idag: behov. bokmålsordet behov er dritirriterande, eg vil bruka det heile tida, men det er ikkje lov etter nynorskordlista (iallefall ikkje godt språk, det kan nok verta tolerert). det nynorske synonymet trong kan somregel nyttast i staden for behov, men då kjem eg støtt borti fleirtalsproblematikken: “å dekkja alle behov” = “å dekkja alle trongar? all trong?” tjaa… og her kan faktisk ikkje mi fantastiske synonymordbok hjelpa meg heller, sjølv om den hadde utruleg mange ord som kunne høva i eintal. det måtte omskriving til. setninga var ganske lauk frå byrjinga, så inga stor skade er skjedd:

JPEG er likevel ikkje perfekt på alle område, men skulle kunna koma kvardagsleg bilethandsamingsbruk i møte. “

det skal innvendast at eg berre kladdar no, faktisk er det mest oversetjing frå engelsk. merk at eg òg har snike meg rundt eit “dog” (=”likevel”) på vegen. språkleg skal denne oppgåva koma seg mykje med tida! det er kanskje noko verre med innhaldet. ingen vil gje meg innsyn i desse biletstandardane si utviklingssoge. so om nokon har greie på slikt, so er eg takksam for innspel. dette me lossy og lossless compression er òg helst vagt….nokon som veit? har ei kjensle av at lossless er det som vert omsett til tapsfri på norsk. ja, eg skjønar jo at lossy ikkje er kult, og at ein ikkje vil lagra bileta sine i eit slikt format. men kvifor det er keisamt, nei det..