nrk melder at startsida skal koka i hop ei nynorsk nettavis i nær framtid. eg fann ingen artikkel om dette (høyrde det berre på radioen), men ventar i spaning. kanskje mi eiga lokalavis får vera med på gildet?

nsb kompenserer for den utruleg dårlege og overprisa kaffien sin med ein nynorsk isbjørn:
isbjornw
det verkar! ikkje at eg kjem til å slutta å ta med meg eigen kaffi, då.

og stemninga elles? for å få god breidde i meiningane, gjev me ordet til blogg.no eit bel:

odape seier  “mamma e jo halvt nynork, så jeg snakker (ikke skriver) litt sånn nynorsk aktig :-)
isabel “synes nynorsk bare er tullete. Respekterer de som velger å ta vare på den gamle kulturarva, men synes det kunne vært valgfritt. Hadde vært mye bedre om vi hadde skiftet ut nynorsken med engelsk.”
rebecca “elsker nynorsk”
marie “elsker nynorsk! digger’e”
sigrid “fikk bedre karakter i nynorsk enn norsk”
anonym “syns ikke nynorsk burde være pålagt..
idioten som fant opp at vi skal skrive det må ha hatt fritids!!”

linn meiner følgjande “Hadde tidmaskinen vært funni opp, hadde jeg sloss meg til å være den første til å ta en tur. gjett hvor jeg hadde dradd da :)
jo , jeg hadde dradd tilbake til 1813 og gjort ett eller anna sånn at morra til Ivar aasen ville tatt abort. eller så hadde jeg ventet helt til 1833 med å lage en falsk annklagelse som f.eks. at han var trollmann eller noe (hvis det var da de hata dem da) og fått ham hengt.
eller bare den lette veien, skyte han :)
er du med meg ?:)”
jenny syns “Ivar Aasen må ha hatt store fritidsproblemer som gikk rundt i Norge for å lage et nytt språk av alle dialektene :L”
katrine ” skjønner jo nynorsk, visst noen nynorske snakker til oss ;p”
marita elisabeth “ser liksom på det som at sidemål er en helt vanlig dialekt, akkurat som min som er fra litt utenfor Tromsø. Kunne likegodt vært pålagt å lære Moldedialekten eller noe på skolen.”
tone “hugleikar Ivar Aasen”
anne synnøve syns “Ny Norsk er kjempe fint og høre på og veldig fint i seg selv, men jeg er veldig enig med mange her at Ny Norsk skulle vært et “sidemål” Selvom mange syntes språket er fint eller liker det er det sån at ikke alle er like flinke i Norsk. Bare i klassen min er det flere som sliter med vanlig Bokmå skriving.” (eg lurar på om dette er seriøst)
groaweey “likar både nynorsk og bokmål like godt.”

eg er særs klar over at å jamnleg oppsøkja blogg.no kvalifiserer til meir ‘fritids’ enn ivar aasen hadde, altså. eg burde nesten oppretta ein blogg der, så eg får sett miljøet frå innsida! skal eg? som ei slags vitskapleg undersøkjing…

på torsdagsførelesinga i morfologi fekk eg endå ei gong innsyn i kor lite peiling eg eigentleg har på mitt eige skriftspråk. (dette er den største ulempa med å studera nordisk, og har ført til mang ein personleg knekk dei semestra eg har vore innom nordiskfaga)

i alle fall. på torsdag synte det seg for det første at ein skal genusbøya “noko” framføre substantiv. ein skal altså skriva (direkte klypt ut frå power point’n (kraftpeikaren?)): “nokon bil, noka bok, noko hus, nokre bøker”. fleirtalsforma har eg hatt på stell, og kanskje hankjønnsforma òg, men forma noka har verkeleg aldri vorte praktisert i mine tekstlege produkt. det er jo ekstra pinleg at det er hokjønnsforma eg svik når eg fyrst er i gang. sjølvsagt skal det vera a-ending!

i samband med dette ordet synte det seg òg at nynorsk har ein fin parallell til engelsk, som bokmål manglar. og manglane til bokmålet kan ein alltids gjeva litt spalteplass. parallellen til engelsk går ut på at nynorsk har to fleirtalsformer av “noko”, nemleg “nokre” og “nokon”, og det syner seg at ein bruker desse omtrent likt som “some” og “any” på engelsk. ein nyttar “nokre” i forteljande setningar utan nekting (som “some” på engelsk), og “nokon” i spørsmål og setningar med nekting (som “any” på engelsk). rett nok kan ein snika seg unna desse reglane, for det er greitt å nytta “nokon” i alle setningstypane. (rett meg om eg formidlar engelske reglar feil no. eg har berre ein slik kraftpeikar å gå etter nemleg.)

