etter at eg brukte halve matbudsjettet mitt denne månaden på ei utruleg nerdete ordbok (“med andre ord” – den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk – det heitaste innan norske ordbøker. iallefall for oss – språknerdminoriteten – som likar slikt) kjenner eg ein trong til å bruka verket litt aktivt. trongen er kan henda litt styrkt av dårleg samvit etter å ikkje ha gått på skulen idag. det er tid for nerding.

før eg held fram trur eg det er naudsynt å nemna at skrivevindauga mitt har hengt seg opp i HTML-framsyning. vonar det ser bra ut i publisert utgåve, når det tid kjem. nett no ser det mest ut som noko frå tidlegare pensumtekstar. greitt nok, eigentleg. eg forstår jo kva desse taggane tyder og gode greier!

då held eg fram. faktisk fekk eg nytta ordboksmursteinen min tidlegare idag, då live lurte på korleis eg ville ha omsett det bokmålske ordet “væren” (frå verbet “å være”, altså. så treng de ikkje spekulera i hannsau). boka har følgjande framlegg til omsetjingar: det å vera; liv; til\vere; eksistens; entitet. boka har òg slege til med ein valdsamt mange omsetjingar av uttrykket “et væren eller ikke væren“, her er dei eg tykkjer er best: ein føresetnad for å overleva/ein skiljeveg i livet/eit avgjerande vilkår.

personleg har ordet “imidlertid” vore eit irritasjonsmoment i lange tider. eit veldig fint ord som komprimerar mykje innhald inni seg, men som ikkje er lov på nynorsk. det som derimot er lov, er desse: likevel, i alle fall (iallfall), i alle høve, i mellomtida, like fullt, trass i dette; derimot, tvert imot; (i omskr.:) korleis det no har seg, når dette er sagt, på den andre sida, same kva dei andre seier (gjer)//saken bør imidlertid få hvile“: saka bør førebels utsetjast.

åh. fantastisk!

eg kjem til å dela fleire ord med dykk anten det er ønskjeleg eller ikkje. kom endeleg med problemord om de har! (eg gissar at problemorda melder seg med full styrke til våren når alle spinfane* skal ta nordisk.)

*me som går på bachelor i språk og informasjon. sjå der, no veit de kva eg studerar òg.