eller eigenvurdering av rollespel i moo.

me diskuterte rollespelet i førre veke. då me leikte tysktime. gjennom å diskutera det fann me ut at me faktisk hadde fengje litt innsikt av opplevinga – det var ikkje berre for spaβ, me lærte faktisk noko òg!

 

lærarane

:hadde undervurdert elevane sin tyskkunnskap. dei var flinkare enn me trudde, og fekk ikkje høve til å nytta denne kunnskapen. det lyt likevel nemnast at me hadde fastsett at elevane var 13 år, og hadde dei faktisk vore det, ville nok nivået vore rett. i tillegg sleit lærarane med å motivera elevane då dei spurde etter grunnar for å læra tysk -oktoberfest og nært handelssamarbeid er (fyrste døme: vonleg!) ikkje ting fjortisar kan relatera til. motivasjonen lyt koma frå elevane sjølv. lærarane freista og med tvungen motivasjon, i den grad noko slikt finst:

Øystein says, “du sollst deutsch mögen, kjell/ du SKAL like tysk”

lærarkreftene var òg dårlege til å ta i mot innspel frå elevane. dei ville syngja, og tok det opp fleire gonger utan å verta høyrde. så trist! interaktiv song har eg tilgode å oppleva!
etter kvart som undervisninga sklei meir og meir ut byrja lærarane å senda folk på gangen, det me oppsummerte som virtuell fysisk avstraffing.

 

elevane

: varierte frå å sova i timen til å vera masete seriøse. dei var enkeltindivid, og vart etter kvart sikre i rolla dei hadde laga seg. likevel var det ganske påfallande at alle vart dregne med då kaoset og unntakstilstanden vart eit faktum. dei fleste gav seg over til fjas og tull utover i spelet.

 

das gabel

(eig. die): no, dette er interessant! opp til denne dag har Das_Feminine_Messer gått for å vera blandt dei minst seriøse elevane i rollespelet. me meinte ho berre kom med tullprat og vas, og stort sett gjekk det i setningar om tysk bestikk. særskilt gaflar. myriam utheva alle førekomstar av ordet “gabel” i samtalen, eit ord som vart overraskande mykje nytta utanføre sitt naturlege miljø på kjøkenet:

 

Das_Feminine_Messer says, “ich liebe das gabel und ich bin 13 jahre alt”

Das_Feminine_Messer says, “Du bist eine schnell gabel, Biffi =)=)=)=)”

Das_Feminine_Messer asks, “Wo ist das gabel?”

Gertrude says, “Das gabel ist in der Küche, Das_Feminine_Messer”

Das_Feminine_Messer says, “Nein, effi ist neine namen, das gabel”

Das_Feminine_Messer asks, “habe du eine gabel, lehrer?”

Das_Feminine_Messer says, “das gabel ist lost”

Gertrude says, “Ich gestohlen das gabel! MUHUHAHAHA!”


Det me tok for fjas og fakter, syner seg å vera læring på relativt høgt nivå, og med mykje kreativitet. das gabel har gått frå å berre vera nemninga på ein kjøkkenreidskap til å verta eit objekt som særskilt das_feminine_messer, men òg gertrude, kan byggja setningar rundt. ser ein heile samtalen, kan ein tydeleg sjå korleis das_feminine_messer observerar setningar andre skriv for så å produsera ein liknande setning sjølv med innslag av “gabel”:

 

Effi_Briest says, “Effi ist ein Namen!”

Tone says, “jeg tror jeg vet hva som er galt i denne “timen””

Gertrude says, “Ich bin das gold kind”

Wurstmann says, “Ich verstehe nicht Tone.”

Das_Feminine_Messer says, “Nein, effi ist neine namen, das gabel”


i tillegg utviklar gaffelen seg frå å vera eit abstrakt objekt som berre vert omtalt, til å verta noko fysisk som gertrude stel. jamfør oransje tekst over. gabel-innsikta var dagens store overrasking!