20:23 – rekorden frå måndag 20.oktober er no slått med 3 vitjingar. hurra!
(morgonen etter: rekorden slått med 21 vitjingar. grafen ser fantastisk ut)
 
og kvelden er enno ung. stor stas, og så på ein tysdag! (er det kanskje huin-folk som renner ned dørstokken i vente på ei oppsummering og vurdering av timen idag? det var kanskje ein litt stormanns(kvinne?)gal tanke.)

dette er mellom det statistikken har å seia til godt:

sitat

These posts on your blog got the most traffic.

Today

   

Title Views  
Gertrude says, “det var så skummelt att 4 More stats
bloggen og eg 2 More stats
prov 1 More stats

sitat slutt

og dette er eit mysterium for meg, korleis er desse postane eigentleg i stand til å få meir trafikk enn dei andre (unnateke “bloggen og eg” då, den må jo trykkjast på) – dei ligg jo ute i den same remsa med postar, på framsida til og med, det skal jo ein viss innsats til for å unngå dei. eg reknar med at statistikken berre tel når folk klikkar seg innpå. elles trur eg den mest besøkte (og såleis truleg best likte) posten nokonsinne er den om ordboka. førebels konklusjon: dei mest aktive i mitt publikum er like nerdete som eg. godt å vita!