andre torsdagsinnsikt var at det er mykje strengare restriksjonar på å referera til substantiv med “den” i nynorsk, enn eg trudde. her er me inne på eit område der eg truleg snakkar rettare enn eg skriv, for eg trur eg skriv “den” i mange tilfelle der eg seier “han” eller “ho”. på skapleg nynorsk skal ein nemleg referera til substantiva med “han”, “ho” og “det” ut frå kva grammatisk kjønn substantivet har. eg torer ikkje laga eigne døme, så her er dei frå førelesinga:

kor er mannen/bilen? han er her.
kor er kvinna/boka? ho er der.
kvar er barnet/huset? det er vekke.

det er likevel akseptert å nytta “den” for abstrakte omgrep. døme frå førelesinga av “diagnosen” -> “han/den” og “forklaringa” -> “ho/den”.  så veit de det.

også noko som gledde meg stort: eg fann ut at det går an å nytta ordet “hin” også skriftleg. dette ordet finst i dialekta mi, og tyder “den andre”: “hin bilen, hi boka, hitt huset, hine bilane“. rett nok smører me på i muntleg og seier vel oftast “den hin bilen”, men “den” treng/skal me altså ikkje ha med når me skriv. dette ordet kan koma særs godt med når eg skal redusera ordtalet i innleveringsoppgåva seinare i haust!

eg reflekterer litt over morfologiførelesinga eg var på tidlegare i dag, og presenterer dagens toppliste over nytileigna kunnskap:

(lista er sjølvsagt i omvendt rekkjefølgje, for å halda det spanande)

3. plass:

palatal framføre vokalsuffiks, og velar elles

den aldeles uforståelege overskrifta refererer til dette at somme av verba som har endingsformer som inneheld ein -e, ofte smett inn palatalkonsonantar i nokre av formene. palatalar er lydar som “gj” og “kj”, og ein finn dei i verb som “byggja” “tenkja” og så bortetter. ein ser at desse lydane ikkje følgjer med verbet heile vegen, for nokre former av verbet har berre velarkonsonant (g eller k). ein skriv jo “bygde” og “tenkt”, ikkje “bygjde” og “tenkjt”. om palatalen får vera med eller ikkje, avgjer bøyingsendinga til verbet; byrjar endinga med ein vokal, får ordet palatal, byrjar endinga med ein konsonant, får ikkje ordet palatal. sjå berre: i “byggja” er endinga -a, ein vokal, og palatalen smett seg inn. “bygde” har endinga -de, og palatalen får ikkje vera med. kjekt?

2. plass:

kløyvd infinitiv

så vanskeleg! kløyvd infinitiv er ein ressurs ein kan bruka i nynorsk, ein kan lata somme verb enda på -a og somme på -e i infinitiv, i ei og same tekst, utan at det er feil eller rot. mønsteret for fordelinga av -e og -a er så innfløkt at ein helst bør ha fenomenet i dialekta si for å greia å gjera det rett. dialekter som faktisk har kløyvd infinitiv i seg, finn ein stort sett på austlandet, eg fann dømet under ein annan stad på veven:

“Med ‘kløyvd infinitiv’ menes det systematiske skiftet mellom a-endelser og e-endelser vi finner i infinitiv i østlandske dialekter.
Folk som har sine røtter i opprinnelig Oslo-dialekt, kan for eksempel si:

“Ska’ru værra me på kino, fårru huske på å ta me penger”
(Skal du være med på kino, får du huske på å ta med penger)

Her har du to infinitiver, en med a-endelse, og en med e-endelse (‘værra’ og ‘huske’).”

forklaringa på fenomenet må ein heilt attende til norrønt for å finna. då var einaste infinitivsendinga -a. så tok dette til å endra seg – ord som hadde omlag likt trykk på begge stavingane (jamvektsord) heldt på a-endinga, medan dei som hadde mindre trykk på siste staving (overvektsord), fekk e-ending i staden (i trøndelag fall denne endinga faktisk heilt vekk). trykk her for ei betre utgreiing.

