igår gjekk det mest i avleggjarane til SGML – nemleg HTML og XML. men fyrst oppsummerte me SGML, så det vart litt klårare:

– me standariserar for å letta gjenbruk av tekstar og programvare.

– SGML er eit sett av reglar for formulering av reglar for dokumentstruktur, ein standard for tekstkoding. den fastset ikkje kva teikn ein skal nytta i kodinga, men korleis kodinga skal strukturerast.

– eit SGML-dokument er bygd opp av tre delar: 1) SGML Declaration er det overordna “lovverket” , som til dømes avgjer kva for teiknsett ein får nytta i kodinga (men ein kan endre dei sjølv ved å gå inn i deklarasjonen, såvidt eg har forstått) og kor mange teikn som er lov i teiknstrengane som ligg til grunn for alle teikn ein ser i ein elektronisk tekst. 2) DTD – her vert det bestemt kva for element som kan finnast i eit dokument av ein spesiell type, og rekkjefylgja deira. 3) Document Instance er det me kjenner att som eit tekstdokument, sjølve teksten slik han ser ut når me skriv han i programmet.
………….no har tekstkodinga faktisk gått i stå for denne posten, og skrifta vil berre vera kursiv. det vil ikkje eg ha noko av, så eg fortset i ein annan post. truleg imorgon. det var jo litt pinsamt.