idag starta me dagen med å skildra objekt (vatnflaske og iskaffikartong) og freista å framstilla denne skildringa grafisk. me såg (tileigna me oss den kunnskapen) at

a) sjølv enkle gjenstandar er vert vanskelege å skildra når dette skal gjerast grafisk og systematisk

b) korleis ein skildrar ein gjenstand kan vera kulturelt betinga. t.d. er det vestleg typisk å fokusera på substansen til eit objekt når ein skildrar det (formen på flaska, stoffet den er laga av, storleik) medan folk frå andre kulturar kan ha fokus på funksjonen (innhaldet i flaska, at den brukast til å drikke av). løye!

skildringsoppgåva vart truleg gjeven for at me forsiktig skulle bli kjende med det store omgrepet semantikk, som er sentralt i faget. semantikk – tydingslære – kjende eg som omgrep til frå lexikografi-faget ifjor. det går ut på å forstå ordet si rette meining ut frå kontekst og slikt. i år skal omgrepet overførast til kommunikasjon på veven. eg trur ein del av det me skal læra er å handtera – og unngå – problem som kan oppstå på nettet fordi omgrep ikkje er eintydige.

det var ein del. dei andre delane lurar førebels i den lett kaotiske engelskspråklege pensumlista, og den skal eg gå til åtak på imorgon!