idag gjer eg stas på holemaskina, her synt saman med innslag av pensum og pynt. det har vore ein travel haust for holemaskina når godt over halve pensum ligg på nett og (for oss som ikkje les slikt på skjermen) lyt ut or dataen og inn i perm. dette har gått aldeles fint så langt. firfislepynten har vore på sidan dag ein, og holemaskina vil aldri vera den same utan.

på biletet: holemaskin frå studia, pynt – frå syden, fengje av ho mor/familien, og siste kapittel i tekstkoding