grunna FELESPELING OG FOLKEVISESONG på biblioteket idag, laut eg ty til lesesalen. for fyrste gong! nokon vil vel meina det er på høg tid når eg no er student på femte semesteret. fyrst fann eg han ikkje. skiltinga er vel nokre tiår, og dei attraktive lesesalane (germanistisk t.d.) har blitt pc-stover med åra. dessutan var det frykteleg myrkt i trappa! mest som det ikkje var meininga at folk skulle ferdast der. her er eit bilete eg kneppte på veg opp – “betre bilete”-versjonen, rett nok, på fyrste biletet var det berre den runde lampa som syntest:

nett som i ein hannibal-film! men inne på lesesalen var det noko ljosare. og lampen over pulten verka!