eg kom heim til denne traumatiske hendinga:

burberryw

(ja, det er eit heildekkjande burberrysjal/pledd du ser!) som ei følgje av dette vart eg litt skadd i hovudet eit bel, og særs motlaus i høve til skulearbeidet. då er det gildt at det finst ei som hentar solbærte – på eit prikkefat – til meg!

tew

og kindersjokolade!

kinderw

(fjas på fjesboka er også ein del av terapien. det var dessutan gjevande, slik ein kan sjå i førre innlegg)

etter teen og sjokoladen gjekk det betre. i staden for å liggja i ein traumatisert krøll på golvet, har eg både skrive innleiing og fått heile genussystemavsnittet på stell. so no er det faktisk berre korrektur og korting att til eg kan levera (og då er det berre til å setja seg med neste oppgåve, men det er ei anna soge).

teposen min ligg i skrivande stund og gjer seg vanskeleg øvst i koppen. han ligg altså og flyt oppå vatnet, og er attpå frekk nok til å halda seg turr på oversida. eg minnest at einkvan sleit med same problem tidlegare i veka, eg trur kanskje det kom fram av eit statusfelt på facebook, og det kan veldig truleg vera torill sitt. iallefall var det etterlyst eit lodd eller noko liknande som kunne trekkja teposen ned i vatnet der han bør vera. på nettet fann eg mange som sakna det same, men inga løysing på problemet.

så då løyste eg problemet sjølv.

eller, eg kom eigentleg berre fram til at løysinga har eksistert rett framføre oss i lang tid. me kan bruka duklodd. slike ein hengjer på duken når ein har fest i hagen og ikkje vil at duken skal flagra i veg med vinden. illustrasjon:
teweb

dette bør jo fungera. (eg trur forresten ikkje duklodd plar ha så lange snorer i røynda, og det er jo bra) no er dei duklodda eg kjenner litt vel store til å ha i ein tekopp, då, om ein skal satsa på å få plass til litt vatn oppi der òg, meiner eg. men det finst jo truleg fleire storleikar av slikt. små, fine blondebrikke-lodd, kan henda.

webaudrey

damene på kontoret*.

 

cocetteweb

the coquette

 

lauv

 lauv i dårleg oppløysing

 

webte

te i flaut store mengder. skal høva til alle tider på døgeret, samt alle nivå av trong til koffein.

*rommet der skrivepulten er.

no må du koma heim altså, teen din har byrja å prate med meg, og den er heilt irriterande høfleg!

teprat

punkt 4 trengte eg.
sjølv om eg heller ville gått inn for å ikkje skriva dei i det heile, og gløyma dei til imorgon.

teprat1

dette kjøpte du over disk, eller? denne teen berre MÅ vera utgått på dato.

teprat2

eg tykkjer ikkje punkt 7 samsvarar med tidlegare framheva punkt 4.
punkt 9 er eg heilt med på, særleg siste del! svart på kvitt i ei te-øskje faktisk!