idag byrja me med tekstkoding, og fekk innføring i alle tekstkodingsverkty si gamle* mor – SGML! den er som tidlegare nemnd ein formell metagrammatikk, som gjev reglar for korleis andre tekstkodingsverkty skal laga sine reglar. tekstkoding er slikt ein nyttar for å få til fancy ting med teksten som kursiv og store bokstavar og slikt – samt til å få forskjellige lesarar** til å lesa teksten likt. det siste er nok viktigast. ein koda tekst har mange mogelegheitar – dersom ein koda tekst ligg føre, kan ein gå inn i regelverket for kodinga og overstyra mykje av korleis teksten skal oppføra seg i høve til struktur og utsjånad. for eksempel kan ein ha lyst til å finna alle substantiv i teksten, og om teksten då er tilstrekkeleg koda (no er eg noko framfor undervisninga, dette stod i pensumteksten) kan ein ved hjelp av koderegelverket få teksten til å trykkja alle substantiv med grøn farge eller liknande.

*ho er vel omlag på alder med meg, trur eg.

**her er snakk om data-lesarar, og ikkje menneske som sit og les.