig må mottakeren nedgradere tredje orden til andre orden”
(tilnærma lik: for å få lesaren til å forstå vanskeleg informasjon må ein uttrykkja seg enklare)

“relasjonsmaksimen om relevans er et grunnlag som tematisk og makrostrukturell analyse må hvile på, og som er avgjørende for teksters koherens. Den er derfor en sentral maksime for tematisk tekstanalyse og indeksering i dokumentasjonsbasert tesaurusarbeid.”
(anar ikkje)

“Av det følger logisk at definisjoner ikke kan vurderes fyldestgjørende i et abstrakt vakuum”
(dette er eit abstrakt vakuum! und wie!)

“Begrepsfeltene struktureres så videre til tematiske hierarkier med assosiative relasjoner på tvers av hierarkiene hvor det er “nyttig” i gjenfinningssammenheng.”

“Temahierarkier (…) anvendes innenfor informasjonsgjenfinningssystemer.”
(denne forstod eg faktisk. men det siste ordet er…sjukt.)

“Gjennom det kommunikative dynamikkbegrepet er det imidlertid ikke mulig å etablere en isoleringsprosedyre for tematiske enheter i tekster, som vi jo trenger.”
(ånei, me treng det også, då må eg jo forstå kva det går i…)

“Dette harmoniserer med en antakelse om at FS-varianter er parasittiske på AS, men synes å bryte med Thomas Kuhns tese om at observasjoner er “paradigmeimpregnerte” i den forstand at data og observasjoner kun er forståelige gjennom det paradigmet, eller den faglige matrisen, de tilhører.”
(viss du seier det, så)

“Alternativt er å bruke den lengre definiens for å erstatte den uforståelige definiendum med resulterende tap av økonomi i fremstillingen.”

og til slutt, min klare favoritt:
“Hvis man som fagmann skal omtale et emne eller problemkompleks til en faglig sett utenforstående, er det mange termer man ikke kan bruke. Man må da erstatte termene med definisjoner og forklaringer for å opprettholde forståelsen hos mottakeren (…).”

eg trøstar meg med at denne teksten truleg ikkje er skrive for studentar, men snarare for dei som allereie kan alle desse orda frå før. teksten har eit lite avsnitt om det òg, nemleg. at ein kan ta seg fridomen å nytta vanskelege termar utan forklaring om ein reknar med at mottakaren kjenner til dei frå før.

ei oppdatering før eg byrjar på sytet: eg har vore her den siste veka:

alpeweb
på ski og spa i austerriske (austerrikske? austerrikiske?) alpar. her står bursdags-mamma og brør under den øvste heisen i skianlegget kring bad gastein, den eine dagen me hadde sol. merk god førebileteleg hjelmføring, samt at me er over skodda/skyene. (omkring 2000 m.o.h) me stod på ski – eg stod på brett då – og lauga oss i radioaktivt vulkanoppvarma vatn. i austerrike vert slikt vatn rekna for å vera ærs helsebringane, medan ein i noreg er svært negative til det. då det er lenge sidan eg har hatt dårlegare hud enn denne vulkanbadveka, hellar eg mot det norske standpunktet.

igår klokka fem var eg attende i bergen, og velkomsten var helst brutal. berre i har vore fin og snill. den fyrste som sveik var studentportalen til uib. og her snakkar ein skikkelege quisling-tendensar. eg har nemleg frist til idag med å velja eksamensform i nosp209. kring dette valet herskar mykje uvisse, til dømes var det då eg drog frå landet enno ikkje klart om ein i det heile tatt hadde høve til å velja eksamensform i 209-versjonen av faget (det finst tre andre kodar for same emne, alt etter om ein er lektorstudent eller ikkje og slikt. det tar av.) det skal seiast at då eg drog frå landet var eg ikkje 100% viss på om det var 209-versjonen eg var meldt opp i, sidan studentweben var daud førre helg.

studportalweb

eg stressa ikkje så mykje med dette då eg drog fordi a) eg hadde jo 1,5 dag å gjera det på då eg kom heim, noko som skulle vera tilrekkjeleg med tid til å kneppa seg inn på både studentweb og student-e-post. b) det er ikkje sikkert noko må gjerast i det heile, i tidlegare tilfelle av liknande val har det vore nok å varskua førelesar, og dette har eg gjort. c) eg har i skrivande og tenkjande stund ingen sterke kjensler korkje for eller mot nokon av alternativa (skuleeksamen vs semesteroppgåve). (dei tankane eg har kring dette er omlag slik: semesteroppgåve er kjekkare i skrivedelen, men syg intenst i muntlegdelen etterpå. skuleeksamen plar gå greit, men er ikkje like engasjerande som det å skrive si eiga oppgåve.)

studportal2web

eit prov på at eg prøvde begge nettlesarane mine. alle andre sider verkar, men ingen av studentportalen sine. gildt og fint. eg bør vel takka studentportalen for at eg slepp å slita ut hovudet på å velja eksamensform midt i ei helg, samt for den ekstra spaninga det vert å i morgon finna ut kva eg enda opp med!

