Tryggvi: Eg trur eg høyrer æva.
Oddur: Kva høyrer du?
Tryggvi: Æva. Berre prøv å lytta, ikkje pust, men lat att augo, og lytt, gjer sånn her, og då kjem æva til deg som ei eldgamal forsoning.

Ikkje øydelegg alt no då, seier Oddur, og byrjar å sjå ikring seg.

Men eg høyrer ho, og eg vil at du også skal gjera det, ingen må gå glipp av ein slik magisk augneblink. Æva er som eit kjempestort, tagalt kyrkjeorgel.

Du burde ikkje lesa så mykje lyrikk, for stundom er det som om nokon har skite i hjernen din.


Jón Kalman Stefánsson: Fiskarnir hafa enga fætur
(i eiga, ustø omsetjing.)

me er i stova. eg arbeider med masteren, og reven (k) syslar med sitt på det andre arbeidsbordet.

eg: no fekk eg ei innsikt!
k: å? er det langt og smalt? det fann eg før i dag. eg knerta’n, eg.
k: (kjem bort) få sjå!
eg: skal du sjå på innsikta mi?
k: å, eg trudde du sa insekt, eg.

det var elles ei ganske bra innsikt, så ho kan ha sett om lag slik ut:
04766593-762a-418f-b2e9-711c845ce80e_35448161-1000x50we

bloggen har vore litt tam no medan nettnerden freistar å få i land ei masteroppgåve, men det er heldigvis berre bloggen det går ut over. her kjem ei litt tilfeldig samling bilete, som syner at eg har då opplevd litt det siste året:

1: eg var med på å byggja dette retteleg flotte vedladet:
vedalad

2: eg helste på smalen ovanfor hytta til anonymt opphav. dei gav ikkje god kontakt, men så hadde eg ikkje med mjøl heller.
smale

3: eg var med på biltur til Helgøya i Mjøsa, der me åt så mykje lunsj at det nesten ikkje var plass til all maten på bordet:
luns

4: eg var med på ølsmaking av Rørosøl på familiehytta Mabipibu. her står dei i rangert rekkjefølgje, Spell-Ola var best, An-Magritt keisamast. (det var ikkje reint fleirtal for denne rekkjefølgja.)
ølsmaking

5: eg køyrde til og overnatta i ei tretopphytte saman med reven / frun. her ventar eg på at elgen skal koma forbi på myra, noko eg rekna med kom til å skje, sidan utsikta la opp til det. det gjorde han ikkje.
tretopp

6: eg tok med frua på telttur. det var heller friskt, så no veit me at teltet toler sterk vind og regn.
tyinfjell

7: dette er ikkje mi oppleving, men eit uttrykk for glede som låg i kjøleskåpet ein dag då kona endeleg hadde funne blodpølse på nærbutikken att, etter ein lang blodmatfattig periode.
blodpylsa

8: ei vekes tid var det varmt i Salhus (det var sjølvsagt etter ferien). då var eg på badetur på det lokale svaberget. her er badevakten som var med:
eghjartanynorsk

9: her er ei and som slappa av på ein tangklase:
and

neste gong: fjorden baby!

som meldt i ein kommentar inne hjå Fridtun som teiknar og fortel, observerte me her om dagen (for ganske mange dagar sidan) ei hending Fridtun skildrar i ordelaget “ein av nabokattane som leikar med ei mus på plenen vår”. denne leiken var det berre katten som var med på, men det er litt uvisst om katten vann, for han vart avbroten av nokon ungar som tok fangsten frå han. musa døydde nok kor som er, så ho har uansett tapt mest. dette er elles ein retteleg flink katt, som så vidt me har sett har teke mange gnagarar og ingen fuglar sidan han kom hit. me vonar han tek rotter òg, det skal det visst vera ein del av her i traktene. her er nokre glimt frå katten i aksjon:

grjakt4

dette blikket trur eg tyder “shit, no jaktar eg i nokon andre sin hage att. er det nokon som har sett meg?”

grjakt2

her tek musa opp kampen

grjakt5

grjakt3

der var det blikket att. musa nyttar sjansen til å koma seg litt unna

grjakt

nei, seier katten. det er han som er kjipast i garden

grjakt1

katten bestemmer at dei skal leika litt lenger oppe i hagen. eg har sett at andre jaktøkter har enda brått fordi mysene har falle ned gjennom gjerdet, så dette er nok eit trekk for å unngå at slikt gjentek seg.

tidlegare har eg teke føre meg at det ser ut til å vera eit klårt samband mellom etternamnet mitt, og trongen eg har til å laga haugar kringom i huset. her hin dagen fann eg ut at eg ikkje kjem meg unna førenamnet heller. litt bakgrunnskunne om den lokale bruken av ordet kvervel trengst for å forstå denne samanhengen:

kvervel vert her i heimen nytta om sjelelege plager, såkalla hugilt. reven definerer det som ein innvertes turbulens. eg trur fleire kan kjenna seg att i at slike plager ofte kjennest ut som noko som rører seg på innsida, gjerne i kvervlar, driv på, snur seg og gneg. ein kan få, ha og verta kvitt kvervelen, ofte kjem han utan grunn, og det treng heller ikkje vera nokon særskilt grunn til at han fer att. kvervlane til nettnerden har det likevel med å koma til nokså faste tider, der dei mest grunnlause (men ofte stridaste) kvervlane kjem i dagane før menstruasjon. elles er det nesten fast kvervel på sundagar, også nokså grunnlaus, men truleg knytt til at det er slutt på den tida ein kan rå over heilt sjølv (fredag ettermiddag til måndag morgon).

eg har til no levd i trua om at kvervlane råkar alle like hardt, men eit oppslag i Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen syner at eg kan henda er hakket meir disponert for å få dei enn andre. kvervlane heiter nemleg det same som eg:

idakvervel

til reven, som er på austlandet og sikkert saknar fjordutsynet. det fyrste biletet har reven teke sjølv. det førestiller ein slepebåt som trekkjer med seg noko rotete med langt slep, eit klassisk fjordtog, med andre ord:

toj1

dette kom forbi i går. det er nok også eit tog, sjølv om eg er usikker på om begge dei to bakerste er på slep. det såg slik ut, for avstand og fart var lik heile tida. fireledda tog er rekord til no!

toj2

nyhetsmåren er eit morgonaktivt dyr, og ein reknar med at han har solid utbreiing i heile Noreg frå 06:33 fram til dagsnytt klokka 9. bestanden ser ut til å variera til ein viss grad i takt med svingingane i DAB-nettet. nyhetsmåren er kvalitativt svært god, og kan vera spanande å fylgja med på det fyrste kvarteret. deretter kjem han fort inn i eit særs gjentakande mønster. han har få naturlege fiendar, men det er venta at kutt i lisenspengane vil svekkja livsvilkåra monaleg.

ei slags kjelde: store norske leksikon