“Notepad,” tenkjer du, “er det noko verd å seia om notepad? har windows kome med nytt tilbehør som greier det kunststykke å vera meir nytteslaust enn notepad?”

eg veit noko om notepad. ( – noko dei fleste sikkert har visst i alle år – ) notepad kan noko. eg har teke til å nytta notepad dagleg. og det er ikkje for å vera snill, av rein medkjensle for denne vesle skriveblokka, nei notepad har ein fantastisk funksjon som har vore løynd for meg til heilt nyleg: notepad fjernar all formatering på innkopiert tekst!
adieu, alle misformaterte blogginnlegg*!

har ein ein fancy tekstbete ein fryktar kan koma til å ånsa seg kraftig ute i bloggen (eller på veven generelt) kan ein berre ta han innom notepaden på vegen, så vert han kjip, uformatert, enkel og uproblematisk å ha med å gjera. det einaste er at ein må laga alle dei stilige kursivane og uthevingane på nytt, då.

*eg brukte nett notepaden på det gallstygge innlegget frå førre huin-time. men så rauk eg på ein smell og gapa meg litt på slutten, og trykte på eit attraktivt symbol, så der er det tøysete skrift att.