1. plass:

preteritopresentiske verb

vinnaren i dag er dei preteritopresentiske verba. mest grunna namnet, sjølvsagt. medan dei sterke verba har vokalveksel frå infinitiv til preteritum (fortid), har preteritopresentane slik veksel frå infinitiv til presens (notid). preteritopresentiske verb i nynorsk er kunne, skulle, måtte og vite (og vilje i ein parantes).

døme:

sterkt verb: (å) bera – ber – bar – (har) bore
(vokalveksel frå e til a)

preteritopresentisk verb: (å) kunne – kan – kunne – (har) kunna
(vokalveksel frå u til a)

det har seg slik at presensforma (notid) til denne fornøyelege siste gruppa ein gong har vore ei sterkbøygd preteritumform (fortid), ein kan jo tenkja seg til eit døme: “i går kan eg sjå lenge på fjernsyn, men i dag har eg ikkje tid”. kva notidsforma var den gongen er ikkje godt å seia, men den var sikkert ganske kjip sidan dei bytte den ut med fortidsforma. “kunnar”, kanskje? “eg kunnar ikkje sjå på fjernsyn i dag, men det kan eg i går”.

tapar:

dagens klare tapar er hankjønnsordet “kvist“, som etter korrekt nynorsk rettskriving insisterer på å ha bøyingsmønsteret kvist – kvisten – kvister – kvistene. fy for skam!

med jevne mellomrom kommer diskusjonen opp i heimen (men oftest på – og fremprovosert av – sms); kan en egentlig skrive “likar” på nynorsk? hver bidige gang må ordlista fram, og den melder følgende:

likeweb

både “likar” og “liker” er heilt okei, men en har å kjøre korrekt bøying til alternativet man velger, da.

28.08.09:

finnastw

ida bur seg til eksamen og freistar å skriva kvart andre innlegg på bokmål framover hausten. dette er eitt av dei.

: noli102 ja! det emnet hadde jeg tenkt å ta i høst også! men så leste jeg at man måtte skrive mappe på nynorsk. og bare nei! høh høh!
jepp, slik sorterer man ut de som ikke er skikka til å undervise i norsk! og kan man egentlig si sånt når man jobber i bokhandel?

: men,  det grepet er jo gjort for alle dykk med nynorsk som sidemål då! så de kan få rettleiing på nynorsken dykkar og slepp 6 timar nynorskEKSAMEN, liksom. som alle med bokmål hovudmål stryk på. fagleiinga tenkte at de trong meir øving.
hallo, hvordan kan man overse den fordelen? folk er virkelig teitere på østlandet.
: å. hm.
nei, jeg forstod vel at du ikke venta deg svar på dialekt.
: ja, så slik sett er det lurast å byrja i haust, for til våren vert jo alle eksamenane på nynorsk. greitt å ha øvd til dei, sant.
men det kunne forøvrig være en sann forlystelse å se deg stille uforberedt til 6 timers nynorskeksamen til våren. gjør det!

eg har ikkje betre å gjera i dag enn å reklamera litt for den heite bloggen til Studentmållaget i Bergen. der eg mellom anna har blogga ei ordliste over uhandterlege bokmålsomgrep frå Ex.phil. med nynorskomsetjingar til, sjølvsagt.

-Studentmållaget-37-mm-hvit_jpg--1

nerdeevnene mine overraskar sjølv meg av og til.

du saknar fjernsynsseriar og filmar teksta på nynorsk, seier du? sjekk ut den sjarmerande føremiddagsserien “kamp i kulissene” (“the game”) på tv2 zebra! høver fint om du har ferie i skitvêr, skulkar skulen eller av andre grunnar ikkje har betre ting å gjera klokka 13:30. serien provar at nynorsk tekst høver vel så bra saman med farga amerikanarar, som med bleike skotske etterforskarar:

kulissene1w

kulissenew

kulissane2w

kulissane3w

kulissane4w

eg har ikkje fulgt med, så eg anar ikkje kva den handlar om, men den er no i alle fall ikkje dårlegare enn liknande seriar. det skal nemnast at tekstinga rett etter bilete tre gjekk på ein klassisk “me sjåast”-smell, men det gjer me jo alle. (det heiter “me sest”)

eg har merka meg at mange nyttar spalteplass på *bloggar og diskusjonsforum til å hata nynorsk. voldsomt. dei hatar det opp og i mente, og oftast på eit slags kvasi-bokmål dei har funne opp sjølve:

