me hadde om klassifisering i huin idag. det byrja med ordet domene som ein kan forklara som eigendom, eller ei samling av noko. førelesar samanlikna det med ein slags leir eller ei innhegning. alt inne i innhegninga høyrde til domenet. dette som er inni, som utgjer domenet, kallast entitetar. når me klassifiserar verda vår inn i slike domene, er det ikkje alltid våre domene samsvarar med andre sine. til dømes kan ein “sortera” tre inn i ei innhegning som heiter natur medan ein annan heller vil ha tre inn i ei innhegning som heiter materiale. det eksempelet fann eg på sjølv ut frå eiga forståing av stoffet, det er ikkje sikkert at det er aldeles rett.

eit domene kan vera ope og lukka. ein kan jo sjå føre seg at innhegninga har ei grind som kan opnast, slik at det som er inni kjem seg ut, og nye entitetar slepp inn (eg tenkjer mest på smale, eg lyt snart finna på ei ny samanlikning).

me lagde ei framstilling der me delte domenet menneskeheten inn i subklassar (underklassar). i mennskeheten høyrer homo sapiens til, som vert delt i underklassane kvinner og menn. det var jo ikkje så vanskeleg, men så vart me introduserte for instansane. ein instans er, som det heiter på fagspråket, ei realisering eller konkretisering av ei abstrakt klasse. ein instans kan til dømes vera den reelle personen meg – som ei konkretisering av klassa kvinne.

mellom instansane kan det vera relasjonar. relasjonane har ei viss retning, ein direksjon, og kan vera eindireksjonale eller bidireksjonale. det trur eg ikkje eg skal forklara for mykje, men det er på ein måte slik at dei er det ein eindireksjonal relasjon, så er det berre den eine instansen som er “med på det” eller aktiv, medan båe instansar deltek i ein bidireksjonal relasjon.

det lærte eg idag.