her er resultatet. eller heimeleksa om du vil. sidan me ikkje nyttar kark i dette faget vel eg å hengja meg i gapestokken på eiga hand ved å blogga det eg har gjort. gildt å høyra om nokon andre har skapt noko liknande!

Pizza-ontologi

 

Klasser:

 

C_Pizza

 

C_Botn

 

C_Fyll (det som me kalla C_Topp i undervisninga)

 

C_Ingrediensar

                        Subklasser, døme:

                        C_Kjøt

                                    Subklasser:

                                    C_Skinke

                                    C_Kjøtdeig

                        C_Grønsaker

                                    Subklasser:

                                    C_Tomat

                                    C_Paprika

                        C_Sopp

                                    Subklasser:

                                    C_Sjampinjong

                        C_Frukt

                                   Subklasse:

                                    C_Ananas

                        C_Saus

                                   Subklasse:

                                   C_Tomatsaus

                                   C_Basilikumpesto

                        C_Ost

                                   Subklasser:

                                   C_Parmesan

                                   C_DollysOsteblanding

                                   C_Fetaost

 

Eigenskapar:

 

P_Storleik [stor | liten]

P_Form [firkanta | rund]

P_Pris [<150 | >150]

 

Instansar:

 

I_Nr1No 1

I_Nr2Margeritha

I_Nr3Kos

I_Nr4Woodstock

I_Nr5DollygoesonHolyday

 

Kodar:

 

C_Botn is Part Of C_Pizza

P_Form is a Property of C_Botn

C_Fyll is Part Of C_Pizza

P_Price ist Part Of C_Pizza

C_Ingrediensar is Part Of C_Fyll

I_ I_Nr5DollygoesonHolyday is A Pizza

 

Eksempel på skildring/koding av ein instans:

 

I_Nr3Kos is A Pizza is A C_Botn[rund], C_Fyll [C_ Plommetomat, C_Raudlauk, C_SvartOliven, C_Fetaost, C_OvnsbaktSjampinjong, C_Basilikumpesto] has A P_Price [<170kr | >170kr]

 

 

i undervisninga gjekk det i så mangt. i koding salar ein aldri same dagen ein rir. nokon langtur har me nok neppe framføre oss, så lite framgang som me har med salinga. men det er jo vanskeleg, hesten bles seg opp og sånn, og så går salen rundt når ein fyrst hiv seg oppå. har eg høyrt då. so det er godt med skapleg innføring før det ber til.

(for dei som kjenner bloggforfattaren er det no truleg at tankane vandrar til ‘hestasongen’. det er naturleg. det gjer mine, og avogtil i timane òg.)

 

utanom rideskulen fekk me tid til dette:

 

ei hyperlenkje er ein peikar eller ein forflyttningsmogelegheit – frå ein stad til ein annan

lenkjene knyter element på nettet til kvarandre. å flytta seg mellom lenkjene er ein menneskeleg handling, sidan ein vel når ein vil fylgja ei lenkje. ingenting i hyperlenkja veit kvifor elementa er kopla saman – det er den ibuande tydinga til elementa som knyter dei til kvarandre.

 

me har tileigna oss den kunnskapen at nettet ikkje er så intelligent – difor har me søkjarar utvikla søkjestrategiar som høver.

 

metadata [“meta” = “over” på gresk] er altså overdata, som styrer litt over tekstdokument på nettet, ved å skipa koplingar med annotasjonane [notatføringane – til dømes XML-koding] som ligg i tekstane. noko slikt. heilt lett var det ikkje. metadata er ei slags tolkning, ei løysing som konkurrerar med andre løysingar. her er ein slags definisjon eg har notert i timen: metadata: nytta til ein identifisert ressurs, kan ha tyding uavhengig av kva det peikar på, er underlagt enkelte konvensjonar og arkitektur. 

eit metasystem er ein ontologi, eit emnekart med trestruktur. slike system les dokumenta, og ein opererar ut frå ulike metasystem.

 

 

annotasjonen er oftast inne i ressursen (teksten).

 

ontologiar er metadatasystem som uttrykkjer domener. dei skal skildra domenet på best mogeleg måte.

livssyklusproblemstillinga er sentral i høve til ontologiar. dei har begrensa levetid, og må oppdaterast jamnleg. ein ontologi er (no kjem metaforane) eit surfebrett, ei kognitiv trampoline for brukarane.

ontologiar arbeidar gjennom deklarativ kunnskap [deklarativ – utseier sanningar om verda]

 

medan induktiv er å gå inn i verda som ein makk og samla informasjon om verda på eiga hand, og freista å danna strukturar ut frå det ein finn.

ein DRAUM innanføre dette miljøet me befinn oss i er å skapa strukturar på induktivt grunnlag som formidlar deduktiv kunnskap.

 

 

 

det var alt for i kveld, fintfolk!