for ordens skuld, eg likar alle språk, etter kvart til og med fransk (som eg tok på vidaregåande til dels for å arbeida med mi eiga skeptiske innstilling til det, dels fordi det ikkje var fleire andre språk igjen å læra). men nett i dag ( – i to ord, ikkje eitt – ) likar eg best å lika nynorsk. og det er faktisk eit språk, eg fekk iallefall tilsnakk på førre mållagstilstelling for å nytta ordet målform.

eg er av dei u/heldige som har teke nynorsken for gjeven heile livet og såleis ikkje reflektert så mykje over kvifor eg skriv som eg skriv. det er no det me gjer på voss. eg vart fyrst medviten nynorskbruken min då eg skulle ta exphil og eg kjende det var uaktuelt å byta språk berre fordi det vart vanskelegare å skriva oppgåver sidan alle pensumtekstar ligg føre på bokmål.

eg vil ikkje snakka om identitet og slikt, for det er keisamt. eg vil snakka om orda, for etter å ha vore språknerd heile to år på universitetet har eg lært meg at ord har innhald. dette har eg sjølvsagt visst lenge, men eg har ikkje tenkt særleg over det før heilt nyleg (eg trur eg byrja i haust). ein dag fekk eg nemleg ei openberring i høve ordet tilrå(de).  – eg vel no å sjå vekk ifrå kor urovekkjande det er at eg går i kring i kvardagen og tenkjer på slikt – . tilrå har synonymet anbefala. det som slo meg var at det låg så mykje meir meiningsfullt innhald i ordet tilrå samanlikna med ordet anbefala. her er ei lita framstilling som (diverre?) kanskje kan mana fram bilete av syntaktiske tre på netthinna:

tilrå = til + rå / det ligg ei handling i ordet som går på at nokon blir rådd til (å gjera ) noko. tydeleg og greitt.

anbefala = an + befala (el. an + be + fala? trur ikkje det.) / me veit jo kva befala tyder, men an? kva fanden er an-? ja, det er eit prefix, men det er då heilt innhaldslaust? å befala er elles mindre hyggjeleg enn tilrå. vert ein befalt noko har ein ikkje noko val, men heile poenget med ei anbefaling er jo at ein bør fylgja den men at ein og kan velja å lata vera. (det er sikkert her an- kjem inn i biletet, og mjuker opp litt. kanskje.)

dette er eigentleg eit elendig døme på kvifor eg likar nynorsk så godt, sidan båe ord er lov å skriva på både nynorsk og bokmål. (det hadde de ikkje trudd!) det er no likevel ikkje påfallande ofte at tilrå vert brukt i nokon av språka, og det er jo litt rart når det er så klårt og greitt å forstå. eg har ein liten teori om at slike ord kanskje er enklare å læra seg for nye landsmenn sidan dei framstiller ei forståeleg handling utan bruk av tøysete prefix, men den teorien skal eg ikkje utdjupa no. kanskje aldri. istaden skal eg lika eit aldeles nynorsk ord, og sidan det er helg er det lov med eit klisjéord: kjærleik

– kunstpause –

 

no fortel bokmålsordlista på nett meg at dette er eit bokmålsord òg. det har eg eigentleg lite tru på, men det er greit. poenget alt eg meiner i høve orda kjærleik og synonymet kjærlighet (som ikkje er lov på nynorsk) kan kokast ned til at ein kjær leik er innhaldsmessig betre ein ein kjærlig het – då ingen veit kva ein –het er. utanom språknerdar som veit at det er eit suffix som er substantivskapande. kanskje ikkje nett det ein vil assosiera med kjærligheten elles. elles likar eg kjærleik godt av di det liknar på det svenske synonymet kärlek, og svensk er jo kanskje det finaste språket i verda. (ja, det er eit fullgodt argument) dessutan tykkjer eg det norske språket logisk sett bør likna meir på språket til eit land me grensar fysisk til, enn dansken på den andre sida av eit lite hav. (det er mogeleg at dansken vart omfavna for å markera sjølvstende frå sverige i dei dagar. eh. ja, for det gav jo meining!)

eg skal ikkje nerda meg meir om nynorsk no. no skal eg berre skriva nokre ord eg hadde på hjernen i dag tidleg. så langt har det altså gått, at ein vaknar med ord på hjernen. men dei var veldig fine, og gav meg heimlengt:

fivreld ( = sommarfugl) sjølv ville eg berre nytta dette om ein liten sommarfugl, eg veit ikkje heilt kvifor.
vevkone/kongro ( = edderkopp) eg skulle eigentleg berre finna ut om vevkone var lov å skriva. vevkjerring var lov, så då reknar eg med at vevkone går greit òg. men kongro, då! kor fantastisk er ikkje det ordet? eg hadde heilt gløymt at det fanst, men eg hugsar det stod i lærebøkene mine då eg var yngre.

no har eg nerda meg så mykje at eg mest vert uroleg for meg sjølv.

sjå kva eg fann då eg googla kongro: http://www.nhm.uio.no/entomologi/journals/insektnytt/1989/IN_14_02_1989.pdf