fyrste time i nytt emne idag – og me snakka om blogging.

 

ein blogg er ein interaktiv logg på internett (jamfør web log/weblog på engelsk). bloggen interaktiv er han fordi den opnar for at andre kan kommentera det som vert skrive. det skrivne ligg føre i postar, der den nyaste er det som møter ein fyrst når ein går inn på bloggen. postane har, vart det sagt, si eige adresse, og det kan forsåvidt stemma når eg tenkjer på eigne erfaringar. i ein blogg finn ein lenkjer til andre bloggar og nettsider, postar, bilete o.l., samt bloggen sitt kjenneteikn – kommentarfeltet. det er i hovudsak dette som skil bloggen frå andre typar nettsider, og det er særskilt her bloggen syner sitt interaktive aspekt.

 

bloggen si utvikling

det vart lagt fram ei tese om at bloggen sprang ut frå personlege nettsider – eit nittitalsfenomen som aldri tok av i same skala som den blogginga me ser i dag. me fekk ikkje heilt stadfesta denne tesa, men den høyrest fornuftig ut. det er lettare å sysla med ein blogg enn nettside – bloggen er meir tilrettelagt, medan ein på nettsida må administrera alt (trur eg). bloggen har gjerne ferdige oppsett* og funksjonar, så brukaren kan hive seg i gang med skrivinga. heilt i starten måtte ein kunna nytta HTML for å laga seg nettsider, så det var for dei teknisk gåverike, og dei fyrste nettsidene/bloggane var langt meir seriøse enn mange av dei me ser idag. det gjekk gjerne i kritisk vurdering av nyhende og slikt. notida sin blogg er meir privat. nettside- og bloggsysling tok aldeles av då ein på slutten av nittitalet ikkje lenger trong å kunna handtera HTML for å driva med slikt.

 

* her kan ein til dømes jamføra den tåpelege bruken av store bokstavar for kvart einskilde ord i post-titlane mine. det er bloggoppsettet si skuld, og eg er ikkje teknisk gåverik nok til å endra på det.

 

blogg og læring

korleis kan ein nytta blogg i læring? jau, ein fellesblogg kan fungera som ein stad der studentane oppdaterer seg på kva som skjer i faget. den einskilde student sin blogg kan vera eit rom for refleksjon over faget. slik refleksjon er ein måte å utvikla sine metakognitive evner på. eg fekk ikkje tak i kva metakognitive evner er, fordi eg lenge trudde det var det same som elevautonomi – (noko slikt som) innsikta til eleven om korleis ho eller han best tileignar seg kunnskap, gjennom kva for ein metode til dømes. men sidan det er to omgrep er det sikkert ikkje det same. 

bloggen er òg eit rom for å dela kunnskap med andre, såkalla kollaborativ læring.

 

om nerdebloggen:

i læringssamanheng er nerdebloggen min truleg ein reidskap for å reflektera over undervisninga. i alle fall arbeidar eg meg gjennom notatane mine ei gong til, og eg merkar at kunnskapen sit betre etter eg har skrive om det. då eg ikkje har blogga stort om tekstkoding, kjem det av at dette emnet var såpass klart og konkret at det ikkje trong mykje refleksjon. i tillegg gav eg meg sjølv den utfordringa å skriva så god nynorsk som råd. fyrste mål: konsekvent bruk av a-infinitiv. dette er mykje vanskelegare enn ein skulle tru – og litt småpinleg sidan eg røynleg snakkar med a-infinitiv. kva hende? 

 

litt ymse:

det er typisk at ein bloggar etter kvart (og kanskje allereie frå starten av) vender seg mot ei målgruppe ho/han vil gjera til lags. bloggaren vil difor reflektera over om innlegga samsvarar med det målgruppa vil lika å lesa om. mange bloggarar vert drivne av ynskjet om å ein dag skriva “den perfekte post”, og gjennom kommentarane frå andre ser bloggarane om dei kjem nærare dette målet med tida.

 

på fransk har dei forresten to ord for blogginnlegg/post (sjå der ja, to ord på norsk òg) etter lengda på innlegget. eit kort innlegg (liten kommentar) heiter billet og eit langt heiter article. dette er nok ein article.