eg kom heim til denne traumatiske hendinga:

burberryw

(ja, det er eit heildekkjande burberrysjal/pledd du ser!) som ei følgje av dette vart eg litt skadd i hovudet eit bel, og særs motlaus i høve til skulearbeidet. då er det gildt at det finst ei som hentar solbærte – på eit prikkefat – til meg!

tew

og kindersjokolade!

kinderw

(fjas på fjesboka er også ein del av terapien. det var dessutan gjevande, slik ein kan sjå i førre innlegg)

etter teen og sjokoladen gjekk det betre. i staden for å liggja i ein traumatisert krøll på golvet, har eg både skrive innleiing og fått heile genussystemavsnittet på stell. so no er det faktisk berre korrektur og korting att til eg kan levera (og då er det berre til å setja seg med neste oppgåve, men det er ei anna soge).

eg merkar det særskilt godt no når valdagen nærmar seg.

det er gale nok at eg sidan sist val har lært meg politikarspråket. brått forstår eg kva dei pratar om, kan attpå trekkje liner frå det som vert sagt til moglege følgjer av politikken. eg er på eiga hand i stand til å koma fram til både dei positive og dei negative konsekvensane av eitt og same framlegg. heilt av meg sjølv. det hender, i særskilt ljose (eller deprimerande) stunder, at eg merkar at dei sit der, i radioen, direktesendt (og repetert i kvar einskilde nyhendesending utover dagen), og lyg som ufordragelege dritungar. eg forstår kortid dei forenklar, utelet og held tilbake informasjon.

ikkje var det så veldig vanskeleg å læra seg politikkpratet heller. meir som å reinska opp i ei heftig garnnystefloke. det er framleis litt vase somme stader, men ein kan no i alle fall skilja dei forskjellige nysta høveleg bra frå kvarandre.

så eg har rydda i garnet. vel og bra. om eg er heldig kan det vera eg slepp å gjera det fleire gonger, berre følgja alminneleg mykje med på radio resten av livet. verkar greitt og smertefritt. dette kan då alle greie, tenkjer eg.

og det er her det byrjar. eller sluttar, eller kva fanden veit eg. for samstundes som eg finn ut at eg kan forstå ei tilrekkjeleg mengd politikkprat, innser eg at nesten ingen andre kan det. det er særleg i høve konsekvenstenkjinga det skortar. men ein har jo også dei som bestemt meiner at det gule garnnystet er svart (ein fargeblind kan skilja). stemma skal dei alle. gjerne på nokon dei ikkje ville vore samde med dersom dei hadde løyst opp alle vasane og sett korleis ting eigentleg såg ut.

her frå min pessismistiske ståstad verkar det som om godt over halve folket ikkje har peiling på kva dei eigentleg stemmer. og då… er alle demokrati i verda slik?

(fritt for å ikkje vera regnskogen om 50 år!)

…har eg vorte innmeld i statskyrkja att. om det ikkje heng slik saman at kyrkja berre valde å ignorera det då eg melde meg ut for nokre år sidan, då.

kyrkjevaletweb

dette er jo endå meir krenkjande enn å finna ut at ein heile livet har vore innmeld, utan å ha vorte døypt eller konfirmert eller noko. eg har tykje meg kvittering på at eg er utmeld!

kyrkjevalet2.web

eg har i alle fall høve til å stemma. stryka alle dei kjipe folka på lista og føra opp nokre særs liberale folk i staden. hadde eg endå berre hatt tid til å setja meg inn i kyrkjemiljøet samstundes som eg skal bu meg til stortingsvalet. det har eg diverre ikkje.

eg lærer mykje av å granska lærebøker frå vidaregåande skule på leit etter stygge substantiveringar. idag har eg til dømes lest om både personleg økonomi og stråling. alt vel, heilt til naturfagboka, vårt strålande univers, fortalte meg ting eg streng tatt ikkje hadde lyst til å vita. kjempeskumle ting om verdsrommet, til dømes:

Forskarane kan rekne ut samla tyngdekraft for alle stjernene og dei andre objekta i galaksen, og dermed kor fort stjernene må fare rundt midten av galaksen for å halde seg i bane. Forunderlig nok går stjernene som regel alt for fort til at dei etter våre utrekningar kan bli haldne på plass i galaksen av tyngdekrafta frå alle himmellekamane! Med denne høge farten skulle objekta normalt ha vorte slengde langt ut av banen sin [...]. I praksis skjer ikkje dette; det er noko uforklarleg og usynleg i verdsrommet som hindrar det. Dette [...] kallar vi mørk materie. [...] Det er sett fram mange hypotesar om denne mørke materien, men ingen av desse forklaringane kan stadfestast eller held mål ut frå kjende fysikklover.

I tillegg til denne mørke materien meiner astronautane at det må finnast noko endå meir mystisk i kosmos – det dei kallar mørk energi. Nokre av fenomena i universet, til dømes at universet heile tida utvidar seg, kan forklarast med at det finst mørk energi. Den mørke energien ser ut til å vera overalt i verdsrommet – også mellom galaksane, og han verkar som ei kraft som skyver universet utover, frå kvarandre. Dette er det største mysteriet for astronomane i dag.

godt eg aldri las desse boksane med tilleggsinformasjon i mi tid på gymnaset! og det vert endå verre når dei skal til å snakka om sola:

Den 4. november 2003 var den siste av [sol]flekkene i ferd med å forsvinne ut av syne. Eventuelle eksplosjonar ville då ikkje lenger kunne merkast på jorda. Denne kvelden kom den aller kraftigaste eksplosjonen på jorda i moderne tid. Ei enorm sky med gass vart skoten ut i rommet med ein fart på 8,3 millionar km/h. Fordi eksplosjonen kom på solranda, vart skya denne gongen slengd i ei anna retning enn mot jorda. Det kan vi vere glade for.

det kan vi vere glade for – takkar hjarteleg for den! frametter vil altså angst kring økonomisk uvisse, uventa nedetid på mi side i samband med oppgåveinnlevering, telefonar og frittgåande galne hestar verta kombinert med ei sjuk redsle for ukjent mørk materie og eksplosjonar på sola.  h e r l e g .

kjelde til galskapen: Kosmos SF, grunnbok.