«når i *****e har man bruk for og snakke nynorsk!!!»
«Det er sånn steinalder språk, nesten ingen bruker.»
«vi er to vi jenter som nettop har begynt me d nynorsk, og det er DRIDT kjedelig.»
«sorry as men fikser ikke nynorsk lol :P »
«Nå sitter jeg her, med nynorsk leske, og kjeder livet av meg [...] det er ikke noe poeng i å tvinge oss til å sitte og skrive noe nynorsk, og la dèt trekke ned karakteren i norsk!»
«jeg er lei nynorsk. det er et drittspråk, no offense til dere som skriver det altså, men jeg er ikke noe big fan av ivar aasen,»
«Nynorsk må være et av de mest ubrukeligste fagene på den norsken skole»
«Ny norsk er sugent! Hvorfor i H***** må vi lære det??»
«Dessuten så er nynorsk en stygg dialekt.»
«Men nynorsk er isåfall like mye uforståelig som å høre på en som snakker gaelisk (skikkelig stygt skotsk-lignende språk (ex: water utales: watrr…..stygt hva?? ;) Og alle er enige (isåfall de som ikke snakker nynorsk)»

kjelder er ikkje oppgjevne grunna personvern.

språklege fellesnemnarar i slike innlegg er gjerne særskriving, skrøpeleg teiknsetjing og skitne brot på og/å-reglar. fellesnemnarar i meiningsinnhald går gjerne på at nynorsk er vanskeleg, keisamt, ubrukeleg, ei stygg dialekt og ei teit oppfinning. det er også gjennomgåande semje om at dei som snakkar nynorsk sjølvsagt må få lov til det. men alle som snakkar bokmål bør få sleppa, for dei får jo ikkje bruk for det likevel. fyrste innvending: me snakkar ikkje skriftspråk i noreg. me snakkar dialektar/sosiolektar. det finst ikkje ei dialekt som heiter nynorsk. det finst ikkje ei dialekt som heiter bokmål. det finst dialektar der ordval og endingar ligg meir eller mindre tett opp til det ein finn i desse to skriftspråka, men nynorskdialekta ungdommen nemner, og går til åtak på i argumentasjonen sin, finst ikkje.

fellesnemnaren «nynorsk er så vanskelig og jeg får så dårlig snitt fordi jeg må lære det, derfor burde ikke nynorsk være obligatorisk i skolen» må eg også seia nokre ord om. matte er også eit vanskeleg fag, for mange vel så vanskeleg som nynorsk, om ikkje verre. i ein kvardag der ein har kalkulator på mobilen og slikt, kan det også reknast for å vera omlag like ubrukeleg som nynorsk. ein treng jo ikkje å kunna rekna ut ting på papir eller i hovudet lenger. men, sjølv om matte er vanskeleg, så vil ein jo ikkje ha dårleg karaktersnitt fordi ein ikkje får det til. kva gjer ein? jau, anten syt og klagar og argumenterer litt vaklande for at faget burde verta tatt ut av norsk skule fordi ein står i fare for å få eit sugent vitnemål utelukkande grunna dette eine faget. eller så tek ein seg seriøst saman og arbeidar med faget. kvifor er det heilt greitt å bruka nokre ekstra leksetimar for å betra ein slakjen mattekarakter, medan det er heilt utenkjeleg å gjera det same for å betra nynorskkarakteren? når eit skulefag er vanskeleg er det berre å skjerpa innsatsen som hjelper, dette er då noko ein lærer allereie i barnehagen! («umogeleg tyder berre at det tek litt lenger tid», som naturfaglæraren på ungdomsskulen pleidde å seia.)

skjerp dykk, de har berre vondt i vilja («Nynorsk er det værste jeg vet om. jeg kan det ikke bra, og vil ikke kunne det bra.»). heldigvis er viljevondt lett å kurera; endra innstillinga dykkar, ungdom! tenk på nynorsk som eit språk som skal lærast på lik line som engelsk eller fransk. på same måte som ein lærar engelsk eller fransk. kom engelskkunnskapen sigande inn av seg sjølv, kanskje? truleg måtte de lesa mange engelske tekstar, pugga ein del grammatiske reglar, prøva å laga eigne setningar og til slutt tekstar, og til slutt bruka språket utanfor andre område enn det tradisjonelle skulearbeidet. og – hald dykk fast – dette fungerer i høve nynorsk òg. de kan starta forsiktig, gugla litt med nynorske ord til dømes. kanskje de finn noko kjekt de aldri ville funne i eit søk på korkje bokmål eller engelsk!

