tysdag lærte me om wiki-konseptet:

 

Wiki er ei nettbasert programvare som let alle brukarar av ei nettside endra innhaldet på sida. Endringane, som trår i kraft med ei gong, vert utført ved at sida redigerast i ein nettlesar. Dette gjer Wiki til ein enkel og brukarvennleg plattform for samarbeid med tekstar og hypertekstar.

 

me arbeidde litt med å oppdatera vår eigen wiki, som tidlegare huin-studentar har starta opp. her er den: http://iktoglaering.pbwiki.com/. isaksen, mjøs og haugum står bakom den norske versjonen av wiki-definisjon og historikk. (- der underteikna diverre allereie har funne ei skrivefeil. ho har òg gløymt passordet til wikien og er såleis ikkje i stand til å endra på dette i skrivande stund.)

 

wiki er ein slik ting på nettet eg truleg er disponert for å vera skeptisk til. og det er eg. mest av di eg tykkjer det er omstendeleg å logga seg inn på ei side for å fylla den med faktaopplysningar eg helst vil at allereie skal finnast på nettet – og som sikkert gjer det òg. i tillegg kan ein ikkje vera viss på at personen som har lagt ut opplysningane har peiling; at det er litt omstendeleg tyder ikkje at det av den grunn er særskilt vanskeleg. i teorien kan ein kva som helst tosk med grunnleggjande nettkompetanse finna på at han vil skriva litt på ei faktaside. det er difor viktig å halda seg kritisk i høve wiki-informasjonen, kanskje i enno større grad enn i høve anna informasjon på internett. då vil eg heller nytta den andre informasjonen, der eg kan spora kjeldene og kontrollera truverdet.