oyra

av andre litevetta meir vituge investeringar i dag bør metallboksen og sykkelpumpa nemnast. sistnemnde har vore planlagt sidan skuleslutt, då framre hjul tok til å verta lite samarbeidsviljug. slappleiken har etter kvart nådd eit så trasig nivå at eg har måtta ty til omvegar heim, fordi det grunna bybanegravinga har blitt veldig masse asfaltkantar* langs hovudinnfartsåra mi, og desse kantane kan ikkje hjulet handtera i sin noverande tilstand. då kjem eg innpå felgen, og får dårleg samvit. (og ser føre meg eit fullstendig hjulbyte. noko eg vertfall ikkje har hatt råd til i sumar.)
* særskilt det to meter lange holet rett ved kiwien i bjørnsonsgate, der attmed brannhydranten. kva er det for toskaskap? illustrasjon:
kantweb

metallboksen skal betra stemninga på kjøkenet. piknikkorga maten var i før har blitt fryst ned, spylt i kokande vatn, og til slutt kasta, i von om å bli kvitt ubeista som har flytt inn. no skal dei døy.

ja, så har eg sykla ute i bytrafikken att, og vil gjerne koma med nokre merknadar til følgjande medtrafikantar:

hansa-lastebilen som stod parkert på fortauet ovanføre stasjonen:

hjarteleg til lukke med den beste parkeringa eg har sett i heile mitt liv! eg tenkte å ta bilete, men det vart jo for dumt å stoppa sidan eg faktisk kunne sykla forbi.. bilen var parkert slik at det var godt over ein meter breidde på fortauet innanfor, utan at parkeringa av den grunn såg ut til å vera til hinder for øvrig trafikk ute i vegen. heilt fantastisk, og litt utruleg. (kanskje den fungerar slik  som den bussen i harry potter?)

mor og dotter som gav idioti eit andlet ved busstoppet litt nedanføre:

når de båe to faktisk får blikkontakt med syklisten, skal de flytta dykk. de skal på ingen måte byrja å gå ved sida av kvarandre slik at de tek opp heile breidda. ikkje skal det vera naudsynt å bjølla på dykk tre gonger heller.