berlin vil laga seg eit fjell! eit retteleg fagert fjell var det òg, om eg skal ta på meg å vurdera slikt. lønahorgi heime er sjølvsagt litt finare, men det er jo også firehundre meter høgre enn berlinfjellet, so det spørst om det stiller i ei anna klasse:
horgje
(trykk på biletet for å koma til ulvund si side)

men i alle fall: fjell i berlin er superprimaklasse! om ein ser vekk frå bergen nett no, er det truleg ingen by i verda som grev meir i gatene sine enn berlin, så mold til å byggja fjell med har dei sikkert nok av. eg er likevel særs spent på korleis dei tenkjer å hindra fjellet i å rasa ut – det er jo ikkje ekte berg inni, og dei har visjonar om å laga skianlegg og alt. skal vel mura opp eitkvart inni. eg følgjer spent med vidare!

nå skriver jeg egentlig oppgave, så i stedet for et høgreflektert innlegg om eksamensinnspurten blir dette innlegget et deilig pusterom som presenterer kremen av de multimodale innslaga i høstens undervisning. det vil i denne sammenhengen si “lyd og bilde”.

fra danmark fikk vi høre litt på “et af årets (2004) allerbedste danske og mest motherfucking swingende rock’n'roll-utgivelser“. her var det collageteknikken og blandinga av engelsk og dansk vi skulle konsentrere oss om.

og – færøyske nyheter er ingenting mot et islandsk grand prix-bidrag som er like gammelt som meg! achtung: det er litevetta vanedannende. slik 80-tallet har det med å være.

(dette er innslaget med best lyd – og klær. tilrår sterkt å også ta en tur innom klippa som viser hvordan det hele så ut i gp-finalen i bergen…)

sist ut i dag er språkrådet. for de er også på youtube, med sine gilde filmer klarspråk:

mer der det kommer fra!

anten det no vert gjort for å fremja kvinner i akademia eller berre for å representera den typiske studentmassa på språkfag;

likestilling

så er det no ei gong slik at “innlærer” er eit hankjønnsord! det er forresten “student”, “rettleiar” og  “forskar” også. for framtida, berre, gje meg samsvar! om trenden held fram skal eg personleg ta ansvar for å få ny-etablert hokjønnsendinga “-inne” i moderne norsk. eventuelt den litt meir moderne forma “-in”, frekt og fint importert frå tysk. denne endingsimporten vil skje gjennom utstrekt, planlagt og organisert kodeveksling. kva det er skal eg eventuelt forklara ei anna gong, det er veldig interessant og kjekt.

den skrikande ulempa med mitt ny-gamle system er at det føreset felleskjønn (lik bøying for substantiv i hankjønn og hokjønn) for å fungera optimalt. dette var ein strek i rekninga, for felleskjønn er eit mindre snasent språkgrep. men sidan det uansett berre er bokmålet som vert råka – ein kan ikkje nytta felleskjønn i nynorsk – , får det vera greitt. det er også godt mogeleg at det kjekke ein kan gjera når ein kombinerer felleskjønn med nyinnført hokjønnsending kan gjeva felleskjønnbruken høgre status (inni mitt hovud). kjekke nye alternativ for orddanning kan òg vera motiverande for å ta den idle kategorien i bruk; nyttar ein felleskjønn kan ein nemleg laga likestillingsformer etter tysk mønster: “die Student/Innen” = “student/innene”. åhå!

ein har kan henda fokusert vel mykje på å koma seg til biblioteket i skapleg tid når ein drøymer om ub-kaffibaren heile natta. sentralt var trongen til billeg filterkaffi, eit tilbod ein ikkje har på hf lenger, og det heile enda med syting og grining frå mi side (det er jo tragisk! det er jo det!). ein sur lapp skreiv eg òg. eg fekk litt trøyst og vart oppmoda til å gå ned på “kommunen” berre, for det var den næraste filterkaffistaden (ser ikkje vekk frå at dette kan vera riktig). eg vakna diverre før eg fekk greie på om det var fylkeskommunen eller rådhuset det vart sikta til. eg trur det var fylkeskommunen.

eg var forresten på biblioteket i skapleg tid, litt før ni. nesten heilt tomt her då, faktisk!

eller mange. en liten flokk. alle i norge burde hatt hver sin? jeg ville plassert min på tråstølen, for den skiheisen er jo blitt nokså overflødig likevel, men vinden der oppe er det ingenting å si på. hadde jeg en flokk ville jeg plassert dem nedover der skiheismastene var før, for optimal effekt. de ville produsert mengder av herlig fornybar energi, og så styrer vi ikke mer med den oljeboringa, dere.

(jadajada, umulig å lage bensin av vind. enda. og: el-bil. perfekt for folk i by da det følger med mange goder i form av egne kjørefelt og parkeringsplasser. må være nær straumen, veit du.)

vindmøllaw

med jevne mellomrom kommer diskusjonen opp i heimen (men oftest på – og fremprovosert av – sms); kan en egentlig skrive “likar” på nynorsk? hver bidige gang må ordlista fram, og den melder følgende:

likeweb

både “likar” og “liker” er heilt okei, men en har å kjøre korrekt bøying til alternativet man velger, da.

