då var eg igjennom den eine teksten eg fann i samband med semesteroppgåva. den eg nemnde igår, og som stort sett forsvarte påstanden om at OOXML syg. det inntrykket sit eg framleis att med.

det skal seiast at denne teksten er på engelsk og handlar om det eg i kvardagen omtalar som “data-ting”. det er ikkje alt som går inn, berre når eg kjem borti eit kjent omgrep heng med. til dømes tagging, i den tydinga me nyttar i tekstkoding. dette kjem eg attende til.

det fyrste problemet eg møter på er at eg kjenner at eg ikkje har det heilt på det reine kva ein office document format standard (engelskmenn kan dette med orddeling) er. og det er litt synd, då det er det det går i. slik eg forstår det er det dokumentstandardar som helst skal nyttast av alle verksemder i verda, slik at utveksling av dokument mellom alt og alle kan gå problemlaust føre seg. dersom alle nyttar same standard slepp ein problem som at tillegg og funksjonar i dokumenta ikkje verkar og slikt.

ODF og OOXML er to konkurrerande standardar, med kvar sin filosofi bak seg. ODF vart utarbeidd med sikte på å sikra interoperabilitet (den utvekslinga av dokument o.l. eg nemnde over). standarden vart laga over lang tid, der den vart vurdert, testa og forbetra for å kunne fungera optimalt på alle operativsystem (usikker på terminologien her, men trur det er rett) verksemder måtte finna på å nytta.

OOXML er designa ut frå operativsystemet Microsoft, og byggjer på Microsoft sine eigne produkt. den vart ikkje evaluert og testa ut på same måte som ODF, og slit i møte med andre operativsystem.

ODF, OOXML og XML. XML er ein tekstkodestandard som tek sikte på å vera så klår som råd, og der ein ikkje kan finna på dei same sprell som i HTML. både ODF og OOXML nyttar XML, men medan ODF satsar på heile og tydingsklåre ord i tag-navna sine, forkortar OOXML tag-navna. ofte er dei berre ein bokstav eller ei talrekkje som ein lyt kjenna tydinga til på førehand skal ein forstå kva kodinga tyder. dette kjem av OOXML si vegring for store filar. kodinga gjort i ODF er lettare å forstå, då denne kodinga er gjort med ord som faktisk gjev meining. dessutan meiner eg tydeleg at ein ikkje skal forkorta tag-navn i XML. kanskje eg tek feil. om ikkje har OOXML brote ein grunnleggjande regel.

dette var veldig tørt og keisamt, men eg kjem sikkert attende til det seinare òg. det er trass alt ikkje berre på tekskodedelen OOXML ser ut til å slita.

til slutt skal det vera sagt at ODF kan representera Microsoft Office sine dokument, medan OOXML ikkje kan representera Open Office-dokument. synd for den.