*fjortis-

i tillegg til at eg har hatt uforklarleg masse vitjingar på bloggen i forgårs (eg skreiv då verkeleg ikkje noko då?), synte ei lenkje frå gårsdagen at bloggen min har blitt omsett til tysk gjennom google translate. dette er jo sjukt! sjukare vert det av at det er dette innlegget personen har hatt så intenst lyst til å lesa på sitt eige språk, nemleg det uhøgtidlege referatet frå den interaktive tysktimen me hadde i huin102!

tyskblogg

sidan kolonna er så smal kan eg diverre ikkje ha større bilete, så  her kjem nokre av høgdepunkta:

tysktime

nokre av overskriftene:

Me er i gang.Eller ikkje. Merk at på dette tidspunktet i undervisninga retter folk opp handa når dei lurar på noko :

Wir sind in gang.Eller nicht. Beachten Sie, dass zu diesem Zeitpunkt in der Lehre Menschen die richtige Seite, wenn sie auf etwas lurar:

Kaoset er eit faktum. Elevane vil ha friminutt. Gullungane vil ha ro til å konsentrera seg. Øystein prøver å oppmuntra til læring, men gjev opp og sender elevane på den nyoppretta gangen i staden. Me tek pausen som ikkje var lov fordi den braut med rollespelkonseptet.

Das Chaos ist eine Tatsache. Die Schüler haben die Pause. Gull Kinder noch zu konzentrieren. Øystein Lernen zu fördern, sondern die Aufgabe und das Senden der Schüler in die neu geschaffene Zeit statt. Me, die den Bruch, der nicht zulässig, weil die Rolle blustering mit Konzept.

Attende frå pause og mykje rot og subjektiv trong til fôr, drikke, toalettbesøk…og bestikk. Tysklærar får retta nynorsken sin.


Zurück aus Pause und viel rot und subjektiven trong zu füttern, trinken, toalettbesøk … und Besteck.
Deutsch lehren wird festgelegt nynorsken sin.

……………………………………………………………………………………………………….
Elles tykkjer eg om hybridspråket som oppstod fordi gugel ikkje kan nynorsk, særskilt den nye teksten øvst på sida:

ida Nerds im Netz – freistnad für die Reflexion rund um die Uni-Themen, sowie eine ständig wachsende Zahl von ausserhalb im Zusammenhang fjas

særskilt bra er “ausserhalb im Zusammenhang fjas”. (“utanfor i samanhengen fjas”).

eg er litt engsteleg for korleis det går med personen som gjennomførte denne omsetjinga, etter å ha truffe på det innlegget på bloggen som utan tvil er lengst ute av alt som er skrive her. tysktime på MOO, liksom! og som om ikkje det er nok, er læraren ein tysk romanfigur, og alt går føre seg i ein konsentrasjonsleir (det ordet greidde heldigvis ikkje gugel å omsetja). korleis personen fann bloggen? jau, dette kjem òg fram av statistikken. det syner seg at ein finn den interaktive huin-tysktimen om ein søkjer på “nackt im klassenzimmer”!

ja, det er ein skilnad!

no trur du kanskje dette er ein skilnad berre språknerdar er i stand til å identifisera? neidå, i dei fleste tilfelle er det så enkelt som berre det. skilnaden ligg i at ordet som endar på -ning ofte har ei meir konkret tyding enn ordet som endar på -ing. samstundes knyter -ing-orda seg tettare til verbhandlinga enn det -ning-orda gjer. så sjølv om desse orda ofte er uforskamma like i forma, er det skjeldan me gjer feil når me brukar dei, fordi me umedvite veit dette. dei som lærar norsk som framandspråk har nok større problem.

døme ja? fleire:

ning:
bygning
pakning
strekning
løysning ( svaret)

ing:
bygging
pakking
strekking
løysing (prosessen der ein kjem fram til svaret)

i høve det siste ordet er det rett nok fritt fram. det var eit dårleg døme.

ps. eg er syrgjeleg skuffa over at “skilnad” er ei klammeform. fy faderen! (kvifor eg er lei meg? fordi: “skilnad” – tydeleg i slekt med verbet “skilje” og “forskjell” – for + skjell…skjelle for? forskjelle? kva er det?)

Neste side »