28.08.09:

finnastw

ida bur seg til eksamen og freistar å skriva kvart andre innlegg på bokmål framover hausten. dette er eitt av dei.

ida bur seg til eksamen og freistar å skriva kvart andre innlegg på bokmål framover hausten. dette er eitt av dei.

du har lyst til å sprenge en innboks, men har ikke råd til å sende tilstrekkelig med meldinger til offeret sjøl? kjør finn.no-metoden!

framgangsmåte:
1) sett inn lysing på finn.no. for optimal respons, sats på kategorien “gis bort”. gi bort noe særs attråverdig (ikke kattunger).
2) oppgi telefonnummeret til det utvalgte offeret.
3) for å få maks effekt: legg ut lysinga en lørdag. ingen klage-e-poster blir registrert før de finn.no-ansatte er tilbake på jobb på mandag.

og vi er i gang!

finnweb

da dette påvirka stemninga i heimen litt i negativ retning lørdagskveld, ser jeg meg nødt til å etterlyse enkelte framtidige forbedringstiltak fra finn.no:

I: lag en “dette er en falsk annonse”/”dette er ikke mitt telefonnummer”-knapp. den rapporterte annonsen blir fjernet, men den ansvarlige bak den kan muligens få høve til å endre telefonnummeret i tilfelle vedkommende bare hadde tasta feil i utgangspunktet.
II: opprett et lite kommentarfelt i samband med lysinga. (kommentarfelt er jo framtida.) så får man i alle fall varsla alle de uskyldige interesserte om at lysinga er falsk! kommentarfeltet kunne ellers bli brukt til å diskutere vara med selger; en ville sluppet å ta alle småspørsmål på e-post, og å oppklare slike spørsmål på nytt for hver nye potensielle kjøper.
alternativt: III: noen på jobb i helga, kanskje?

- den gildaste delen av stadnamnsarbeidet. i merknadsfeltet står det noko utfyllande om stadnamnet. dette er ofte til hjelp når namnet skal plasserast og det ikkje kjem fram av sjølve namnet om det er namn på elva, haugen eller bakken bortom (slikt kan jo liggja nært på eit kart). ofte fortel merknadane opphavet til namnet. dette er god underhaldning. ofte er merknadane berre heilt på syre. dette er også god underhaldning. eg har sjølvsagt samla dei eg likar best:
(eg har ikkje lese korrektur på merknadane)

fæle:

“Opphenjarholte” – dei gamle seier at ein sau hengde seg der
“Dreparmyra” – mange dyr gjekk uti her og drap seg
“Grimliæ” – dei vaksne skremde borna med at der budde GRIMMEN, en fantasifigur

hyggjelege:

samlingsstad for karane for ein sundag føremiddagsprat
danseplass for kalvar når dei kom h[eim] (gissar på slutten då dette ikkje kom med på utskrifta)

på syre:

steinut og ofte vassjuk ås
kane kan bety snutt, noko framståande
“Fadderstein” – dei døypte ein unge her og brukte steinen som fadder
“Kjerring” – Kjerring er eit skjær som ligger dumt til

fint formulert:

etterturk av høy på Løbakken dersom veret laga seg
her var lagleg å sitja å kvila

greitt å vita:

stor fin fura vaks her (har ikkje noko med namnet å gjera)

overraskande:

her holdt sjørøverene til og seilte til Lurefjorden og røva skip (shit, på RADØY?!)

til ingrid:

“Rabbhaugen” – der var bustad til dei fleste på Mjøs i gamle dagar

høgt og lågt i sola som var. eller eit helst ubrukeleg bilete-innlegg, om du vil.

høgt

tre2web
(teater-tre. gjorde seg ikkje så godt på bilete som i røynda. i fint vêr er slauring under desse trea er sterkt tilrådd. gjerne med bok eller godt selskap.)

eplefireweb
(oppglødd og ambisiøst epletre. planta av nettnerden då ho var omlag sju år. produserar tofarga eple som ikkje bør etast. dei kan truleg nyttast til gelé, dette er endå ikkje prøvd ut. soga held fram når den tid kjem.)

mellom

laugsolingweb
(røynd soling med solstol, bok og alternativt solfilter.)

lågt

parkweb
(den lokale parken, slik den truleg ser ut for særs små hundar)

solingweb
(heime leikar me ofte at me er i syden. slik kan det sjå ut. sidan eg har nytta faktor 20 heile tida, er eg framleis ljosare enn desse mattene. unnateke på beina, for der har eg etter kvart juksa med ein særs tvilsam krem. den fargen kjem til å gå vekk neste gong eg voksar leggane, så eg må snart ta stilling til om det er glatte bein eller farge eg skal satsa på denne sommaren. ei problemstilling eg ikkje ofrar mykje energi, for eg gjev vel fanden. eg har nemleg fått ca 8 freikner, og er godt nøgd.)

eg er ute, for det er fint vêr.

Neste side »