wordpress er ein hyggjeleg blogg. den seier hyggjelege ting som “velkomen attende!” og “takk for sist!” når eg er innom. det gjer ikkje blogspot. i det siste har blogspot vore ei tøs og misformatert alle ane og eg sine freistnadar på å vera morosame (jfr: http://korrekturvin.blogspot.com) men nok om den. berre nemner sånn i forbifarten at me har vore inne på tanken å kopiera heile portvinskonseptet inn i ein annan blogg. i fall frøken blogspot vert meir samarbeidsviljug av å få vita det.

wordpress då, på andre sida! sjølv helst trasige meldingar om at eg ikkje har fengje nokon kommentarar greier wordpress å vri til noko positivt, eg har då trass alt ikkje fengje noko spam heller:

 

“You have no spam currently in the queue. Must be your lucky day. :)” 
 

 

eit smilefjes! nett høveleg useriøst programmert.

…om det då ikkje er ein utruleg snill måte å fortelja meg at denne bloggen ikkje held mål for spam ei gong.