torsdag, førre veke.

oppgåva: lag ein studentwiki for universitetet i bergen. idéen skal presenterast for universitetet, og grunngjevast ut frå pensumtekstar. me skal ta stilling til utforming og innhald av wikien.

 

me gjekk i gang, og då me ikkje var godt kjende i fagstoffet enno, var det mest fruktbart å dela gruppa i to, der ein halvdel arbeidde med utforming og innhald, og den andre med å finna relatert stoff i pensumtekstane. begge gruppene kom frykteleg langt i prosessen, men likevel ikkje heilt i mål. som representant frå pensumtekstgruppa vil eg framleggja fylgjande argument for å etablera ein wiki:

 

“i dei flest situasjobnar skjer tileigning, berarbeiding og utveksling av kunnskap innanføre ei sosiokulturell råme, og er gjenstand for individuelle og kollektive transaksjonar” (Daniel Apollon)

 

sett i kombinasjon med

 

“wiki er ein plattform for samarbeid med tekstar og hypertekstar som er lett å bruka”.  (The Wiki Concept)

imorgon skal me kryssa målstreken. det vil seia, resten av laget skal, for eg reknar med planlagt fråvære grunna praksis i det andre faget. eg har god tru på dei andre, og vonar dei bloggar ekstremt aktivt etter timen så eg får med meg kva dei har gjort, gjer og skal gjera. særskilt skal gjera. dette var ei kraftig oppmoding, og de skal kjenna dykk råka, samt inspirerte til djupgåande fagblogging. nett no er undervisninga sterkt prega av fråvære av lærar. han ligg såleis godt an til 100% fråvære dette semesteret, då han berre skal ha desse to timane idag. frekt og fint!