ein post om skuledagen igår, 19/8 som baud på fyrste time i HUIN 102.
 
me diskuterte IKT og læring, og freista å samanfatta nokre definisjonar på desse omgrepa. eg veit ikkje om me kom heilt i mål, men litt klarare vart det:
 
IKT- informasjons-og kommunikasjonsteknologi, kva er det? dei fleste var samde om at IKT var verkty nytta til kommunikasjon. det store fleirtal kopla det umiddelbart opp til datateknologi, men alt etter kva definisjon ein vel å nytta kan det visst dreia seg om alt frå røyksignal til e-post. eg vel inntil vidare å snevra inn, og forstå det som all kommunikasjon som skjer i samband med datamaskin, anten informasjonen tyt ut i form av ark eller vert verande på dataen. litt godt å få bekrefta at dette snevre fokuset gjekk att i ein av dei definisjonane me vart presenterte for. 

kva er læring? ut frå dette spørsmålet oppstod det ein engasjert diskusjon omkring omgrepa læring og tileigning. der andre språk skil skarpt mellom desse to omgrepa, vert dei på norsk forstått som definisjonar av kvarandre. forvirrande, men språknerden i meg fann det særs tilfredsstillande! eg trur me vart oppmoda til å forstå det slik at læring er vegen fram til tileigning. læring er ein prosess, det er det ein driv med når ein vil tileigna seg ny kunnskap eller nye ferdighetar. tileigning er det ein vil oppnå gjennom prosessen, men ein er ikkje garantert at tileigninga faktisk finn stad.

eg trur kanskje det vart ekstra forvirrande sidan me samstundes diskuterte spørsmål som “korleis lærer me” og omgrep som “læringsteoriar” – burde me kanskje heller snakka om tileigning her òg då, sidan det er det trass alt overordna målet? vert ein læringsteori ein tileigningsteori dersom den verkar?

…eg kunne halde på i timar. eit godt, så vel som noko urovekkjande teikn. eg set strek her