inte alls overraskande var tide busselskap like sviktande ein kald sundag. i og eg var på busstoppet då 15:17-bussen skulle ha vore der, litt seine, javel, men det plar jo bussen òg å vera, så det skulle helst gå bra, meinte me. 15:17 såg me likevel ingenting til, og me rekna med at den hadde drege før tida, for det har den lov til viss ingen er på stoppet 15:16. ja, faktisk. omlag 15:30 kom det ein buss me ikkje hadde rekna med, men som me kom fram til at måtte vera 14:45 frå lagunen. den skulle vore hjå oss kring 15:00, så det var godt me ikkje satsa på den i utgangspunktet, meinte i. vel framme i sentrum kring 15:40 vart me nonchalant forbikøyrde av 15:17-bussen. så då hadde den ikkje køyrt før tida, akkurat.

tideweb

eg fekk forresten køyra gratis heim att. kortmaskina verka nemleg ikkje, så eg fekk ikkje fylt på busskortet mitt slik eg planlagde.

eg lurte på kva i alle dagar han dreiv med,

denne mannen som ser ut til å eiga alt eg har av pensumlitteratur i vår. i tre relativt sjølvstendige fag. hadde eg visst betre kring 15. januar hadde eg investert i ei bok som utelukkande tok føre seg Halliday sine teoriar, og spart intenst mykje peng på å sluppe å kjøpa resten av pensum. Halliday sitt pensummonopol har gitt meg mykje gratis samtlege tre fag, så eg skal jo ikkje klaga heller.

 

det var ein avstikkar, for eg skulle jo finna ut kva han dreiv med. nettet kunne melda at han var ein lingvist, frå england og australia, som hadde studert kinesisk i lange tider.  han utvikla den systemisk funksjonelle lingvistikken. det er stort sett denne lingvistikken hans som tar aldeles av oppe på HF om dagen, og infiltrerar dei andre språkteoriane me har brukt aldri så lang tid på å læra inn. orda er ikkje setningsledd lenger, no er dei funksjonar, eller vent no litt, ein kan framleis bruka setningsleddnamna på dei, berre ein er medviten på at dei samstundes har funksjonar, og forresten heiter det ikkje setning heller, men prosess, eventuelt kallar me berre verbet prosess og resten noko anna, for det kan vera masse prosessar i ein setning, delsetningar heitte det før, men det må de ikkje skriva på eksamen, då vert funksjonane lei seg. dette må de ikkje ta for god fisk, for den mest Hallidayske pensumboka driv og blandar inn ein del andre – også dei aldeles nye – teoriar i Halliday si tenking. det går stort sett i andre namn (termar!) på ting me kjenner frå før. men altså, i denne pensumboka, to nye termar for kvar gamle term.

denne lettbeinte tilnærminga til teorien hans var eigentleg ein grov avstikkar frå poenget. poenget er eigentleg:
han var lingvist altså? kva gjev du meg? eg må innrømma at eg venta meg noko litt sjukare enn det. iallefall ei lengre utgreiing om korleis han kom fram til teorien sin (som visstnok skal høva best for ikkje-indoeuropeiske språk). kanskje noko om den halvkriminelle framgangsmåten han truleg nytta for å få teorien sin til å verta einerådande i pensumlitteraturen. men Halliday var berre snill og grei, han. det sjukaste eg kunne finna var at han studerte i kina i nokre år. tekstane er omlag slik: “Halliday studerte kinesisk. så studerte han lingvistikk. så fekk han jobb. så fann han på den systemisk funksjonelle lingvistikk-teorien. så jobba han litt meir.”

det er jo gildt å vita at ein kan vera snill og grei samstundes som ein finn på sjukt heftige lingvistiske teoriar.

våren 2009 skal eg nerda meg meir enn nokonsinne. sidan 15. desember har eg hengt så mykje inne på studentweb at frykta for å melda meg opp i feil emne, tukla med eksamensmeldingane mine, eller, och det är nog det allra jävligaste, oppleva TIMEOUT og bli automatisk logga ut, denne frykta har fullstendig sleppt taket. angst-hjartebanken som tidlegare kom ved innlogging, og som såleis fekk meg til å nytta studentweb så lite som råd, er no avløyst av ei nærast ukritisk haldning til fagleg oppmelding. det kan vera det er ei normal haldning. kanskje sunn attpå. resultatet av mi sjølvopplevde haldningsendring er i alle fall at eg a) ikkje er redd for å melda meg opp i fag lenger, og b) har meldt meg opp i fleire fag enn naudsynt, og c) allereie har rokke å byta gruppe to gonger i eitt av emna.

dette skal eg gjera i vår

språk og informasjons-bachelorgraden min krev at eg tek to obligatoriske emne dette semesteret, og det er TRANSHF – oversetjing, og NOSP209 eller 208. det eine er skuleeksamen og det andre er semesteroppgåve. eg vel truleg det eine – skuleeksamen – eg har jo skrive to semesteroppgåver før og har jamt over prestert betre på skuleeksamen kvar gong. eg trur eg vert einsam på den eksamenen, semesteroppgåve er veldig i vinden for tida. eg gler meg til alt uansett.

i tillegg til desse to obligatoriske emna har eg vore vill og galen og meldt meg opp i HUIN105 òg. det er eit praktisk fag der ein lærar å laga nettsider og slikt. (altså ikkje ei slik svevande tilnærming til veven som HUIN102) eg gler meg til dette òg.

eg byrja så smått å nerda meg litt med mi fyrste pensumbok i dag. i TRANSHF, og den er på engelsk til og med:

“Each language articulates or organizes the world differently” (Culler, 1976) ….og difor er det vanskeleg å oversetje.